Herold

Dette er politisk leiarskap som Christine Meyer skal ha skryt for

Plus
Kilde: BA Author: SĂžlve Rydland Published: 2025-12-17 15:35:49
Dette er politisk leiarskap som Christine Meyer skal ha skryt for

Kommuneadvokaten sin gjennomgang er illevarslande for vernet av varslarar i norske kommunar. Nettopp derfor er det gledeleg at byrÄdsleiaren viser politisk leiarskap som det stÄr respekt av.

Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=141407

Etter meir enn to veker med nasen i paragrafar og lovtekst, konkluderte kommuneadvokaten i Bergen.

Ja, slik kommuneadvokaten tolkar offentleglova, pliktar kommunen Ă„ levera ut dialogen hovudverneombod May Britt Kindem har hatt med Bergens Tidende.

Bakgrunnen for vurderinga er at ein anonym person, med det komiske digitale pseudonymet «skbrannforever» har kravd innsyn i dialogen hovudverneombodet hadde med avisa.

Kindem vart bede om Ă„ overlevera e-postar og tekstmeldingane ho hadde utveksla med avisa oppover i det kommunale systemet, slik at den juridiske ekspertisen kunne konkludera med om det var grunnlag for innsyn eller ikkje.

Det sa May Britt Kindem heldigvis nei til, noko som resulterte i at kommuneadvokaten fekk i oppdrag Ä sjÄ nÊrmare pÄ saka.

Ved midnatt bestemte en person seg for Ă„ be om innsyn i verneombudets kommunikasjon. Da eksploderte alt.

Konklusjonen til kommuneadvokaten er at dialogen er omfatta av offentleglova, og at kommunen pliktar Ä utlevera dokumenta, sÄ sant det ikkje skulle vera noko med innhaldet som tilseier noko anna.

Kjernen i denne konklusjonen er at kommuneadvokaten meiner at kommunikasjonen verneombodet har hatt med pressa mÄ reknast som ein del av den kommunale saksbehandlinga.

Det er eit premiss som ein kan lika eller ikkje lika.

Dersom konklusjonen til kommuneadvokaten faktisk er riktig, er det skremmande hol i lovverket som er avdekka.

Det hÞyrer nemleg ingen plass heime at verken kommunale leiarar eller offentlegheita skal kunna snoka i eit verneombod sin dialog med verken tilsette ved arbeidsplassen eller pressa. Verneomboda gjer nemleg ein sÊrs viktig jobb nÄr det gjeld Ä sjÄ til at arbeidsmiljÞlova vert fÞlgt pÄ norske arbeidsplassar.

Dersom Kindem ikkje hadde vore i ombodsrolla, men vore tillitsvalt, konkluderer derimot kommuneadvokaten annleis. Kommuneadvokaten meiner altsÄ at lova gjev fagforeiningsarbeid eit tydelegare vern enn tilfellet er for verneombod.

Medan me andre er utstyrte med ytringsfridom, er verneomboda utstyrt med noko sÄ sjeldan som ytringsplikt.

Det inneber at dei pliktar Ă„ varsla dersom dei skulle oppdaga noko kritikkverdig. Ein del av jobben kan vera Ă„ varsla pressa.

Om denne dialogen faktisk vert rekna som offentleg, vil det potensielt undergrava den viktige jobben til verneombodet.

At det vert opna for innsyn i dialog med pressa kan ĂČg utfordra det viktige prinsippet om kjeldevern.

Derfor gjer Christine Meyer det einaste rette nÄr ho likevel nektar Ä tvinga Kindem til Ä levera frÄ seg korrespondansen. I staden for Ä oppfÞra seg som ein regelryttar pÄ autopilot, oppfÞrer byrÄdsleiaren seg som ein prinsippfast politikar.

Det er faktisk ein viktig grunn til at det er valte politikarar og ikkje tilsette juristar som styrer norske kommunar.

I staden for Ä akseptera fÞlgene av kommuneadvokaten sin konklusjon, vel heller Meyer Ä avslÄ kravet om innsyn, og heller lÞfta saka til arbeidsministeren og justisministeren.

No vert det opp til regjeringa Ă„ konkludera, medan den anonyme personen som har kravd innsyn kan velja Ă„ klaga til Statsforvaltaren eller Sivilombodet.

Enkelte, mellom andre Raudt, hevdar at Meyer ikkje burde trenga ei avklaring frÄ kommuneadvokaten fÞr ho konkluderte om at verneombodet ikkje er ein del av den kommunale saksbehandlinga.

NÄr kommuneadvokaten faktisk konkluderer med det motsette, stÄr det tvert i mot respekt av at Meyer vel Ä rakrygga forsvara viktige prinsipp.

Kommuneadvokatens «dom» er klar: Kindems hemmelige dialog skal gis ut

At Bergen kommune har gjort ei grundig juridisk vurdering er bra. Uavhengig av om me likar konklusjonen eller ikkje.

No mÄ regjeringa anten komma tilbake med avklaringar som sikrar vernet til verneomboda pÄ norske offentlege arbeidsplassar, eller ta initiativ til lovendringar som sikrar dette.

Dermed kan det som har ovre ei kjip sak for varslingsinstituttet og verneomboda si rolle, verta det motsette. Nemleg ei tydeleggjering av eit tydeleg vern for verneomboda og varslarar.

I mellomtida kan ĂČg me i pressa vera ein smule audmjuke. Som regel er journalistar og redaktĂžrar dei som stĂ„r Ăžvst pĂ„ barrikadane nĂ„r offentlege organ argumenterer med at offentlegheita ikkje har rett til innsyn.

No argumenterer eg og andre i pressa for det motsette, nÄr det kanskje ikkje er i pressa si interesse med full openheit.

ByrÄdsleiar Christine Meyer skal ha takk for at ho ser ut til Ä forstÄ bÄde pressa og verneomboda si viktige rolle i denne saka, i staden for Ä slavisk fÞlga den juridiske vurderinga.

Å ikkje fĂžlga lovar og reglar er noko kommunar kan fĂ„ svi for, nettopp derfor er det bra at Meyer vĂ„gar Ă„ vera prinsipiell.

HÄpet er at det kan styrka vernet om bÄde varslarar, verneombod og journalistikken. I sÄ fall kan ei kjip sak i Bergen ha bidrege til noko bra.

Tystad mener kommunen fremstĂ„r uproff: – Hun mĂ„ ikke gi fra seg noe som helst

Her mÄ Meyer rett og slett visa ryggrad som leiar

đŸ·ïž Extracted Entities (7)

Christine Meyer (person) May Britt Kindem (person) Bergen (entity) Bergens Tidende (person) Raudt (entity) Sivilombodet (entity) Statsforvaltaren (entity)