Bustadpolitikk, eller mangel på bustadpolitikk
Plus
LESARINNLEGG: Odd Berge på Vaksdal tek i dette innlegget opp mangelen på tomter, bustader og leilegheiter i Vaksdal kommune – og set det opp mot målet om folketalsauke. Han ønskjer debatt om temaet.
Fyrst må eg sei at eg har enorm respekt for dei som stiller seg til disposisjon for politiske parti, spesielt i kommunane. Politikarane i Vaksdal har gjennom fleire periodar vore flinke til å investera for sine innbyggjarar, spesielt i begge ender av livsfasen. Barnehagar, skular, oppveksttun, sjukeheimar og eldrebustader er nokre døme. I tillegg har det utrulege hendt, nemleg at dei to store idrettsanlegga har vorte sett ut av spel av naturkreftene.
Men kanskje har dei som skal etablera seg og dei midt i livsfasen vorte gløymde?
Før sommarferien (13. juni) hadde Helge Furubotn eit lesarinnlegg i VP om folketalsutvikling, der han etterlyste fleire tomter og leilegheiter. 17. juni vart folkehelseprofilen i Vaksdal presentert i kommunestyret. Her vart mykje informasjon lagt fram, men kva har skjedd med all denne informasjonen?
I Vaksdal kommune sin visjon i strategisk næringsplan heiter det at i 2035 skal det vera 6.000 innbyggjarar i Vaksdal, men kor skal dei meir enn 2.000 nye innbyggjarane bu? Per i dag har ikkje kommunen ei einaste tomt å tilby på Vaksdal. Etter kva eg høyrer er det også mangel andre stader i kommunen. Om Vaksdal får det luksusproblemet at fem familiar ynskjer å etablera seg i kommunen, så har dei altså ikkje noko å tilby. Korkje tomter eller leilegheiter. Korleis samstemmer dette med visjonane om 2.000 fleire innbyggjarar i kommunen om ti år. Rett nok ein visjon, men det er viktig å setja seg høge mål å jobba etter.
Fleire grunneigarar på Vaksdal har tilbydd kommunen å kjøpa tomteland, men dei har fått avslag etter tur. Kanskje er det slik også andre plassar i kommunen? Har Vaksdal kommune, med kommunestyret i spissen, abdisert når det gjeld å leggja til rette for folketalsauke? Slik kan det sjå ut. Det å få folketalsauke er ikkje enkelt, og det er noko mange kommunar slit med. Difor må det jobbast systematisk med på tvers av sektorar og politiske parti. Arbeidet med å skaffa folketalsauke her i kommunen ser ut til å vera sett vekk til bygdeutviklingsutvalet. Litt av ei oppgåve dei har fått. Folketalsauke burde vore øvst på lista over prioriterte oppgåver for alle i kommunen, både byråkrati og folkevalde. Korleis kan ein elles nå visjonar om 2.000 fleire om 10 år?
Eg har prøvd å følgja med litt på forslag til budsjett for 2026. Eg kan ikkje sjå at det er sett av noko til investering som kan gje folketalsauke. Rett nok vil bygdeutviklingsutvalet ha 300.000 kr til ei ny undersøking for å finna ut korleis ein skal få fleire folk til kommunen vår. Spørsmålet mitt er likevel det same, kor skal dei nye me ynskjer bu?
I referat i VP frå sist møte i bygdeutviklingsutvalet der folketalsauke vart diskutert, kunne eg lesa at ein av våre øvste byråkratar ikkje viste om det var noko vits i å arbeida med å få til folketalsauke, så mykje anleggsarbeid som det skal vera i kommunen dei neste 15-åra. Slike uttalar gjer det i alle fall ikkje lettare å vera lokalpolitikar med ansvar for å skaffa oss nye innbyggjarar. Bruk heller nokre av dei 300.000 for å leggja til rette og samla grunneigarar, lokale entreprenørar, handverkarar, kommunestyre, byråkrati og elles interesserte. Prøv å finn ut kva som må til for å få i gang tilrettelegging av tomteareal og leilegheiter som folk kan bu i. Det å snakka i lag er alltid lurt og ikkje kostar det noko særleg heller. Kommunen er forresten sjølv grunneigar av den gamle barnehagetomta på Jamne. Her er det vel nesten berre å begynna med bustadutvikling?
Dei siste 2 åra har mange på Vaksdal og Stanghelle meir eller mindre frivillig måtte flytta ut av husa sine for å gje plass til K5-prosjektet. No er faktisk dei fleste av husa fylt opp att av folk som treng husvære. Kanskje Helge Furubotn hadde rett i sine påstandar i lesarinnlegget frå juni i år?
Tidlegare var det slik at Vaksdal kommune la til rette for bustadbygging, areal vart kjøpt og bustadfelt vart lagt til rette. Det forundrar meg litt at ein kommune som blir styrt av sosialistiske Ap og SV saman med Sp, har overlate all utbygging til marknadskreftene. For der er det vel slik at kapitalen (utbyggjarane) går dit ein får mest og raskast avkasting på investeringa. Det er nok ikkje i Vaksdal. Kanskje må ein tilbake slik det var før at kommunen må hjelpa til?
Ei investering i areal og tilrettelegging av bustader må sjåast på som ei investering som overtid vil betala seg tilbake, og ikkje berre ei utgift. Det som derimot er heilt sikkert er at utan å kunna tilby tomter, bustader og leilegheiter, får me ikkje nye tilflyttarar. Heller ikkje til vore eigne barn som er oppvaksne i kommunen har me noko husvære å tilby. Dei må også til andre kommune for å busetja seg. Slik kan vel ikkje folkevalde eller byråkratar i kommune ha det om dei har noko som helst tru på den strategiske næringsplanen. Kanskje skal ein ta fram planen og lesa litt høgt frå den som innleiing på kommunestyremøta. Det står nemleg mykje bra, og det kosta sikkert ein del å laga den til i 2022.
Tida går fort, om nokre veker skriv me 2026. Då er det berre 9 år att til me skal vera 2.000 fleire innbyggjarar. Her er det ingen tid å mista. Håper me no kan starta ein diskusjon om kvar dei 2.000 nye innbyggjarane skal bu.
Odd Berge
Bygdeutviklingsutvalet og folketalsutvikling
Folketalsvekst og utgreiingar
Ein bustadpolitikk for alderdommen