Herold

Seksuell trakassering i kulturbransjen: Fleire tør å sei ifrå

Kilde: NRK Author: Malene Laura Solheim Published: 2025-11-20 20:02:32
Seksuell trakassering i kulturbransjen: Fleire tør å sei ifrå

Fleire i kulturbransjen seier dei har opplevd seksuell trakassering i ein fersk rapport frå Fafo. Likevel meiner forskarane at problemet blir mindre.

Milepælen #metoo

Les også

Cajsa (20) skreiv at ho er lei av å frykte menn – fekk massiv respons

Les også

Gen-Z jakter drømmejobben: – Hvem har liksom ikke en drøm om å bli rik?

Kvar kjem tala frå?

Fafo-rapporten oppsummert

Låg svarprosent

Kva seier tala?

Kvar skjer seksuell trakassering i kulturbransjen?

Kulturendring i kulturbransjen

Les også

Lisanne var «jenta i Øygard-saken»

Kulturendring i kulturbransjen

*– Eg har opplevd at menn i kulturbransjen ikkje er klar over at seksuell trakassering framleis er eit tema. *

Det seier Judit Elena Østern Lien. Ho er filmstudent og på veg inn i eit yrkesliv i kulturbransjen. Men det er særleg éin ting som uroa Lien.

Ein ny rapport frå Fafo viser at seksuell trakassering er utbreidd i nettopp denne bransjen.

Judit Elena Østern Lien (venstre) og Mille Dahl-Folden (høgre) er filmstudentar og er uroa for at unge i bransjen deira er særleg utsett for seksuell trakassering.

Rapporten viser at 41 prosent av dei som jobbar i kulturbransjen har blitt seksuelt trakasserte i løpet av karrieren sin.

Dette er 9 prosent høgare enn då den same undersøkinga blei gjort i 2018.

Likevel meiner forskarane at problemet er blitt eit mindre problem dei siste åra. Så kva er det som har skjedd?

metoo-rørsla starta hausten 2017. Under emneknaggane #stilleforopptak, #visyngerut, #nårdansenstopper og #nårmusikkenstilner blei det ingen tvil om at seksuell trakassering var eit utbreidd problem også i norsk kulturbransje.

Med mål om å sjå korleis #metoo-rørsla hadde endra bransjen, utførte seniorforskar ved Fafo Mona Bråten og kollega Jørgen Svalund undersøkingar både i 2018 og i år.

*– Vi tolkar det slik at det ikkje er blitt verre, seier Bråten. *

Mona Bråten er seniorforskar i Fafo og er av dei som har forska på korleis #metoo endra kulturbransjen.

I rapporten diskuterer forskarane korleis det høge talet kan forklarast med at det er blitt vanlegare med varslingsrutinar og merksemd rundt seksuell trakassering i bransjen.

Det kan ha gjort terskelen lågare for å seie ifrå om slike hendingar.

– Det kan også vere at fleire situasjonar blir definerte som seksuell trakassering i dag, enn før, trur Bråten.

Rapporten byggjer på ei spørjeundersøking sendt til medlemmar i ni fagforeiningar i heile kulturfeltet.

I 2018 svarte 39 prosent av dei som blei spurde. I år var dette lågare, med 8 prosent.

– Er funna i rapporten frå i år då framleis gyldige?

– Med dei metodiske atterhalda vi har gjort, meiner vi at desse konklusjonane står seg greitt, står Bråten fast ved.

Ho seier undersøkinga likevel ikkje er eigna til å gje eit tal på omfanget av seksuell trakassering i bransjen totalt sett.

– Dette er to undersøkingar som viser svar på to ulike tidspunkt. Utvalet er litt ulikt når det gjeld alder og kvar i sektoren dei jobbar i 2018 og 2025, noko som kan bidra til å forklare forskjellar i svara.

Trass ein nedgang er tala framleis høge.

Det uroar Joakim Aadland, dagleg leiar i Balansekunst, eit ressurssenter og ei medlemsforeining som samlar kulturfeltet i eit felles arbeid for likestilling og mangfald.

*– Det er ganske kritisk. Dette er ei utfordring som ligg i heile bransjen. Menneske opplev både fysiske og psykiske plager. Nokre vurderer å slutte. Andre har allereie slutta. Da må vi finne de verkemidla som trengst for å endre dette, seier Aadland. *

Unge på veg inn i kulturbransjen set pris på at det er meir rom for å snakke om temaet, men er ikkje i tvil om at det framleis er eit problem.

– Det er sinnssjukt, men heller ikkje overraskande, seier Mille Dahl-Folden.

Ho er filmstudent i Trondheim og sit som styreleiar i den frivillige studentdrivne filmorganisasjon Prosjektor Filmproduksjon.

Mille Dahl-Folden er styreleiar i den frivillige studentdrivne filmorganisasjon Prosjektor Filmproduksjon.

Dahl-Folden trur nokre av kulturbransjen sine særtrekk kan forklare noko av kvifor talet er så høgt.

– Vi jobbar med sensitive tema. Nokre gonger kan det vere vanskeleg å skilje mellom privatliv og jobb. Det er også mykje festing og drikking i kulturbransjen, peikar ho på.

Det kan bli seine kveldar og tidlege morgonar for filmstudentane i Trondheim. Skilje mellom jobb og privatliv kan vere vanskelege å skilje.

Rapporten peikar også på at det er der trakasseringa skjer: 42 prosent oppgav å ha blitt trakasserte i sosiale samanhengar i bransjen. 40 prosent oppgav å ha blitt trakasserte i ein jobbsituasjon – til dømes under ei framsyning eller innspeling.


Verken Dahl-Folden eller Judit Elena Østern Lien har sjølv opplevd seksuell trakassering på jobb, men seier at det er eit tema som opptek mange i bransjen.

Seniorforskar Bråten meiner førebygging og merksemd rundt temaet kan bidra til å få ned tala.

Rapporten viser at mykje allereie går i riktig retning.

Tilbake i 2018 var det berre 30 prosent av dei som hadde opplevd seksuell trakassering, som varsla om alt eller noko av det som hadde skjedd.

I dag er situasjonen snudd på hovudet: Over 80 prosent oppgav å ha meldt ifrå om alt eller noko i 2025.

– Vi står ikkje stille. Det er framleis for mange som ikkje melder frå, men det er tydeleg at det går i riktig retning, seier Aadland i Balansekunst.

Unge studentar seier det er meir toleranse for å snakke om seksuell trakassering.

Det er filmstudentane Lien og Dahl-Folden einige i, men dei jublar ikkje enno.

– Trass tiltak og openheit, vil det ta tid før kulturen endrar seg, meiner Dahl-Folden.

  • Rapporten byggjer på ei *spørjeundersøking *sendt til medlemmar i ni fagforeiningar i heile kulturfeltet.
  • I 2018 svarte 39 prosent av dei som blei spurde. I 2025 var dette lågare med 8 prosent, som svarar til 1328 svar.
  • 46 prosent av dei som svarte var menn. 54 prosent var kvinner. Dette er identisk med undersøkinga i 2018.
  • Medianalderen på dei som har svart er høgare i 2025 (46 år) enn i 2018 (41 år).

  • 41 prosent av dei som jobbar i film/TV, scenekunst, musikk og spel har opplevd seksuell trakassering *i løpet av karriera si. *

  • I 2018 var dette talet 32 prosent.
  • Talet personar som seier dei har opplevd seksuell trakassering dei tre siste åra har gått ned frå 16 til 12 prosent.
  • 19 prosent ynskjer å slutte i jobben sin etter ei hending med seksuell trakassering.
  • 1 av 10 blir sjukemelde på grunn av hendinga(ne).

🏷️ Extracted Entities (33)

Aadland (place) Balansekunst (entity) Bråten (entity) Cajsa (entity) Dahl-Folden (entity) Elena Østern Lien (person) Fafo (entity) Fafo Mona Bråten (person) Fafo-rapporten (entity) Fafo](http://www.fafo.no/images/pub/2025/20937.pdf (entity) Fleire (entity) Gen-Z (entity) Joakim Aadland (place) Judit Elena Østern Lien (person) Jørgen Svalund (person) Kulturendring (entity) Kva (entity) Kvar (entity) Lien (entity) Lisanne (entity) Låg (entity) Medianalderen (entity) Milepælen (entity) Mille Dahl-Folden (organization) Mona Bråten (person) Prosjektor Filmproduksjon (person) Rapporten (entity) Talet (entity) Trass (entity) Trondheim (place) Unge (entity) Verken Dahl-Folden (organization) Øygard-saken (entity)

📊 Metadata

Category: Seksuell trakassering og seksuelle overgrep, Kultur