Romjulsturneringa er tilbake, og i år har dei eit mål: – 40.000 kroner
Plus
Fjorårets arrangement blei ein suksess. I år har dei eit mål om å samle inn 40.000 kroner til Barnekreftforeininga i Vestland.
– I fjor blei det arrangert heilt på sparket, berre ei veke eller to før jul. Vi hadde aldri rekna med at det skulle bli ein sånn suksess på så kort tid.
Det seier medlem i Trimgruppa i Eikanger idrettslag og ein av dei sju pådrivarane bak «Romjulsturneringa i volleyball på Leknes», Olav Skår.
Og fjorårets romjulsturnering i volleyball blei nettopp det - ein suksess. I underkant av 100 deltakarar stilte til ein sportsleg venners-venner-fest i Storstova på Leknes. I alt var det 10 lag som stilte.
– Det har vore veldig mange som har spurt oss om vi ikkje skulle arrangere i år også. Det gjekk så bra i fjor at vi valde å prøve igjen i år. Men denne gongen byrja vi å planleggje allereie på hausten, seier Skår til NH.
– Vi har sjølv opplevd å ha eit barn med kreft
I år har Trimgruppa tatt sikte på å gjere noko meir med arrangementet. Dei hadde eit ønskje om å samle inn pengar til eit godt føremål.
Skår fremma forslaget om å støtte Barnekreftforeininga Vestland, og resten av gruppa var einige i at det var ein god ide.
– Vi har sjølv opplevd å ha eit barn med kreft. Dottera vår fekk det då ho var to og eit halvt. Dessutan så kjenner ein vi jo mange folk som også har hatt barn og unge som har fått ein kreftdiagnose. Vi ser tydeleg at det er mange som brenn for denne saka.
*– Har de sette dykk eit mål for innsamlinga i år? *
– Ja, vi håpar å samle inn 40.000 kroner til Barnekreftforeininga gjennom turneringa.
Så langt har innsamlingsaksjonen fått inn mellom 15.000 og 20.000 kroner.
Håpar auksjonen vil hjelpe
For å kome seg eit stykke mot målet om dei 40.000 kronene, har Trimgruppa fått tak ei Brann-drakt som har blitt signert av alle spelarane på laget.
Denne auksjonerer dei bort på Facebook-sida til Eikanger IL fram mot laurdag 27. desember, når volleyballturneringa skal haldast. Inntektene frå auksjonen skal også gå til Barnekreftforeininga Vestland.
– Vi henta den drakta på Brann Stadion for to veker sidan, fortel Skår, og held fram:
– Vi snakka med dei i Brann og spurde om vi kunne få ei drakt signert av heile laget om vi kjøpte ei. Takka vere Sportsklubben Brann og ein veldig sjenerøs og fantastisk hjelpsam bidragsytar i klubben som ønskte å forbli anonym, fekk vi det til. Vi er utruleg takksame for det!
Skår rettar ein særleg stor takk til kameraten Rune Ingebrigtsen som hjelpte med å få fatt i den signerte drakten.
I skrivande stund er det høgaste bodet på drakta 1.500 kroner.
God støtte frå næringslivet
Men det er ikkje berre Brann-drakta som skal drive inn pengar til innsamlinga.
Fleire lokale bedrifter har allereie støtta innsamlingsaksjonen til romjulsturneringa som Romarheim AS, Rema 1000 Ostereidet, Eikefet Minerals, Lerøy Bjørsvik og Plakatbar. Ein god del privatpersonar har også bidrege.
– I romjulsturneringa stiller spelarar i mange forskjellege aldrar: Alt frå åttandeklassingar og oppover. Det er faktisk utruleg mange flinke ungdommar som er med på arrangementet.
Under turneringa kjem det til å vere open kiosk, og Barnekreftforeininga møter opp på arrangementet.
– Det er veldig koseleg at dei kjem innom. Dei var kjempepositive!
*– Håpar de i Trimgruppa at romjulsturneringa i volleyball er kome for å bli? *
– Eg håpar at dette kan bli ein tradisjon i framtida, ja, der inntektene går til Barnekreftforeininga. Vi har vore innom på tanken.