Herold

Med Helse Førde mot det endelege målet

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Kåre Vangelsten, snart pleiepasient, berre pennen fungerer nokolunde enno., Leikanger Published: 2025-12-17 19:51:20
Med Helse Førde mot det endelege målet

*Så kom *tilrådinga frå direktøren i Helse Førde om framtida til mellom anna Lærdal sjukehus. Med ønskje om ei velsigna jul og eit godt nytt år til alle i Sogn. Spesielt til dei tilsette ved sjukehuset i Lærdal.

Var det nokon som hadde trudd at han skulle endre framlegget ut frå det han har sagt tidlegare? No når han endeleg kan sjå Helse Førde sitt største og endelege mål i det fjerne?

Nei, vi veit alle at heilt sidan helseføretaka vart etablerte, har målet til Helse Førde vore å samle alle sjukehustenestene i Førde. Difor må vel dette vere ei gledenes tid for direktøradelen der.

Rett nok har han pynta på innstillinga med nokre setningar som ser ut til å vere tekne ut av lause lufta, og ikkje er verd papiret dei er skrivne på. For vi som har levd ei stund, veit at når bereveggene i huset vert fjerna, vil resten rase saman av seg sjølv.

Slik vil det nok gå med Lærdal sjukehus også, og det veit nok leiinga i Helse Førde godt. Når dei no får fjerna dei viktigaste oppgåvene til sjukehuset, vil resten gå av seg sjølv. Med den aktiviteten dei no legg opp til, vil det sjølvsagt som neste trinn ikkje vere samfunnsøkonomisk forsvarleg å halde i gang drift i Lærdal i det heile.

Ingen har svara meg på mitt tidlegare spørsmål om styret i Helse Førde er direktørstyrt. Og når så ikkje har skjedd, tolkar eg det som at den som teier samtykker.

Dermed kjem nok styret til å vedta tilrådinga, slik direktøren vil. Kanskje nokon stiller eit spørsmål eller to, for å verke interesserte. Det blir vel alt i denne omgangen også.

*Kvifor *får vi ikkje vite kva det vil koste å la Lærdal sjukehus overta all ortopedisk behandling, i staden for at dette skal vere i Førde? Kvifor ber ikkje styret om at dette vert utgreidd? Vil det vere *for *provoserande overfor direktøren å stille slike spørsmål?

Det er nok ikkje berre økonomi som ligg bak dei tiltak som no vert tilrådde. Det er sjølvsagt som nemnt innleiingsvis eit ledd i den overordna strategien til Helse Førde.

Vi skal heller ikkje underslå verdien av at Førde no skal få sleppe å ergre seg over alle godord Lærdal sjukehus får frå pasientane som har vore behandla der.

Og når pengane er oppbrukte, er det alltid lokalsjukehusa som skal blø, sjølv om pengemangelen skuldast vanstyret i Førde. Der har dei no brukt pengar som fulle sjøfolk, utan tanke på følgjene. Og når realitetane kjem for dagen, skal andre som vanleg betale.

Kvifor skal ikkje andre deler av helseføretaket spare, til dømes administrasjonen, eller sjukehuset i Førde? Men det er vel ikkje i samsvar med målet for leiinga i Helse Førde, og såleis ikkje aktuell politikk.

*Trusselen *om nedlegging ved lokalsjukehusa, og overføring av oppgåver til Førde har mest vorte ein årleg juletradisjon. Vi skal heller ikkje sjå bort frå at oppgåver hare vorte overførte frå lokalsjukehusa til Førde elles i året. Der nøkkelpersonell går av med pensjon, er det alltid ein gyllen sjanse for slike operasjonar.

Eg har sjølv vore offer for ei slik «snikoverføring» frå Lærdal til Førde.

Frå ei velfungerande avdeling utan ventetid i Lærdal, til Førde der ventetida no er så lang at ein eg kjenner, som ventar på time, lurte på om dei ikkje hadde bemanning lenger på den avdelinga i Førde. Men det er også til beste for pasientane, sjølvsagt.

Sidan det no vert reist spørsmål om framtida til helseføretaka, kunne vi kanskje ha håpa at regjeringa ville stanse større endringar i sjukehusstrukturen, i påvente av eventuelle endringar i styringsmodellen. Men sidan det er eit av dei ivrigaste sentraliseringspartia som sit med makta, vil ikkje det skje.

*Regjeringa og statsråden *er nok tvert imot glade for det arbeidet direktøren og styret i Helse Førde no gjennomfører, så slepp dei å gjere det sjølve.

Og på den måten kan dei i neste valkamp sei at «Det var ikkje eg/vi!», nett som fotballspelarane seier når ein motspelar ligg nede etter ei grisetakling.

Siste valkamp for regjeringspartiet var vel på mange måtar i tråd med det Odd Njøs skreiv: «De'kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor». Så dei har alt fått god trening i å lure veljarane.

Og når våre eigne to representantar med adresse Førde sikra fleirtal i Stortinget mot å oppretthalde sjukehuset i Lærdal, veit vi kor landet ligg. Dei stemde for noko som var mykje betre, sa den eine. Betre for Førde, meinte han sjølvsagt.

Dersom nytt utspel frå stortingsrepresentant og lege Kjersti Toppe (SP) frå Bergen og Erling Sande (SP), Sogn og Fjordane, skulle redde sjukehuset etter ny handsaming i Stortinget, skal eg med glede kome tilbake og takke dei for det.

Ei slik løysing vil likevel aldri *endre mitt syn på den behandlinga våre Førde-representantar har gitt oss her i Sogn i denne saka, noko som folk her heller ikkje bør gløyme så lett. Fleire skal ha æra *for etablering og oppbygging av sjukehus i Lærdal.

Vanæra for ei eventuell avvikling av dette sjukehuset, og dermed helseberedskapen i regionen, vil også måtte delast på fleire.

Fremst i rekka av dei som må minnast for ei slik ugjerning, vil nok direktøren i Helse Førde og styret hans stå. Bør det, om dette vert ein realitet, reisast ein ny minnestein ved sjukehuset, slik at folk skal hugse dette?

Men våre politikarar, som i festtalar pratar varmt om kor viktig desentralisert helseteneste er for folket, og ikkje minst for beredskapen, vil nok måtte ta sin del av denne vanæra. Problemet med denne «yrkesgruppa», er at dei aldri tek ansvar for sine ugjerningar.

Men slik eg ser det, er det vel berre politikarar som er i stand til å finne på slike løysingar som organiseringa av helsevesenet har vorte. Skulle tru dei hadde vore innelåste på Stortinget i lang tid, plaga av økonomar døgnet rundt, utan kontakt med omverda.

No heiter det «produksjon» *i helsevesenet, slik som i pølsefabrikken. Sjukehusa skal produsere og tene pengar, seier økonomane! *Det bør vel no vere på tide å få attende mennesket i sentrum når ein snakkar om helsetenesta.

For å få det til, må det truleg bli ei radikal utskifting både i den politiske og administrative leiinga på alle plan, og ikkje minst eit heilt anna verdisyn blant dei som styrer landet vårt.

Utviklinga i helsevesenet dei siste tjue åra vil eg karakterisere som galskap sett i system, med økonomi som den store avguden. Mammon er vel namnet som er nytta om slik tankegang i skrifta.

*Løysinga *på dei såkalla «økonomiske vanskane» for helsevesenet i Sogn og Fjordane, bør vel i første omgang vere å få bort byråkratoverskotet, og dermed frigjere millionsummar som kan nyttast til pasientbehandling.

Ein god start kan vere å legge ned Helse Førde. Kva i all verda skal vi med eit eige helseføretak med eit så stort direktørbyråkrati for å (van-) styre eitt heilt og to «halve» sjukehus?

Lærdal sjukehus kan leggjast til Voss (Helse Bergen), som ligg langs same hovudveg, og som difor også kan vere i stand til å sjå kor viktige desse to sjukehusa er for beredskapen langs denne aksen. Dette bryr Førde seg lite om, då det ikkje vil ha nokon betydning for dei sjølve.

Nordfjordeid sjukehus kan overførast til Møre, som denne delen av fylket i framtida truleg vil få ei endå nærare tilknyting til.

Sjukehuset i Førde kan leggjast direkte under Bergen, der det alt er eit nært samarbeid med Haukeland i den daglege drifta. Kanskje oppgåver kan overførast frå Førde til Bergen for å spare enno meir pengar?

Med denne endringa vil mykje pengar kunne overførast til pasientbehandling, sjølv om sluttpakkar til direktørar og andre byråkratar truleg vil sluke meir enn innsparinga det første året. Styret vi vel også ha litt, dersom «sandpåstrøingsjobbane» deira vert borte.

Eg håpar at dei som skal stemme ved neste stortingsval ikkje gløymer det som har skjedd i denne saka, og korleis folk i Sogn har vorte behandla av nokre av våre folkevalde.

*Men *det er vel å håpe for mykje, for når neste val kjem, går vel kveget av gamal vane inn i den båsen dei brukar å gå inn i? For det er vel tryggast der?

Og slik kjem vel åra til å gå.

🏷️ Extracted Entities (11)

Helse Førde (person) Lærdal (place) Sogn (entity) Voss Helse Bergen (person) Stortinget (entity) Fjordane (entity) Erling Sande SP (organization) Haukeland (place) Kjersti Toppe SP (organization) Møre (entity) Odd Njøs (person)