Herold

Opna dørene til gamle-bakeriet for barnehagebarna: – Ein magisk dag

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Miriam Kårstad Lyssand, Espira Halsnøy Kloster barnehage Published: 2025-12-19 09:30:00

Opna dørene til gamle-bakeriet for barnehagebarna: – Ein magisk dag

Nyleg var det liv i dei gamle bakerilokala til Toftes bakeri på Sæbøvik. Barn i Espira Halsnøy Kloster barnehage fekk ein dag dei seint vil gløyma fylt med både julemagi, lokalhistorie og aktivitet.

I barnehagen vår har markeringa av julehøgtida ein naturleg plass i kultur-og tradisjonsformidlinga. Tysdag 16. desember fekk gruppe 1 på avdelinga Skulespira kjenna på ordentleg julemagi i gamle Toftes bakeri. Vi var nemleg så heldige å bli inviterte på baking av Louis Tofte Myhre (5) og farfar Jan Gunnar Tofte. Farfar er nemleg tidligare eigar og tredje generasjons bakar på gamle Toftes bakeri. Foreldra til Louis, Petter og Mildrid, stilte som bakeassistentar, og det same gjorde storebror Klaus.

Lukta av jul, eit julepynta lokale, julemusikk, lyden av små venner som fryda seg, smakte og gleda seg til jul gav oss alle ordentleg julestemning. Farfar Jan Gunnar viste, fortalde og bakte. Vi smakte og bakte enorme mengder med peparkaker og kakemenn! Til lunsj fekk vi servert rykande ferske bollar, og farmor Astrid serverte kakao. Barna blei imponerte over den store bakaromnen som kunne romma 700 brød, historiane frå bakeriet og den store kjevla til Jan Gunnar som var over 100 år gammal. Vi hadde dessutan julediskotek, leika tradisjonsleik og spelte innandørs fotball i det gamle bakeriet. Ingen ville heim då dagen var ferdig, og alle gjekk der ifrå med ordentleg julestemning i hjarta. Tusen takk til heile familien Myhre Tofte for ein utruleg fin og minnerik dag!

🏷️ Extracted Entities (11)

Jan Gunnar Tofte (person) Farfar Jan Gunnar (person) Louis Tofte Myhre (person) Astrid (entity) Espira Halsnøy Kloster (person) Klaus (entity) Mildrid (entity) Myhre Tofte (person) Petter (entity) Skulespira (entity) Sæbøvik (place)