Herold

Tre bilar i krasj på E16

Plus
Kilde: Hordaland Author: Terje Hjartnes Published: 2025-12-18 12:49:33
Tre bilar i krasj på E16

Torsdag skjedde ei trafikkulukke med tre involverte bilar ved Tvinno.

Ulukka skjedde nord for Tvinnefossen.

Politiet melde om ulukka klokka 13.46. Det var tre bilar involverte.

– Det var tre personar involvert i ulukka. Ein i kvar bil. Alle var vakne og medvitne og kom fort ut av køyretøya, opplyste politiet sin operasjonsleiar Bjarte Rebnord

Kart: Her skjedde ulukka:

Påkøyrsle bakfrå

Klokka 14 opplyste Rebnord at det var snakk om ei påkøyrsle bakfrå. Det var ikkje meld om alvorleg personskade.

– Men det er store materielle skadar på eine bilen, medan dei to andre har komme betre frå det, seier Rebnord.

Han fortel at sivile dirigerte trafikken manuelt på staden før naudetatane kom fram, og at det var litt trafikale utfordringar på staden i tida etter ulukka.

Klokka 15 gjekk trafikken som normalt att på staden.

Politiet opprettar sak

Politiet sin innsatsleiar på staden, Jonas Mong, fortel at ulukka skjedde ved ei trafikkregulering.

– Tre køyretøy var involverte i samanstøyt i samband med trafikkreguleringa på staden. Alle bilane kom køyrande i nordgåande retning frå Voss. Per no er det ikke meldt om personskadar på dei involverte. Det er forholdsvis store materielle skadar på dei bakarste bilane, seier Mong.

Politiet opprettar sak og startar etterforsking.

🏷️ Extracted Entities (6)

Bjarte Rebnord (person) E16 (entity) Jonas Mong (person) Tvinnefossen (entity) Tvinno (entity) Voss (entity)