Herold

Emil (10) fekk ei gåve til heile familien: – Kan redda liv 

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Wenche Schanke Eikum Published: 2025-12-18 19:28:58
Emil (10) fekk ei gåve til heile familien: – Kan redda liv 

Julekalenderen til Brannvesenet rundar 20 år i år.

– Det finst mange julekalendrar, men ingen er viktigare enn Brannvesenets julekalender, for den kan redde liv og verdiar, meiner Svein Ove Åmås.

Han er dagleg leiar i Årdal Tenk tryggleik og har mellom anna som oppgåve å pleia kontakten med skulane rundt om i regionen.

– Både 4. og 5.-klassingar på skulane i Årdal og Lærdal har hatt besøk av oss, der me har telt ut Brannvesenets julekalender. I tillegg har me besøkt 6. og 9. klasse og undervist i branntryggleikteori, noko me gjer kvart år i desember månad, fortel Åmås.

Brannvesenet har hatt sin eigen kalender i 20 år, den er nasjonal og digital og gjev alle deltakarane moglegheiter for å vinna fine premiar.

Heldig tiåring

I luke nummer 10 vart Emil Bjørgo Tufte i 5. klasse på Lærdalsøyri skule trekt ut som nasjonal vinnar, noko som førte til at dagleg leiar Åmås rykka ut og overrekte ein familiebillett til Atlanterhavsparken.

– Det vart også ein ekstra liten premie frå oss i brann og redning, fortel Åmås.

Temaet i luke nummer 10 var rømmingsvegar, og Emil hadde svara heilt korrekt på at alle rømmingsvegar må haldast ryddige og opne.

🏷️ Extracted Entities (7)

Svein Ove Åmås (person) Brannvesenet (entity) Emil Bjørgo Tufte (person) Årdal Tenk (person) Atlanterhavsparken (entity) Lærdal (place) Lærdalsøyri (entity)