Plutseleg skaut bilen fart av seg sjølv: – Hadde ikkje sjanse å stoppa
Plus
Fekk to skremmande opplevingar på same dag.
(Sogn Avis): – Det er andre gongen det skjer i dag, seier Jinett Sem-Johansen frå Årdal og ser med skrekk og gru på den eitt år gamle bilen som nettopp har dundra inn i eit gjerde i Røtisvegen i Øvre Årdal.
Ho kjøpte ein splitter ny heilelektrisk Volvo C40 i november i fjor. Sem-Johansen fortel at den har gått som ei kule sidan utan problem.
Heilt til tysdag 16. desember.
– Eg har hatt den i over eit år, så det er ikkje det at eg ikkje kjenner bilen, understrekar ho.
Ho har hatt førarkortet i mange titals år og aldri opplevd liknande.
– Dette er heilt uforklarleg, slår ho fast.
Skjedde to gonger
Sem-Johansen hadde time hjå tannlege i Lærdal tidleg på dag, og ana fred og ingen fare då ho parkerte bilen utanfor tannlegekontoret.
Plutseleg skaut Volvoen fart over ein støypekant og hamna på ein plen. Ho seier sjølv at ho ikkje rørte gasspedalen då det skjedde.
Den første gongen kom bilen frå det utan skader, noko ho også fekk konstatert då den var inne til sjekk hjå bilforhandlar i Sogndal seinare same dag. Etter å ha fått tips om at det kunne vera same biltype som har vore i liknande uhell fleire stader i landet, fann ho ut at det var best å få den undersøkt.
– Dei feilsøkte og fann ingen feil eller skader på understellet. Det vart også installert ny programvare, fortel ho.
Same bilmodell i liknande uhell
I september i fjor køyrde ein Volvo XC40, som er systermodellen til Volvo C40, gjennom ein vegg og ut frå fjerde etasje i parkeringshuset ved Sandvika Storsenter. Sjåføren omkom i ulukka.
Saka har vore mykje omtala i ettertid, då det kort tid etter ulukka vart kjend at bilmodellen vart kalla tilbake i 2022 for mogleg akselerasjonsfeil, ifølgje NRK. Årsaka skal ha vore at fukt kunne trengja inn i leidningsnettet og føra til uventa akselerasjon eller nedbremsing.
Same bilmodell som den som var involvert i ulukka i Sandvika, har også vore tema i eit søksmål mot Volvo i USA, skriv Motor.no. Bilmagasinet har omtala fleire tilfelle av liknande uhell med dei same bilmodellane, der sjåførar hevdar at bilen akselererer utan at dei rører gasspedalen.
Mellom anna har eit ektepar i Drammen opplevd at bilen deira, ein Volvo C40, skaut fart og hamna i ein hage.
Så skjer det igjen
Då Sem-Johansen fekk konstatert at alt såg ut til å vera OK med bilen, køyrde ho heim til Årdal i god tru. På veg heim stoppa ho i Røtisvegen for å levera noko til ei som bur der.
Bilen står i ro då det plutseleg skjer igjen. Også denne gongen meiner Sem-Johansen at ho ikkje har rørt verken gass eller brems, før Volvoen skyt fart og brasar gjennom eit gjerde ved eit nabohus på andre sida av gata.
– I det ho opnar døra for å ta imot det eg skulle levera, akselererer bilen og skyt av garde. Eg hadde ikkje rørt gasspedalen medan bildøra var open. Alt skjedde før eg fekk sukk for meg. Eg hadde ikkje sjanse å stoppa. Det var ein forferdeleg følelse, fortel Sem-Johansen.
– Hjula stod og spann sjølv etter smellen. Det er ikkje att piggar på piggdekka.
– Eg er i utgangspunktet skeptisk til å køyra i mørket, og var glad for at eg var kome meg til Årdal att. Så skjer dette. Noko er riv ruskande gale, seier ho.
Kom frå det utan fysiske skader
Fleire naboar såg det skje og strøymde til for å hjelpa. Sem-Johansen var i kontakt med både politi og helse. Ho kom frå det utan fysiske skader, og dei rykte difor ikkje ut.
Men bilen fekk materielle skader og vart frakta til verkstad med bergingsbil.
Sem-Johansen prisar seg lukkeleg for at det ikkje gjekk andre folk i vegen då bilen dundra av garde.
– Eg skvatt veldig og vil nok vera litt i sjokk ei stund. Det kunne gått skikkeleg gale, konstaterer ho.
Håpar det kan vera ein tankevekkjar
Dagen etter har ho snakka med forsikringsselskapet som har anbefalt ho å ta ein tur til lege for ein sjekk i tilfelle ho skulle oppleva plager i ettertid.
Ho har tenkt ein del på om det var noko ho gjorde feil eller kunne gjort annleis.
– Eg har grubla mykje på det, men eg klarar ikkje forklara det. Det var heilt surrealistisk, seier ho.
Ho har også vore i kontakt med Volvo.
– Dei verkar til å ta det veldig seriøst. Han eg snakka med var oppteken av korleis det går med meg. Han ville kontakta hovudkontoret og koma tilbake til meg, fortel ho.
– Eg er i utgangspunktet ikkje ute etter å kritisera nokon, men eg håpar at det kan vera ein tankevekkjar for fleire, særleg for Volvo. Eg har vore veldig fornøgd med bilen til no og opplevd den som trygg, men eg vil nok vera skeptisk til å setja meg inn i liknande bil no, seier ho.
📰 Same Event Coverage (1 articles)
These articles appear to cover the same news event, detected by different methods: