Herold

Det er berre Luster som går ut av Alarmsentralen frå nyttår, resten vert med vidare

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Petter Sortland, styreleiar Alarmsentralen IKS og Audun Mo, leiar representantskapet Alarmsentralen IKS Published: 2025-12-18 10:14:01
Det er berre Luster som går ut av Alarmsentralen frå nyttår, resten vert med vidare

Syner til artiklar på nett 16/12 og i papiravisa til Sogn Avis 18/12.

I samband med desse artiklane har styreleiar og leiar i Representantskapen i Alarmsentralen IKS trong for å kome med fakta kring Alarmsentralen sitt virke for våre 17 eigarkommunar.

I 2024 var det 6 kommunar i Sogn som melde at dei vurderte å forlate Alarmsentralen IKS. Selskapsavtalen er skrevet slik at dette må førehandsvarslast innan utgangen av året for at ein skal ha høve til å forlate sentralen 1 år seinare.

Av dei 6 sognekommunane som har meldt frå at dei vurderte å gå ut, er det Luster kommune som går ut ved årsskiftet.

Resterande kommunar er med vidare i 2026.

Pr. no har Aurland kommune meldt til Alarmsentralen at dei vurderer å trekkje seg ut av IKS samarbeidet.

Nok ein kommune melder seg ut av Alarmsentralen – blir opplevd som rigid

Fakta kring auka kostnad i 2024:

Årsak: Telenor avvikla mobilnettet som brukar 2G. Difor må alt elektronisk utstyr over på 4G. Dette råkar mange i Norge som har elektronisk overvaking.

For at kommunane skulle få likt og rett utstyr har Alarmsentralen på nytt investert i nye tryggleiksalarmar på vegner av sine eigarkommunar. Kommunane var med i denne prosessen der ein valde leverandør av utstyret.

Sentralen leverte ut og bytta alle tryggleiksalarmane (2400 stk.) i løpet av 2024–2025. Dette til ein kostnad på rundt 6 mill. med ei nedbetalings- og avskrivingstid på 5 år. Alarmsentralen IKS lånte pengar til denne investeringa på vegner av eigarkommunane. Ut over i økonomiplanperioden 2026–29 er våre estimat at årskontingenten for våre medlemskommunar vil gå ned i takt med at lånet vert nedbetalt.

Det er viktig at eigarkommunane er klar over alle dei tenestene dei får frå eigen sentral og ikkje berre ser på mottak og formidling av tryggleiksalarmar.

Her er ei oversikt som syner kva teneste Alarmsentralen leverer til sine eigarkommunar:

1: Tryggleiksalarmar kjøpt og levert til alle kommunane (investering knytt til desse er baka inn i årleg avgift for kommunane). Sjå vedlegg.

2: Mottak og formidling av alarmar frå velferdsteknologi.

3: Signalanlegg på institusjonar for fleire av kommunane (Alarmsentralen sin felles plattform i NetNordic omsorg).

4: Mottak av automatiske Brannalarmar frå både private næringsbygg og offentlege formålsbygg (ca. 1000 bygg).

5: Tekniske alarmar (ca. 4000 stk.).

6: Heisalarmar (ca. 500 og stigande).

7: Industrivern (6 store bedrifter i Sogn og Fj).

8: Mobilvarsling knytt mot heimetenesta i kommunane (alle kommunane).

9: Døgnbemanna sentral som yter hjelp og service til pårørande / heimesjukepleie og andre som er knytt til sentralen.

Dette syner at det er fleire avdelingar / tenesteområde i kommunane som får utført teneste frå sentralen på 24/7 basis.

I Sogn avis står det (sitat): «Selskapet vil gjerne selje utstyr, men har ei anna tilnærming ved reparasjon, rettleiing og implementering»?

Fakta: Alarmsentralen IKS sel ikkje noko utstyr. Det er private selskap som står for denne tenesta. Alarmsentralen IKS klargjer og leverer ut sjølve tryggleiksalarmen.

Kommunane har samla gjennom ei anbodsrunde valt å inngå ei rammeavtale med NetNordic Care når det gjeld kjøp av tryggleiksalarmar og digitale tilsyn som kan programmerast til desse, og dessutan anna avansert velferdsteknologi. Det er kommunane sjølve som kjøper som avgjer kva velferdsteknologi dei vil ta i bruk.

Alarmsentralen IKS er med som rådgjevar og bistår kommunane i prosessen med å ta dette i bruk.

🏷️ Extracted Entities (11)

Alarmsentralen IKS. Selskapsavtalen (organization) Luster (entity) Alarmsentralen IKS (organization) NetNordic Care (organization) Aurland (place) Brannalarmar (entity) Fj (entity) G. Dette (person) G. Difor (person) Norge (entity) Representantskapen (entity)