Er industri viktigare enn tryggleiken for folket?
Plus
Formannskapet har med stÞtte frÄ kommunedirektÞren pÄ nytt innstilt pÄ Ä Þydelegge Holmaneset for ein 300 MW ammoniakkfabrikk. Han meiner samfunnsnytta er viktigare enn dette unike kystlandskapet og friluftsomrÄdet. Korleis kan ein pÄstÄ at eit industriprosjekt veg tyngre enn ein naturperle av dei sjeldne?
*Innbyggjarane har sagt tydeleg nei, *noko kommunen neglisjerer. Allereie i 2023 bad Statsforvaltaren kommunen finne ein annan stad. Likevel nektar kommunen Ä lytte, og tviheld pÄ at Holmaneset er eigna stad. Er tryggleiken vÄr mindre verd enn kommunen sin prestisje?
*Her er kva statsforvaltaren *i Vestland har sagt heile tida:
«PÄ bakgrunn av dei nasjonalt viktige naturverdiane i omrÄdet rÄr vi sterkt frÄ Ä gÄ vidare med planane, ikkje berre fordi dei vil Þydelegge eit skogomrÄde som er av dei eldste kystskogane som er kjent frÄ fylket, men ogsÄ fordi det er fare for at utbygginga vil skade viktige marine naturverdiar i Holmasundet.»
Kommunen har enno ikkje tatt innover seg alvoret i saka. Dette kjem mellom anna til uttrykk i innstillinga som skal opp i kommunestyret den 18.desember 2025, der vi kan lese fÞlgande: «Risiko for utslepp knytt til havari eller ulykker i driftsfasen er ut frÄ gjeldande regelverk og krav til tryggleikstiltak vurdert Ä vere sÄ liten at eventuell pÄverknad frÄ slike hendingar ikkje kan reknast med».
*NÄr skal kommunen ta innover seg at ein ammoniakkfabrikk faktisk er ei storulykkesbedrift? *
Same kva kommunedirektÞren mÄtte tru og meine om kor vidt ei ulykke kan skje eller ikkje, mÄ ein forvente at tryggleiken til befolkninga kjem fÞrst.
Kommunen sin «grÞne draum» framstÄr som eit mareritt for bÄde folk og natur. Ulykker skjer, ofte grunna menneskeleg svikt, slik vi sÄg dÄ NCL-fartÞyet, som i Ärevis gjekk i rute her, plutseleg hamna i ein hage i TrÞndelag. I dagens geopolitiske situasjon er sabotasje og hacking ein reell trussel mot energiforsyninga. Ammoniakk er ikkje berre ein energiberar, men ogsÄ ein innsatsfaktor i vÄpenindustrien. Dette gjer anlegget til eit risikomÄl vi ikkje kan akseptere sÄ tett pÄ busetnaden.
*Samfunnsnytta av ein slik fabrikk kan vi ikkje sjÄ er vurdert nÊrare, anna enn at fleirtalet av politikarane i Bremanger er bekymra for klima og regnskog alle andre stader enn i eigen kommune. *
Statlege retningslinjer er klare: Nedbygging av karbonrik myr og skog skal unngÄast for Ä bevare naturen si evne til karbonlagring. Klima- og miljÞministeren gjekk seinast i oktober 2025 ut med ei tydeleg formaning til norske kommunar og statsforvaltarar om ei skjerpa oppfÞlging av plansaker som omfattar nedbygging av natur. Der skriv han mellom anna:
âOmdisponering og nedbygging av karbonrike areal, inkludert myr, tidevannssump og andre typer vĂ„tmark og skog, skal unngĂ„s sĂ„ langt som mulig, slik at arealenes evne til lagring og opptak av karbon opprettholdes».
Bremanger kommune innstiller pÄ Ä gjere det motsette. Dersom politikarane meiner alvor med Ä kutte utslepp, er det uforstÄeleg at dei overser fjerninga av 16,5 dekar myr og dei alvorlege NOx-utsleppa frÄ anlegget. NOx er ein aggressiv klimagass som skadar Þkosystema vÄre i opptil 100 Är. Kvifor tel ikkje dette i kommunen sitt reknestykke?
*Holmanesprosjektet *pÄ 300 MW er eit straumsluk utan sidestykke. Med eit forbruk pÄ 1,26 TWh legg anlegget beslag pÄ like mykje straum som 80.000 hushaldingar. Det er meiningslaust at nÊr halvparten av energien forsvinn som spillvarme rett i sjÞen og i dei viktigaste Þkosystema vi har; Älegrasengene og tareskogen Ein temperaturauke i fjorden pÄ rundt 1 grad, kan fÄ uante konsekvensar for stadbundne artar, og den sterk truga kysttorsken.
Kommunen har inga dokumentasjon pÄ at samfunnsnytta kan forsvare tapet av raudlista natur.
Tvilen vert forsterka av Cicero, som er skeptiske til samfunnsnytta, og NTNU, som slÄr fast at ammoniakk aldri vil bli hovuddrivstoff for global skipsfart. Financial Times skriv ogsÄ om hydrogenbobla som sprakk. SjÞlv RambÞll skriv (i samband med utgreiing i anna sak) at dei stÞrste barrierane mot ein skipsfart pÄ ammoniakk, er at ammoniakk er giftig, gjev dÄrleg forbrenning, har N2O-utslepp og kan gje ammoniakklekkasjar. Teknologien er ikkje moden, skriv dei.
Kvifor skal vi ofre naturen vÄr for eit prosjekt med sÄ tvilsam verdi?
*Kommunen si haldning til risiko og sÄrbarheit i Svelgen er hÞgst urovekkande. *
Ammoniakk lagrast nedkjÞlt til minus 33 grader, og ved ein lekkasje vil halvparten av vÊska straks fordampe til ei livsfarleg gassky. Dette er eit faktum som kommunen nektar Ä ta innover seg. Trass i krav frÄ innbyggjarane, har kommunen aldri utgreia eit «verst tenkeleg scenario». Vi veit ikkje kva konsekvensar eit utslepp vil fÄ for liv og helse, verken pÄ land eller i sjÞen, berre at det er svÊrt, svÊrt farleg.
Det vi derimot veit, er at fylkesvegen, vÄr einaste veg til sjukehuset, vil bli stengd. Samstundes vil folk pÄ andre sida av fjorden vere utan fluktmoglegheiter. Kommunen opptrer arrogant nÄr bekymringa til innbyggarane ikkje blir tatt pÄ alvor. Ingen kjenner i dag kva planar kommunen har for Ä sikre beredskapen for oss som bur utanfor det definerte tiltaksomrÄdet, og kva slike planar inneber.
Torsdag 18.desember 2025 fell valet om Holmaneset. Skal ei naturperle av nasjonal verdi ofrast for Ä kaste straum pÄ sjÞen ? Vi risikerer Ä Þydelegge viktige gyteomrÄde og eit unikt kystlandskap som gjennom generasjonar har stor verdi som friluftsomrÄde, ikkje minst ogsÄ for smÄbÄtar.
Ved Ä seie nei og lytte til innbyggarane og alle som Ätvarar, har kommunestyret denne dagen mogelegheit Ä sikre sjÞfuglbestanden og gje framtidige generasjonar ein trygg oppvekst med levande natur.
*La oss hÄpe *at kommunedirektÞren og dei ansvarlege politikarane vil bli hugsa med eit positivt forteikn nÄr siste stemme er talt pÄ torsdag. Om ikkje, vil vi tru at Holmaneset ein vakker dag blir sikra statleg vern, om saka skulle hamne pÄ klima- og miljÞministeren sitt skrivebordet.