Har opplevd både opp- og nedturar som butikksjef. No leiar han butikk med rekordomsetning
Plus
Roar Mikkelsen har opplevd både opp- og nedturar som butikksjef tidlegare. Det gjer at han set ekstra pris på gode tal i dag.
– Etter Black Week har det vore full fart på toget og alle mann til pumpene. Eg er så heldig at eg har med meg flinke folk. Dette er ikkje slik ein kan gjere åleine, seier Roar Mikkelsen.
Han er eit kjent fjes for mange handlande i Nordhordland. I dag er Mikkelsen, busett på Hilland, sjef for Europris sin butikk på Lagunen.
– Eg har fått meg ein fin arbeidsplass her, med ein veldig flott gjeng, seier han.
Nyleg blei han intervjua av lokalavisa i det sørlege Bergen, Fanaposten, då butikken sette ny omsetningsrekord.
– Det er vel eit par veker sidan vi sette rekorden. Det var stas, fortel han til NH.
Suksess, nedtur og ny suksess
Frå 2020 bygde Mikkelsen opp Europris på Lindås. Det gjekk bra, og etter eit par år drog han vidare til nye utfordringar på Frekhaug. Der skulle han leie varehuset til XL Bygg.
Den satsinga varte berre eit par år, før butikken gjekk konkurs. Vinteren 2024 måtte Mikkelsen difor finne seg ny jobb. Kort tid seinare blei han presentert som ny sjef på Europris Lagunen.
På spørsmål om ein må vere budd på både opp- og nedturar når ein gjer karriere i næringslivet, svarar Mikkelsen at det iallfall har vore realiteten for han.
– Det er nok noko ein må ta med seg lærdom vidare. På sikt kjem ein nok dit at ein har lært litt av det og.
– Set du ekstra pris på gode tal no, etter opplevinga på Frekhaug?
– Det må eg svare utvilsomt ja på! Når ein har prøvd alternativet er det utruleg kjekt å få til slike tal.
Tiktok og Instagram
I snart to år har Mikkelsen pendla frå Alverstraumen til Lagunen. Han fortel at han passar på å køyre såppas tidleg heimefrå at han slepp unna kø til byn. På ettermiddagen jobbar han litt ekstra lenge, for å sleppe den verste køen heimover.
– Stort sett står radioen på, men eg snakkar ofte med kollegaer medan eg køyrer og. Vi er gjerne fleire som er tidleg oppe. Det er gode samtalar, fortel han.
Mikkelsen fortel at det ikkje er så ulikt å drive Europris på Lagunen, samanlikna med Lindås Nærsenter. Talet kundar er rett nok litt annleis, på det som no er det landets største kjøpesenter målt i omsetning.
– Det handlar om å legge til rette for at folk har det kjekt på jobb, då skapar ein gode handleopplevingar for kundane. I tillegg handlar det om å skape synlegheit.
For å gjere det, har Mikkelsen mellom anna satsa på sosiale medium. Alt frå dei godt vaksne på Facebook, via Instagram til dei yngste på Tiktok. Der brukar han seg sjølv aktivt.
– Eg har ikkje vore på Tiktok tidlegare, så det har vore litt nybrottsarbeid. Eg har prøvd meg mykje fram. Det var ein liten terskel når ein skal publisere seg sjølv første gong, men med glimt i auga så går det veldig greitt.
At grepet funkar, merkar Mikkelsen både på alderssamansetninga til kundane som kjem innom, og det at dei kjenner han att
– Det blir sett, men det er berre artig å få kommentarar på det, seier han.