Stor utvikling i ubåtsaka: Skal endre mandatet til Kystverket
Plus
Hordalandsbenken sikrar stort fleirtal for to forslag, som skal sikre ei trygg og langsiktig løysing for handteringa av den farlege lasta på havbotnen utanfor Fedje.
– På vegner av ganske mange parti, alle frå Hordalandsbenken, har eg gleda av å legge fram representantforslaget om handtering av kvikksølv og torpedoar i U-864 ved Fedje.
Det sa Helge André Njåstad då han gjekk på talarstolen på Stortinget, like etter klokka 10:00 torsdag føremiddag.
Han leverte då frå seg to forslag som alle partia på Hordalandsbenken stiller seg bak:
Stortinget ber regjeringa sikre at det planlagde toktet ned til U864 ikkje blir gjennomført på ein måte som gjer det umogleg å heve ubåtvraket med last, eller fjerne torpedoar.
Stortinget ber regjeringa endre mandatet til Kystverket, slik at heving av U864 med last og fjerning av torpedoar blir vurdert som fullverdige alternativ.
Forslaga
– Ganske unikt
Alle partia på Hordalandsbenken har samarbeidd om representantforslaget. Til saman har partia som er representert på Hordalandsbenken eit svært stort fleirtal i Stortinget.
Kjersti Toppe (Sp) fortel til NH at partia har samarbeidd godt om forslaget.
– Eg vil særleg trekke fram Njåstad, Trellevik og Merkesdal. Merkesdal har og jobba opp mot regjeringa. Det er ein stor styrke at dei er med. Det er ganske unikt at benken klarar å samle seg om ei slik sak, seier Toppe.
Ove Trellevik (H) peiker i ei felles pressemelding frå represntantane på at det etter FMA-rapporten burde vere sjølvsagt at ein skal sjå på alternativ for å få eliminert sprengingsfaren for torpedoane ved tildekking.
Linda Merkesdal (Ap) takkar alle dei som over tid har halde engajsementet oppe i saka.
– Eg er glad for at vi står samla i denne saka. Med ny kunnskap må alle reelle alternativ vurderast for å sikre miljøet og kystsamfunna rundt U-864 på lang sikt. Samstundes vil vi takke alle som over tid har halde engasjementet oppe i denne viktige saka, seier Merkesdal i pressemeldinga.
– Eg er letta
Frøya Skjold Sjursæther (MDG) er klar på at saka Hordalandsbenken står saman for, er veldig viktig for mange i regionen.
– Eg er letta over at Stortinget no tar innover seg ny informasjon frå Forsvarsmateriell, og tar initiativ til at Kystverket kan vurdere heving. Vi har ikkje råd til å øydelegge viktig natur og fiskeriressursar, seier ho.
Marthe Hammer (SV) er klar på at det er avgjerande at alle alternativ blir skikkeleg vurdert, særleg i lys av ny informasjon.
Også Sofie Marhaug (R) er opptatt av den nye informasjonen som har kome dei siste månadane.
– Det er viktig at vi tar den nyaste kunnskapen på alvor. Difor er Raudt med på dette forslaget, seier ho.
– KrF er veldig glade for å vere med på dette initiativet som for alvor kan få ei løysing i saka om heving av ubåten på Fedje. Det er av stor betydning for lokalsamfunnet, regionen og miljøet, seier Joel Ystebø (KrF).
Nøgde ordførarar etter tysdagens ubåt-møte på Stortinget
Her planlegg dei strilekrig: – Dette er siste sjanse
Regjeringa går inn for oppmodinga til ekspertutvalet