Herold

Er det ikkje nokon som kan å rekne?

Plus
Kilde: Aura Avis Author: Erling Rød, sivilingeniør og politikar emeritus Published: 2025-12-18 10:25:49
Er det ikkje nokon som kan å rekne?

I lokalavisene les eg at gruppeleiarane for dei partia som har makta i fylkeskommunen vår, saman med dagleg leiar og styreleiar for Todalsfjordsprosjektet, er opprømte og «boostige» for at fylkeskommunen har vedteke å bruke 55 millionar kroner dei neste åra på å lage ein reguleringsplan for prosjektet med å krysse Todalsfjorden utan å bruke ferje.

Eg kunne å telje litt då eg begynte på skulen. Der lærte eg å legge saman, so trekke frå, so gange og so dele. Seinare har det og vorte meir innvikla rekning.

Då eg arbeidde, var eg ofte ute etter tal for forholda mellom andre tal. Det kunne vere kr/m2, kg/m3, kr/tonn, kg/tonn, % og ppm. I butikken ser eg ofte på kiloprisen, kr/kg.

Det ser ut til at dei lukkelege politikarane ikkje kan anna enn dei to enklaste reknemåtane, å legge i hop og å dra frå. Her er litt om å forstå tal.

Før det skal byggast noko mellom Ålvundfossen og Kvæinna må det lagast ei kommunedelplan og så ei reguleringsplan.

«En reguleringsplan omhandler veiens utforming i detalj:

Hvilket areal Statens vegvesen trenger til den framtidige veien og hvordan arealene inntil veien er tenkt brukt.Utforming av vei med kryss, støytiltak, adkomster til enkelteiendommer, miljøtiltak, vilttiltak, eventuelle gang- og sykkelveier eller andre tiltak på eller langs lokalveier, områder for deponi og rigg samt prinsipper for vannavrenning»

Kommunedelplana er ferdig og vart vedteken i Sunndala og Surnadala for 5 år sia. Ho er grundig og god.

Det har ikkje vore nok pæng i fylkeskommunekassa slik at prosjektet kunne byggast med ein gong. Dei som pressar på vil likevel at prosjektet skal være «gryteklårt» og det blir no sett av 55 millionar kroner for å lage ein reguleringplan.

Todalsfjordprosjektet omfattar totalt om lag 12 km ny veg. Av dette er vel 4,2 kilometer i tunnel og 0,8 km på bru. Det blir netto om lag 8 kilometer rein veg i utmark. Om lag 20 grunneigarar kjem direkte borti prosjektet.

Veg i som går i tunnel og på bru, treng ikke mykje reguleringsplan. Det trengst heller ikkje mykje reguleringsplanarbeid for veg i utmark. Vegen nyttar om lag 60 meter breidde.

No vil eg rekne litt med deling;

Reguleringsplanskostnaden blir;

- 55 000 000 kr/ 8 000 m = 6 875 kr/m

- 6 875 kr /60 m = 115 kr/m2

Eit årsverk frå ein planleggjar kostar om lag 2 millionar kroner.

- 55 mill kr /2 mill kr = 28 årsverk

Her er det mykje som er greinalaust gale.

Eg er sikker på at kan lagast ein reguleringsplan for ein tiandedel av det dei lukkelege gruppeleiarane og påverkarane trur.

5,5 millionar kroner er nok. Det blir to årsverk.

Politikarane i fylket vårt må no lære seg deling, stille krav til effektiv planlegging og gje pengar til to årsverk.

Dei må seie;

- her er kommunedelplana, her er pæng, sett i gang, arbeid og lever reguleringsplana om eit år.

Dei 50 millionane som blir til overs, kan nyttast til vedlikehald av vegar.

Vi treng heller ikkje eit kostbart eige aksjeselskap med nettverksfolk og no «ringrevar», i spissen.

🏷️ Extracted Entities (7)

Kommunedelplana (entity) Kvæinna (entity) Sunndala (entity) Surnadala (entity) Todalsfjorden (entity) Todalsfjordsprosjektet (entity) Ålvundfossen (entity)