Herold

Avtalar og risiko

Plus
Kilde: Hordaland Author: Tommy Aarethun, heradsstyremedlem Voss Ap Published: 2025-12-17 15:29:00
Avtalar og risiko

Torsdag denne veka skal heradsstyret på Voss ta stilling til den framforhandla avtalen mellom Voss herad og Bømoen AS. Inngangen til saka er at vi har ein demokratisk vedteken områdereguleringsplan frå 2024.

Den siste tida har det vorte arbeida med å forhandla fram ei minneleg løysing, etter ynskje frå heradsstyret. Eit alternativ til dette har heile tida vore oreigning, for å oppfylla formålet i områdereguleringsplanen og sikra beredskap, luftsportsaktivitet og hand om idrettsområde.

No ligg det eit framlegg til avtale i bordet. Det var så langt ein kom med forhandlingar. Det må vi erkjenne. Då er det vår jobb som heradsstyrerepresentantar å vurdera avtalen. Opp mot formålet i reguleringsplan som var utgangspunktet for forhandlingar og opp mot alternativa til ei avtale.

For min del har det alltid vore eit reelt ynskje om å få til ei minneleg løysing, dersom avtalen var god nok og i tilstrekkeleg grad sikra heradet sine interesser i saka. Etter mitt syn gjer ikkje avtalen som ligg i bordet no det.

Det vert peika på at det er risiko ved oreigning og førehandstiltreding, men kva med risikoen knytt til ei avtale som føreset store endringar av ein demokratisk vedteken områdereguleringsplan? Skal vi sjå heilt vekk frå dette? Det kan vi sjølvsagt ikkje.

Etter mitt syn er det minst like stor risiko knytt til avtalesporet som det er risiko knytt til å oreigne. Ein viktig forskjell er at oreigning vil gjera at ein oppfyller formålet i områdereguleringsplanen og sikra beredskap, luftsportsaktivitet og hand om idrettsområde, medan avtalen gjev oss noko anna.

I avtalen forpliktar ein seg med anna til å vedta store endringar i områdereguleringsplanen innan 30.06.2028. Elles vil avtalen opphøyre.

I avtalen forpliktar ein seg også til å byggje Bjørke bru, med ein kostnad på mange millionar, innan 30.06.2028. Elles vil avtalen opphøyre.

Voss herad forpliktar seg altså i avtalen å gjera om 103 dekar frå friluftsområde/idrett til næring og kombinerte formål i ein nyleg vedteken områdereguleringsplan, som hausta stor skryt frå blant anna Statsforvaltaren i Vestland. Er det ingen risiko knytt til at Statsforvaltaren, eller for den saks skuld andre, vil kome med motsegner mot dette? Eller at andre vil ha noko å seia som vil påverka vedtaket i heradsstyret knytt til ny reguleringsplan?

La meg minne om at dersom ein ikkje vedtek ein endra plan akkurat slik den er avtalt i den framlagte avtalen så vil avtalen opphøyre, og alt vert sett i spel.

I september 2027 skal det veljast nytt heradsstyre på Voss. Er det ingen risiko knytt til at eit nytt heradsstyre vil kunne meine noko anna enn kva det sitjande har forplikta seg til i ei avtale? Jo, sjølvsagt. Og dersom det nye heradsstyret skulle meine noko anna enn det sitjande heradsstyret så vil avtalen som ligg i bordet opphøyre, og alt vert sett i spel.

Då står vi der då. Og ein har verken sikra idrett, idrett/luftsportsinteresser eller beredskap. Men ein har bygd ei flott bru til mange millionar, som er framskunda frå å vera eit rekkefølgjekrav til framtidig utvikling i området, til å skulla vera ferdig bygd innan 30.06.2028.

Det er risiko ved det meste i livet.

Det er ein risiko knytt til å oreigne. Det skal handsamast i retten. Men for meg er det openbert også ein stor risiko knytt til å vedta ein avtale der ein forpliktar seg til store endringar av ein nyleg demokratisk vedteken områdereguleringsplan.

Slik stiller dei folkevalde seg til Bømo-avtalen: – Det er klart at det framleis er splitting

Melder seg ut av partiet. – Eg er sjokkert

Frp held korta tett til brystet om Bømoen

Når poden masar seg fram til den dyraste julegåva, bør han ikkje få det som han vil

🏷️ Extracted Entities (6)

Voss (entity) Bømoen AS. Inngangen (organization) Statsforvaltaren (entity) Bjørke (entity) Bømo-avtalen (entity) Vestland (place)