Herold

Kystverket slår alarm: Feil i fjordspenn kan føre til livsfare og straumutfall

Kilde: NRK Author: Håvard Nyhus Published: 2025-12-18 06:09:08
Alarm om feil høgde på fleire fjordspenn

Kystverket slår alarm etter at Statnett har målt feil høgde på fleire fjordspenn.

Saka oppsummert:

– Kystverket har avdekt feil i høgda på fleire fjordspenn, noko som kan utgjere ein alvorleg risiko for sjøsikkerheita og i verste fall føre til tap av liv. – Statnett har fått pålegg om å undersøke alle luftspenn langs kysten og levere ein plan for retting innan 15. januar. – Feila omfattar både for høge og for låge luftspenn, med avvik på opptil ni meter. – Ni fjordar er identifiserte som ramma, mellom anna Hardangerfjorden og Matrefjorden. – Årsakene til feila kan vere undervurdering av termisk utviding og påverknad frå snø og is, som gjer at linjene sig. – Feila kan føre til farlege situasjonar for skips- og helikoptertrafikk, samt risiko for straumutfall og svekka forsyningssikkerheit.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Statnett har fått pålegg frå staten om å undersøke alle luftspenn langs kysten, og komme tilbake med ein plan for korleis feila skal rettast innan 15. januar.

Det skriv avisa Energiteknikk.

Bakgrunnen er at fleire luftspenn over norske fjordar har ein heilt anna høgde enn det som er oppgitt.

– Kan i verste fall føre til tap av liv

Ifølge Kystverket er luftspennet opptil ni meter høgare enn det Statnett seier. I andre tilfelle er seglingshøgda åtte meter lågare enn oppgitt.

I eit brev til Statnett skriv Kystverket at «feil informasjon i sjøkart og feil merking av luftspenn kan medføre stor risiko for sjøsikkerheita og i verste fall føre til tap av liv».

– Etter vår tolking kan dette potensielt gjelde alle Statnett sin luftspenn, og ikkje berre dei som er identifiserte så langt, skriv etaten.

Dei karakteriser situasjonen som «svært alvorleg», og har så langt identifisert ni luftspenn der den oppgitte høgda avvik frå den faktiske høgda:

Dei ramma fjordane er Matrefjorden, Hardangerfjorden, Maurangerfjorden, Tyssesund, Djupvika, Dalseidvika, Trengeridfjorden, Grimstadfjorden, og Olsvika.

I eit brev til Statnett skriv Kystverket at «feil informasjon i sjøkart og feil merking av luftspenn kan medføre stor risiko for sjøsikkerheita og i verste fall føre til tap av liv».

Statnett: – Vi er allereie er i gang med kvalitetssikring

Ei kraftlinje er ikkje statisk. Når straumforbruket er høgt, blir leidningen varm og strekker seg.

Ifølge Kystverket kan Statnett ha undervurdert kor mykje denne termiske utvidinga påverkar dei lengste spennene.

*Statnett svarer at dei vil gå i dialog med Kystverket om vidare oppfølging og at dei «allereie er i gang med kvalitetssikring av seglingshøgder for enkelte spenn». *

Om vinteren gjer vekta av snø- og islast presse linjene mange meter ned.

På toppen gjer høgare straumforbruk at leidningane blir varme og utvidar seg, noko som gjer at dei «sagger» enda meir.

I tillegg til å representere ein fare for skips- og helikoptertrafikken, kan kollisjonar med «hovudvegane» i det norske straumnettet ramme forsyningssikkerheita og føre til straumutfall.

Tidlegare blei høgder berekna med manuelle metodar. I dag gir laserskanning ei nøyaktigheit på få centimeter.

🔗 Related Articles (2)

View Graph
Statnett feilberegnet høyden på luftspenn med opptil ni meter
BA · 2025-12-18 07:40:51 +
Kystverket Energiteknikk Statnett Bergen Dalseidvika Djupvika Fjordkraft Grimstadfjorden Hardangerfjorden Matrefjorden Maurangerfjorden Norgespris Trengeridfjorden Tyssesund Vestlandet
Statnett feilberegnet høyden på luftspenn med opptil ni meter
ABC Nyheter · 2025-12-18 01:04:27
Kystverket Statnett nyheter Innenriks Luftfart NTB Norge Nyheter Samferdsel Skipsfart Transport energi og kraftressurser olje og energi produkter og tjenester Økonomi og næringsliv økonomi og næringsliv Energiteknikk Dalseidvika Djupvika Grimstadfjorden Hardangerfjorden Matrefjorden Maurangerfjorden Olsvika Trengeridfjorden Tyssesund Vestlandet

🏷️ Extracted Entities (19)

Kystverket (entity) Statnett (entity) Energi 📁 (category) Høyspentledning (Rogaland) 📁 (category) Samfunn 📁 (category) Samfunnssikkerhet og beredskap 📁 (category) Strøm 📁 (category) Hardangerfjorden (entity) Matrefjorden (entity) Dalseidvika (entity) Djupvika (entity) Energiteknikk (entity) Grimstadfjorden (entity) KI-teneste (entity) Maurangerfjorden (entity) Olsvika (entity) OpenAI. Innhaldet (organization) Trengeridfjorden (entity) Tyssesund (place)

📊 Metadata

Category: Strøm, Energi, Høyspentledning (Rogaland), Samfunn, Samfunnssikkerhet og beredskap
OpenGraph Title: Kystverket slår alarm: Feil i fjordspenn kan føre til livsfare og straumutfall
Twitter Title: Kystverket slår alarm: Feil i fjordspenn kan føre til livsfare og straumutfall