Herold

Demokrati på speed og rulett med eige omdømme

Plus
Kilde: Hordaland Author: Øystein Silde Frønsdal Published: 2025-12-18 20:05:35
Demokrati på speed og rulett med eige omdømme

Om hastverket skuldast eit inderleg ønske om julefred, er det i beste fall naivt, skriv redaktør Øystein Silde Frønsdal.

Gløym Nissene i skjul, Rampenissen eller kva enn du underhaldar deg med i adventstida: Heradsstyremøte direkte frå Voss er langt meir underhaldande.

Eg slit enno med å forstå kva eg er vitne til. Torsdagens heradsstyremøte er så heseblesande at eg knapt får tilbake pusten.

På sakskartet torsdag stod i utgangspunktet éi sak. Møtet blei kalla inn til førre fredag, for seks dagar sidan, medan den mykje omtalte avtalen det skulle stemmast over blei lagt fram for heradsstyret måndag.

Anna Lussand Selheim (Sp) har fødselspermisjon ut året. Tysdag sa ho ifrå til ordføraren om at ho ville avbryte permisjonen for å delta i ekstramøtet sett opp lenge etter at ho sende inn søknaden om permisjon.

Når poden masar seg fram til den dyraste julegåva, bør han ikkje få det som han vil

– Det er lovleg, og det er opp til heradsstyret å bestemma, sa Kulild til Hordaland ved lunsjtider torsdag.

Tonen var ein heilt annan då møtet var sett få timar seinare: Rådmannen gjorde det klart at ho ikkje hadde retten til å tre inn att i vervet, og viste til eit rundskriv frå kommunaldepartementet og kontakt han hadde hatt med KS.

Debatten gjekk. Ein kvar som argumenterte for eller imot at representanten skulle få tre inn, eller heilt presist om saka i det heile kunne koma på sakslista, gjorde det i vissa om at ho kunne ha den avgjerande stemma. Selheim ville stemma imot avtalen, varaen for. Hadde ikkje stemma vore potensielt avgjerande, ville det ikkje ha tatt halvannan time å diskutera om dei skulle diskutera om ho fekk bli med eller ikkje.

Føreseielegheit var ironisk nok eit tungtvegande argument i ei sak der representantane får tre dagar på seg til å i praksis endra ein heil reguleringsplan.

Full forvirring kring spørsmålet om Anna kunne tre inn att i vervet

For all del, det kan godt henda det er heilt rett at Lussand Selheim ikkje fekk setja seg i møtet. Men når deltakinga til ei potensielt avgjerande stemme blir debattert i halvannan time, er det liten tvil om at det ikkje finst eit heilt klart svar. Berre dette vitnar om at saka burde ha blitt utsett.

Det mest oppsiktsvekkande i denne saka er nettopp det enorme hastverket. Det tok årevis å landa eit planvedtak. Så skal heile saka bli snudd opp ned gjennom eit ultimatum av ein avtale – på berre tre dagar. Altfor mykje er enno uklart.

Om hastverket skuldast eit inderleg ønske om julefred, er det i beste fall naivt.

«Ei minneleg ordning» – neppe. «Må ha ro» – det skjer ikkje. «Punktum for mange år med konflikt» – i beste fall eit komma skrive med ein inntørka penn.

Ordførar seier begge partar måtte gi og ta i forhandlingane, medan Bømoen AS seier dei ikkje er nøgde med avtalen, utan å villa seia kva dei ikkje er fornøgde med. Me har prøvd å få svar, men svara me fekk var alt anna enn utfyllande.

Kommunen lar seg skremma av søksmål og meiner risikoen med oreigning er for stor. Kommunen forpliktar seg, utan at ein veit konsekvensane verken økonomisk eller med tanke på samfunnsinteressene. Heradsstyret går altså heller inn for ein avtale dei enno ikkje veit om dei klarar å halda i eit vedtak dei enno ikkje er sikre på om er lovleg.

Eit fleirtal av politikarane seier i kveld at dei heller vil spela rulett med Voss herad sitt omdømme.

For når det er uklart i kva grad luftsportinteressene er sikra, er det nettopp det heradet gjer. Utan ekstremsporten er Voss, som ein i kommentarfelta så godt skildra det, redusert til ei nokså ordinær vestlandsbygd.

Eg har vanskeleg for å forstå korleis det raudgrøne samarbeidet kan halda fram. Det er heldigvis ikkje min jobb å finna ut av. Tre av ni partifeller har meldt seg ut, og for ordførar Tonje Såkvitne blir det ein heisen jobb å tetta sprekkene.

*Julefred *kan ho i alle fall sjå langt etter i denne saka.

For ordens skuld: Vedtak er enno ikkje fatta, men heradsstyret ser ut til å gå for den «minnelege ordninga».

Kjenner seg dolka i ryggen. – Melder meg ut

Går hardt ut mot både avtalen og ordføraren: – Ein reell omkamp

Ordføraren opnar opp om forhandlingane. – Me har skalla hovuda og drege i kvarandre

27 år gammal avtale fram i ljoset: Dette kan bruopprustinga kosta

🏷️ Extracted Entities (11)

Voss (entity) Anna (entity) Bømoen AS (organization) Ein (entity) Gløym Nissene (person) KS (entity) Kulild (entity) Lussand Selheim (person) Rampenissen (entity) Tonje Såkvitne (person) Øystein Silde Frønsdal (person)