Herold

Fleire blir ramma av musepest: Slik kjenner du igjen sjukdommen

Kilde: NRK Author: Christina HÄrvik Nieuwlaat Published: 2025-12-17 14:52:22
Fleire blir ramma av musepest: Slik kjenner du igjen sjukdommen

Musepest er pÄ veg oppover med 34 tilfelle sÄ langt i Är. Dette er symptoma som kan bety at du er smitta.

Saka oppsummert:

  • Musepest er forĂ„rsaka av Puumalavirus, som spreier seg via klatremus i SĂžr-Noreg og rĂždmus i Nord-Noreg.
  • Smitte skjer gjennom innanding av stĂžv frĂ„ muselort, urin, eller via forureina vatn.
  • Typiske symptom inkluderer magesmerter, mild leverbetennelse, lĂ„ge blodplater og forbigĂ„ande nyresvikt.
  • Personar med hĂžgare risiko, som gravide eller dei med nyresvikt, bĂžr vere ekstra forsiktige.
  • UnngĂ„ kontakt med mus og museekskrement, og bruk vĂ„t klut, hanskar og munnbind ved reingjering.
  • Det er meldt om 29 tilfelle av musepest i Noreg sĂ„ langt i Ă„r.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frÄ OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar fÞr publisering.

– Det ein mĂ„ vere merksam pĂ„ er magesmerter. Spesielt om det oppstĂ„r to til tre veker etter at ein har vore i kontakt med gnagar-ekskrement, seier overlege Jan Bitter ved SĂžrlandet sykehus.

*Gnagarar er no eit problem i fleire heimar. *

NRK har nyleg skrive at 2025 blir eit Är med betydeleg fleire mus enn fÞr.

Overlegen har fleire gonger Ärleg opplevde pasientar som fÄr denne virussjukdommen.

– Det er spesielt i Ă„r med mange lemmen og mus. Vi ser eit auka tal pasientar med puumalavirus, fortel han.

Ikkje alle gnagarar kan spreie viruset

SÄ langt i Är er det meldt inn 34 tilfelle av musepest i Noreg. I fjor var talet 27 tilfelle.

Talet kan ende opp med Ä bli hÞgare nÄr Äret er omme.

Desember inngÄr ikkje i tala i Är, og mÄnaden byr normalt pÄ mange tilfelle av musepest. Dessutan blir ein del sjukdomstilfelle etterrapportert.

SjÞlv om det er eit skikkeleg «musÄr», er FHI usikre pÄ om det ogsÄ blir uvanleg mange musepest-tilfeller.

Normalt har Innlandet og Telemark mest musepest.

Klatremus pÄ verstingliste

Helena Niemi Eide er lege ved avdeling for Smittevern og beredskap i Folkehelseinstituttet.

Ho fortel at det ikkje er alle museartar som kan spreie musepesten.

– Vi kan sjĂ„ ein auke av musepest viss bestanden av klatremus aukar. I Ă„r er det sĂŠrleg rapportert om auke av smĂ„skogmus. Den arten spreier ikkje musepest, seier Niemi Eide.

Musepest

  • Musepest forĂ„rsakes av Puumalavirus, som tilhĂžrer virusslekten Hantavirus i familien Bunyavirus.
  • De ulike Hantavirusene smitter spesifikt ulike gnagere, og klatremus (Myodes glareolus) regnes som hovedreservoar for Puumalavirus i SĂžr-Norge, mens rĂždmus (Myodes rutilus) er hovedreservoaret i Nord-Norge.
  • SmĂ„gnagere skiller ut virus i spytt, urin og avfĂžring.
  • Smitte til mennesker skjer gjennom innĂ„nding av stĂžv som inneholder virus fra muselort og –urin, eller ved inntak av vann forurenset med avfĂžring fra mus.
  • De senere Ă„rene har ca 20 personer fĂ„tt pĂ„vist musepest Ă„rlig.

Kilde: Folkehelseinstituttet

Overlege Jan Bitter har mange gonger mÞtt pasientar med musepest og seier ein skal sjÄ etter desse symptoma:

  • Magesmerter
  • Mild leverbetennelse
  • LĂ„ge blodplater
  • Nyresvikt

FHI pÄpeikar at musepesten ikkje er ein vanleg sjukdom, men oppfordrar likevel folk til Ä unngÄ kontakt med gnagarar og avfÞringa deira.

SPREIER SEG: DÞde mus og museekskrement kan spreie musepest. UnngÄ Ä rÞre dei utan vern.

Svangerskap og nyresvikt

Finn du noko som kan likne pÄ avfÞring frÄ mus i heimen?

DĂ„ bĂžr du tenke deg om fĂžr du begynner Ă„ vaske det vekk.

Smitten blir overfÞrt via stÞvet frÄ tÞrka avfÞring.

– Om ein ser museekskrement bĂžr ein bruke vĂ„t klut ved reingjering. For ekstra vern kan ein bruke munnbind og hanskar, seier Niemi Eide ved FHI.

I nokre tilfelle kan smitten ogsÄ overfÞrast gjennom drikkevatnet.

Menneske med hÞgare risiko for Ä bli sjuke bÞr vere ekstra forsiktige. Vanlegvis er sjukdommen godarta og gir ein forbigÄande nyresvikt.

– Ekstra varsam mĂ„ ein vere om ein er gravid eller lir av nyresvikt, seier overlegen frĂ„ SĂžrlandet sykehus.


đŸ·ïž Extracted Entities (23)

Agder 📁 (category) Norge 📁 (category) Puumalavirus (entity) Skadedyr 📁 (category) Helena Niemi Eide (person) Jan Bitter (person) Myodes (entity) Noreg (entity) Sþrlandet (entity) Bunyavirus (entity) FHI (entity) Folkehelseinstituttet (entity) Hantavirus (entity) Hantavirusene (entity) Innlandet (entity) KI-teneste (entity) Nord-Noreg (entity) Nord-Norge (entity) OpenAI. Innhaldet (organization) Smittevern (entity) Sþr-Noreg (entity) Sþr-Norge (entity) Telemark (place)

📊 Metadata

Category: Agder, Skadedyr, Norge