Trump varslar oljeblokade - Venezuela protesterer
– Trumps blokade er fullstendig irrasjonell og eit brot på fri handel og fri ferd til sjøs, svarer Venezuela.
USAs president Donald Trump beordrar ein «total og komplett blokade» av alle sanksjonerte oljetankskip som skal inn eller ut av Venezuela.
Det skriv han på sitt eige sosiale medium.
– Venezuela er fullstendig omringa av den største armadaen som nokon gong er samla i Sør-Amerikas historie. Den vil berre bli større, skriv han.
Målet er å tvinge Venezuela til å gi tilbake det Trump-administrasjonen påstår er USAs oljefelt og eigedomar i Venezuela.
Maracaibo-innsjøen i Venezuela. I bakgrunnen ser vi oljeterminalen La Salina.
I den same meldinga stemplar Trump det venezuelanske regimet, under president Nicolás Maduro, som ein utanlandsk terrororganisasjon (FTO).
– Trumps blokade er fullstendig irrasjonell, svarer Venezuela i ei utsegn.
Sanksjonerte skip
USA har svartelista ei rekke tankskip fordi dei fraktar olje eller varer på måtar som amerikanske styresmakter meiner bryt sanksjonane mot Venezuela.
Dette er typisk:
- Skip frå «skuggeflåter» som skrur av sporingssystemet eller endrar flagg for å skjule kvar dei fraktar olje.
- Skip som eksporterer venezuelansk olje via mellombels eigarskap for å omgå sanksjonar.
- Tankskip som USA meiner er knytte til nettverk som hjelper Venezuela å omgå sanksjonane, til dømes ved å laste olje saman med skip frå Russland eller Iran for å skjule opphavet.
Slike skip blir blokkerte frå å ha forretningar med amerikanske selskap eller personar, og kan sjølv bli beslaglagt.
Kjelde: Finansdepartementet i USA, Marine Executive
Utpeika som terroristar
Den formelle terrorerklæringa mot det såkalla «Solkartellet», Cartel de los Soles, kom allereie i november.
Utanriksminister Marco Rubio uttalte då at kartellet er ansvarleg for vald og narkosmugling, som truar den nasjonale tryggleiken til USA.
Rubio støttar aktivt den venezuelanske opposisjonen og ønsker eit regimeskifte i det latinamerikanske landet.
Marco Rubio 16. desember, på veg til ei høyring om amerikanske angrep på båtar som kjem frå Venezuela.
USA meiner at «Solkartellet» blir leia av president Maduros indre sirkel. Maduro sjølv nektar for det.
Venezuelas utanriksdepartement kalla erklæringa «ei ny og latterleg løgn» og sa at ho er meint å rettferdiggjere «eit illegitimt og ulovleg inngrep» i landet.
Gatekunst som fordømmer USAs sanksjonar mot Venezuela. Caracas 5. juni.
At dette kartellet i det heile tatt opererer som ein samla organisasjon, er det fleire som tviler på.
Uavhengige ekspertar på narkosmugling i Latin-Amerika, som Insight Crime, meiner at det snarare er eit korrupsjonsnettverk.
Tankesmia Washington Office on Latin America (WOLA) har åtvara om at å definere heile det venezuelanske regimet som ein FTO, vil skade sivilbefolkninga meir enn regimet.
«Stolen olje»
I innlegget hevdar Trump også at Venezuela har stole olje og land frå USA.
Etter at Venezuela nasjonaliserte oljeressursane sine i 2007, har amerikanske oljeselskap vunne milliardkrav i internasjonale domstolar.
Desse har Venezuela nekta å betale.
Kan ein stat ta olja si frå eit selskap?
- Folkeretten gir statar rett til å nasjonalisere naturressursane sine, inkludert olje og gass.
- Men dette må bli følgd av ein kompenasjon til selskapa som tapar verdiar.
- Å bruke militær makt, til dømes ein blokade, for å tvinge fram ein slik kompenasasjon eller hente ut verdiar, er i strid med folkeretten.
Kjelde: FN, ICJ
I innlegget på Truth Social skriv Trump at inntektene frå desse «stolne oljefelta» blir brukte til å finansiere terrorisme, narkotikahandel og menneskehandel.
Påstanden om at Maduro-regimet, gjennom Solkartellet, utgjer ein trussel mot USAs sikkerheit, har vore Trump-administrasjonens grunngiving for å ei rekke omstridde angrep mot båtar i Det karibiske havet i haust.
Det er ikkje lagt fram noko dokumentasjon for påstandane.
– For USA er dette berre eit påskot for å rettferdiggjere angrepa den siste tida. Dette kartellet er ein sekkenemning og ikkje ei eining som har ein bestemt struktur. Det har ingenting med USAs tryggleik å gjere, seier professor i samanliknande politikk Leiv Marsteinstredet ved Universitetet i Bergen.
Mer effektivt enn båtangrep
Fleire folkerettsekspertar meiner angrepa på båtar den siste tida er i strid med folkeretten.
FNs høgkommissær for menneskerettar, Volker Türk, og FNs fremste ekspert på nedkjemping av terrorisme, Ben Saul, har begge sagt at angrepa bryt med folkeretten og menneskerettane.
Leiv Marsteinstredet meiner det er meir effektivt for USA å konfiskere olje.
– Å konfiskere olje råkar president Maduro meir direkte. Dette er eit spel der USA aukar trusselnivået for å forsøke å tvinge ham til å gå av.
Professoren tør ikkje spå om kor langt USA og er villige til å gå.
– Men det er betre å konfiskere olje enn å skyte på tilfeldige personar i båtar, seier han.
Oljeeksport ned
Tidlegare har USA brukt sanksjonar for å straffe selskap som handlar med Venezuela. Ved å innføre ein blokade, vil den amerikanske marinen stoppe skipa fysisk.
USA har allereie sendt fleire krigsskip til venezuelansk farvatn. Offisielt er dei der for å overvinne narkosmugling.
Bildet er av det amerikanske krigsskipet USS Gravel som forlèt Port of Spain i Trinidad og Tobago den 15. desember.
Venezuelas oljeeksport har allereie sokke etter at USA la beslag på det sanksjonerte oljetankskipet «Skipper» utanfor kysten deira førre veke. Same veka innførte dei nye sanksjonar mot Venezuelas oljetransport.
Sidan har berre oljetankskip som er chartra av det amerikanske selskapet Chevron, segla ut frå Venezuela med olje. Skip med totalt 11 millionar fat olje om bord held seg i venezuelansk farvatn.