Herold

Til deg, lokalpolitikaren i heradsstyret

Plus
Kilde: Hordaland Author: Kristian Skjeldal, på vegner av Vossaungdom med hjarta for bygda Published: 2025-12-17 15:35:47
Til deg, lokalpolitikaren i heradsstyret

Juni 2024 skreiv 177 unge vossingar under oppropet «No Tonje, no gjeld det!», eit opprop for å sikre Bømoen for framtida. På berre nokre timar samla me underskrifter frå unge i bygda som oppmoda ordføraren til å lytte til folket og tenkje på framtida – framtida til Vossabygda.

Det er svært skuffande å vere vitne til at ordføraren, i etterkant av vedtaket i Heradsstyret 13.06.2024, over natta fremjar eit forslag som står i direkte motstrid til dette vedtaket. Ordføraren har gitt heradsstyret berre tre dagar til å ta stilling i ei sak av så stor og varig betydning. Etter vår meining er dette ein framgangsmåte som undergrev tilliten til lokaldemokratiet.

For oss er det er ikkje tvil om kva fleirtalet av vossingane ynskjer. Om ein les alle innlegga i førre runde og runden før det, så ser ein kor mykje dette betyr for folk.

Me ynskjer å venda oss til dykk andre i heradsstyret – særleg representantar frå Høgre, INP, Sp, Frp og Krf. Avgjerda som vert teken no, vil avgjera framtida til Bømoen for komande generasjonar. Dette er ikkje ei enkel prinsipiell sak, det er eit retningsval for Vossabygda: for rekreasjon, for folkehelse, for tilflytting og utvikling av Voss.

Me kan ikkje uttrykkja oss klarare enn dette. Om dette ikkje er nok, har me i det minste gjort alt me kan.

Framtida vil dømma vala som vert tekne.

🏷️ Extracted Entities (9)

Bømoen (entity) Vossabygda (entity) Frp (entity) Heradsstyret (entity) Høgre (entity) INP (entity) Krf (entity) Sp (entity) Voss (entity)