Herold

Eirik Mysen med revolusjonerande stavar: Trur hemmeleg grep kan føre til revolusjon

Kilde: NRK Author: Jørund Wessel Carlsen Published: 2025-11-20 19:38:25 Last updated: 2025-11-20 20:31:09
Nyvinninga skaper full forvirring: Usikker på om ho er lov å bruke

Eirik Mysen har funne ei lita sak som han meiner gjer han raskare. No er det store spørsmålet: Er ho lovleg å bruke?

Saka samanfatta:

Ein slags «juksekode»

Full forvirring

Kor lange stavar er det lov å ha?

– Ein revolusjon

Iden utnyttet smutthull i regelverket – frykter «superskoen» blir forbudt i OL

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Torsdag, dagen før sesongopninga i langrenn, blei det småhektisk aktivitet på Beitostølen.

NRK var til stades då Erik Husby, arrangementsansvarleg i skiforbundet, inspiserte staven til Eirik Mysen.

Langrennsløparen har nemleg halde sitt nye grep skjult i ei god stund. Han har frykta at nokre av konkurrentane skal få nyss i kva han driv med.

– Det ser jo heilt rått ut! No er eg heilt sikker på at det gjer at eg går raskare, seier Mysen til NRK.

Mysen tok NM-bronse i fjor og er ein av skiløparane som står utanfor landslaget. Han undersøker alle moglegheiter som gjer at han kan gå litt fortare.

No viser han stolt fram det hemmelege grepet sitt.

BLID: Eirik Mysen då han møtte NRK før sesongstarten.

*Saman med ein stavprodusent, som han blir sponsa av, har han utvikla eit heilt nytt handtak på staven. *

Dette «forlenger» stavtaket på eit vis.

På Beitostølen observerte NRK fleire som var nysgjerrige på nyvinninga, og representantar frå skiforbundet undersøkte og tok bilde av ho.

Mysen er ei av få løparar som blir sponsa av dette merket.

– Eg trur eg er ganske åleine om dette, seier han.

Med tradisjonelle skistavar er handa festa stramt til stavgrepet. Staven sit nesten klistra i handflata.

Slik er det ikkje med Mysen sine stavar.

*Ei heilt ny løysing gjer at stavane blir forlenga med fem centimeter når han slepper dei, slik at stavtaket blir lengre. *

Testing gjennom sommaren har vist tydelege resultat, ifølge Mysen: Han går raskare enn før – mykje raskare.

– Eg blir rett og slett meir effektiv. Det blir som at stavane blir fem centimeter lengre. No er det jo ei avgrensing på kor lange stavar ein kan ha, men dette gjer at du får fem centimeter ekstra.

*– Ein slags «juksekode», berre at det er lovleg? *

*– Ja, eigentleg. *

GREP: Mysen viser korleis det fungerer.

Mysen har i ei årrekke vore ein av utøvarane som er like bak verdscupnivå.

No merkar han at forma er betre enn aldri før. På Beitostølen i helga håpar han å blande seg inn blant løparane som skal kjempe om OL-plass.

Sjølv meiner han staven kan gi han så mykje som 15 sekund fordel over ti kilometer.

*NRK kontakta Torbjørn Broks Pettersen for å få svar. Han er teknisk delegert (TD), ein slags dommar, i rennet i helga, og er kjent med staven. *

TEKNISK DELEGERT: Torbjørn Broks Pettersen er usikker på staven.

– Per i dag er eg usikker på lovlegheita av han, seier Pettersen til NRK.

Han er den norske representanten i regelkomiteen i FIS, og seier at han er brukt i verdscup før. Men sidan den gongen er staven utvikla med ein strikk-mekanisme som kan gjere han ulovleg.

Mysen meiner på si side at staven og strikken er godkjent av FIS.

Pål Golberg, NRK sin nye ekspert, er ikkje i tvil om at staven har effekt.

– At du forlenger stavtaket er det ikkje noko tvil om, seier NRK-eksperten.

NRK-EKSPERT: Pål Golberg.

Men han er usikker på om han hadde gått fortare med han.

– Det kan ha effekt i motbakke, men under staking i høg fart er det vanskeleg å sjå ein effekt. Dess lenger distanse, dess meir effekt, seier Golberg.

Kjelde: Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (FIS)

Vetle Leander Johansen er Mysen sin trenar, og meiner staven er lov å bruke. Johansen har henta mykje av inspirasjonen frå andre idrettar, blant anna triatlon.

Det norske triatlonmiljøet har fleire gonger komme med nyvinningar som er så gode at dei har blitt forbodne.

*Det har vore ein inspirasjon for Johansen. *

– Eg undersøkte litt rundt stavar og ville gjerne få til noko nytt. Då fann vi eit produkt som verka ekstremt lovande. Vi fekk tak i sjefen der og så begynte vi å teste.

Resultatet får vi sjå i sesongopninga på Beitostølen laurdag.

– Det er veldig gøy å vere med på noko nytt. Langrenn har jo stått ganske stille lenge, så å kunne vere med på å bruke noko som er litt revolusjonerande, det er jo vanvitig motiverande, seier Johansen.

  • Eirik Mysen har utvikla eit nytt stavhandtak saman med ein stavprodusent som gjer stavtaket lengre og meir effektivt.
  • Nyvinninga kan gi han opptil 15 sekund fordel på ti kilometer, ifølge Mysen.
  • Teknisk delegert er usikre på om stavane er lovlege etter dagens reglar.
  • Mysen håpar nyvinninga kan hjelpe han å kvalifisere seg til OL.
  • Trenar Vetle Leander Johansen meiner stavane er lovlege og ser på dei som ein revolusjon i langrenn.

  • Følg og sjå sesongopninga på NRK1 frå klokka 10.50 fredag!

🏷️ Extracted Entities (34)

Beitostølen (entity) Ein (entity) Eirik Mysen (person) Erik Husby (place) FIS (entity) Full (entity) Følg (entity) GREP: Mysen (organization) Golberg (place) Golberg, NRK (organization) Iden (entity) Johansen (entity) KI-teneste (entity) Kor (entity) Mysen (entity) Mysen: Han (organization) NM-bronse (entity) NRK (entity) NRK1 (entity) Nyvinninga (entity) OL-plass (entity) OpenAI (entity) Per (entity) Pettersen (entity) Reglane (entity) Saka (entity) Stavane (entity) TEKNISK DELEGERT: Torbjørn Broks Pettersen (organization) Teknisk (entity) Testing (entity) Torbjørn Broks Pettersen (person) Trenar Vetle Leander Johansen (person) Usikker (entity) Vetle Leander Johansen (person)

📊 Metadata

Category: Langrenn, Vinter-OL 2026
OpenGraph Title: Eirik Mysen med revolusjonerande stavar: Trur hemmeleg grep kan føre til revolusjon
Twitter Title: Eirik Mysen med revolusjonerande stavar: Trur hemmeleg grep kan føre til revolusjon