Fekk kransekakebit i førjulsgåve: – Samtidig er det lønsfest for dei på toppen
Plus
Det var godt meint, men kom feil ut.
– Ikkje alle som greier å ta det like humoristisk
Det var godt meint, men kom feil ut.
For nokre år sidan fekk dei tilsette i Helse Møre og Romsdal ei ullhue i julegåve. Same år fekk dei tilsette på St. Olavs hospital gåvekort på 1.000 kroner.
I år er det ingenting att av denne kortvarige gåvetradisjonen. I staden har leiinga i Helse Møre og Romsdal gitt ein liten gest i form av kake.
Det har likevel blitt oppfatta som julegåve, ifølgje fleire tilsette som Sunnmørsposten har snakka med.
– Seksjonar over ein viss storleik har fått kransekake. Med datostempling 21. desember. På små seksjonar har det blitt delt ut kransekakestenger i papirpose, seier Vegard Bergquist. Han er hovudtillitsvald for Delta i Helse Møre og Romsdal.
Ein person påstår på Facebook at han har fått to og ein tredels kransekakestong. Det kom sjølvsagt litt skeivt ut.
– Hos oss blei det formidla at det var ei helsing frå leiinga, seier Bergquist på spørsmål frå Sunnmørsposten.
– Ikkje etter vår forventning heller
Kommunikasjonsdirektør May Helen Molvær Grimstad seier at dei har beklaga.
– Dette med desse kransekakestengene blei ikkje etter vår forventning heller. Det var ikkje slik det var tenkt. Vi har gitt beskjed til seksjonane at dei har anledning til å kjøpe inn noko ekstra.
Mange har teke det humoristisk, seier Elisabeth Kirkholm, hovudtillitsvald for Fagforbundet i Volda.
– Det var godt meint frå leiinga. Dessverre kom det feil ut. Det er retta opp i.
– Eg trur folk set pris på at pengane ikkje blir brukt på gåver, seier ein annan.
Avstand
Samtidig fortel fleire om eit alvor oppi det. Økonomien i helseføretaket er svært alvorleg. Slik Bergquist legg det fram, har det over fleire år bygt seg opp ein frustrasjon blant tilsette.
– Vi blir oppfordra til å stå på. Heile tida er det innsparingar. Folk er redd for jobbane sine i desse usikre tidene.
– Samtidig er det lønsfest for dei på toppen, meiner Bergquist og synest dette er eit feil signal frå styret. Han oppsummerer slik:
– Det er ein avstand mellom leiinga og dei tilsette. Då er det heller ikkje alle som greier å ta det like humoristisk når dette kom skeivt ut.
Alternativ
På St. Olavs hospital i Trondheim er det heller ikkje julegåver til dei tilsette i år. Bergquist kan fortelje at dei har løyst det slik:
– Dei som er på jobb julaftan, får litt enkel lokalprodusert mat. Kanskje det er meir symbolsk rett. Du må vere borte frå familien på julaftan, og vi ser deg.
– Til sjuande og sist er det jo dette det handlar om, å bli sett og verdsett, seier Bergquist.