– Takk til deg som arbeider i jula!
Plus
I jula er det mange som gjer det lille ekstra for innbyggarar, enten det er i helse- og omsorg, teknisk eller på andre felt. Takk for at du arbeider for oss i jula, skriv Unn Birkeland i dette leserbrevet.
Lesarinnlegget til Kjetil Øygard Eidevik minner oss om at det er mange som står på for at hjula skal gå rundt i kommunen gjennom feriar og høgtider. Det er ein reklame som går på Tv ofte som takkar alle familiar som låner bort ei etterlengta mor eller far som går på arbeid når alle andre kan vera heima og eta god julemat eller vera på julefest. Takk for alle som blir lånt ut av familie i jula, det er ei gave til alle oss andre!
Innlegget til Kjetil har òg fleire tankar om korleis me ser på kvarandre i tenester og service, både i kommune, i næringsliv og i politikken. Eg har vore med i mange år, og eg har opplevd å gjera feil og å få kritikk. Enten me arbeider i kommunene eller me er med og styrer, så kan alle kan ha ein vond dag. Me kan misforstå eller gjera feil. I alle fall om me er pressa på tid, rammevilkår eller tilgang på støtte. Men me kan beklaga, læra og gjera det beste slik at du eller den etter deg får bedre service eller bedre teneste om det er mogleg.
Me som er i kommunestyret har eit ekstra anvar for alle tilsette i kommunen, fordi me har det øverste arbeidsgjevar-ansvaret. Og me som har gruppeleiaransvaret i kvart parti har eit ekstra ansvar for at alle politikarar i vår gruppe forstår dette. Me skal legga vekt på at me spelar kvarandre gode mellom politikk og administrasjon. Det har me vedtatt i forventningsavklaring mellom partane. Me har òg ansvar for at me som lag spelar vår øverste leiing god. Det er svært viktig. For å vera ordførar eller varaordførar er ein utsett posisjon som tek eit overordna ansvar på vegne av alle oss som er under.
Nå skal me i tillegg verta flinkare til å bruka graderte sjukemeldingar i arbeidslivet. Det vil medføra at mange av oss møter personar i arbeid som kanskje ikkje har sin beste dag, enten fordi dei kjenner på vondt, eller fordi dei har brukt opp reservene sine før arbeidsdagen er slutt.
Me har så uendeleg mykje meir å vinna når me støttar opp om dei gode prosessane og gjer meir enn me ventar å få tilbake.
I jula er det mange som gjer det lille ekstra for innbyggarar, enten det er i helse- og omsorg, teknisk eller på andre felt. Takk for at du arbeider for oss i jula!
God jul!
Julehelsing frå gruppeleiarane med felles budsjett:
Unn Birkeland, Sp
Kjetil Nedrebø, Ap
Lars Arne Ueland, Høgre
Ola Andreas Byrkjedal, Krf