La elva renne fritt frå fjellet
Plus
Det er ikkje kjekt å vere den sure vaksne, men NEI, de får ikkje bygge ut Selselva meir! I valkampen var det eit viktig poeng for einskilde å bli ein JA-kommune, og vere JA-politikere. Diverre er det nokon som må vere den kjedelege vaksne som seier nei nokre gonger.
Men** SV** vil vere dei som seier JA til naturenog klodens bereevne!
Vi vil sei JA til barn som får leke i friske elvar og** gå tur i urørd natur**.
Vi vi sei JA til fleire insekt og fuglar som kjem tilbake, laksen i elva og hjorten som har sine stiar mellom folka. JA til grønn verdiskaping som ikkje er grønvaska.
Nokon seier vi arvar ikkje jorda frå våre forfedre men lånar den frå barna våre. Kva klode vil vi overlate til dei? Forbruket må ned, og kraftbruken må regulerast.
Både Senterpartiet i formannskapet, og dei avisoppslaga som støttar utbygging, må ha leita godt for finne dei få uttalene som er positive til utbygging. Berre 8 Stk, i tillegg til dei som sjølv kjem til å tene pengar på dette. Ikkje alle grunneigarane i området fekk invitasjon og høve til å møte på kort varsel i ferien.
Underskriftskampanjen mot utbygging syner 774 ganske lokale underskrifter i tillegg til 47 uttalane mot. Store deler av desse er og lokale. I alt er det 92 fråsegner fordelt på 38 (2024) og 53 (2025).
Vi ser at denne prosessen har vore slik dei fleste prosessar om kraftutbygging i det siste har vore: Dukk opp litt uventa, snakk med folka i små grupper, kall inn til møte på kort varsel, og inviter ikkje alle. Vi ser det i vindkraftsaker og no i småkraftsaker.
Har dei ei eiga kursing om splitt og hersk? Og kven arrangerer den?
Vi ser mange ting som gjer oss bekymra i denne saka.
- Søkjar opnar informasjonen i formannskapet med å bruke myten om at småkraftverk har mindre økologisk fotavtrykk. Dette er grundig tilbakevist, og kan kanskje gjelde i nokre høve, men er ingen sanning!
- «Ingen nye areal blir lagt under vatn,» ? seier nokre av dei få som er positive. Det er vanskeleg for oss som har leika i sølepytter og demma opp i sandkasser å forstå at ein forhøya mur ikkje vil demme opp vatnet. Det må jo vere heile poenget med ein dam, for å skape meir trykk til vassverket.
- Dei held og fram at muren vert pen. Og like pen som trapper og murar som er laga for å sleppe turisme inn i fjella. Slik eg ser det er dei trappene og stiane laga for å samle tråkket, og ikkje ha folk overalt rundt tråkka. Det beskyttar og myrer og lyng for trakk.
- *NVE ber kommunen orientere om høyringa *på heimesida si og eventuelle sosiale media. Dei svarar på det med å setje munnkurv på Helge Kårstad som delte informasjon om dette på Facebook-sida Skaraly, og stengde heile sida til etter det politiske møtet. Er dette demokrati slik vi ynskjer å ha det?
- Storehesten opp, Skaraly, toalett og flotte stiar. Tenk alt det fantastiske som har skjedd i dette området, og framleis kan utvikle seg. Kva gjer ein slik sak med folk flest? Korleis engasjere til giv for fjella og bygda når ein slik jobb ikkje vert løfta og hedra. Dugnadsånda i området ha vore fantastisk! Vi forventar at dette arbeidet skjer på ein berekraftig og naturvennleg måte, og vil nok heller ikkje la turismen få fritt fram!
- *Bergseslva *er og under utbygging. Kor kjem neste? Ei ny utbygging kan legalisere enda meir!
- *Ordførar *gjentar ofte at Unesco status ikkje skal vere til hinder for utbygging, og det er jo rett, formelt er det nødvendigvis ikkje det. Men burde vi ikkje snu det og sjå mulighetene, og sjå potensiale i å ha fått ein slik status?
Klipp frå ei hørying frå kollegaer ved institutt for Bygg-, Miljø- og Naturvitenskap ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. : Deta Gasser, professor i berggrunnsgeologi, HVL campus Sogndal Denise Christine Rüther, førsteamanuensis i sedimentologi, HVL campus Sogndal Inger Auestad, førsteamanuensis i vegetasjonsøkologi, HVL campus Sogndal Marianne Nilsen, førsteamanuensis i marinøkologi, HVL campus Sogndal Lisbeth Dale, høgskulelektor i arealplanlegging, HVL campus Sogndal;
«Området rundt Selsvatnet består av en rekke sedimentære bergarter som dokumenterer et komplekst samspill mellom nedbrytningen av en fjellkjede og avsetninger av erosjonsproduktene i forkastningsbassenger. Bergartene er godt blottet langs vannkanten og i området rundt, og en oppdemning og regulering av vannet vil redusere tilgangen til blotningene og forverre opplevelsen av dette unike fjellandskapet betydelig.» «Et sårbart økosystem i både vannet og elven En oppdemning av Selsvatnet endrer hydrologien i både vannet og elven nedstrøms, noe som påvirker erosjon, sedimenttransport og artsmangfoldet i og langs vannet og elven. Inngrepet gjør om et urørt fjellvann til et teknisk regulert vann, med vann, med negative konsekvenser for vegetasjon, bunndyr, insekter, fisk og fugler langs fjellvannet og i elven.» «Energinytte versus naturtap Norge ønsker å øke produksjon av fornybar energi for å bidra til å redusere klimagassutslipp, men dessverre fører denne økningen til et minst like stort problem: nedbyggingen av urørt natur og tap av artsmangfold. Økt energiproduksjon fører ofte til økt energiforbruk i stedet for reduserte utslipp, og naturen er taperen i denne prosessen. Vi vurderer energigevinsten fra Selsvatnet-utbyggingen som liten sammenlignet med de store natur- og landskapsverdiene som vil gå tapt egative konsekvenser for vegetasjon, bunndyr, insekter, fisk og fugler langs fjellvannet og i elven.»
Visit FjordKysten og Sunnfjord er destinasjonsselskapet for kommunane Kinn, Sunnfjord, Fjaler, Askvoll, Hyllestad og Solund. Seier: «Vi samlar reiselivet i regionen, og har saman med medlemene valgt ei strategisk retning for reiselivssatsinga som fokuserer på at regionen har store natur- og kulturverdiar, og i stor grad framstår som urørt samanlikna med andre regionar. Dette er verdiar som er under press internasjonalt, og som gir regionen ein meirverdi både for lokalbefolkning og gjestar. I 2025 fekk Fjordkysten Regional- og Geopark UNESCO status for naturverdiar og geologi av internasjonal verdi. Området rundt Storehesten inngår i parken sitt område. Vi meiner tiltaket inneber inngrep i eit område som har natur- og friluftsverdiar av stor regional verdi.»
Antropocen - da menneska tok over..
Vi har lenge vore i ei tid der «menneskers avtrykk på jorda så tydelig at forskere gjerne vil kalle det en ny geologisk epoke – antropocen – eller menneskets tidsalder.»
«Av de viktigste miljøendringene som avleses i jordens geologi, er bruken av atomvåpen, utryddelse av biologisk mangfold, forurensning til lands som til havs og klimaendringer. Blant endringene er også surhetsnivået i havet, det geokjemiske kretsløpet til fosfor og nitrogen og den store økningen av arealbruk.
Mennesker har etset et avtrykk i form av klimaendringer, tap av arter og forurensning med slik styrke og varighet at forskerne altså i flere år har diskutert om det kan kalles en ny geologisk epoke.»
"Årsakene til naturtap ifølge FNs naturpanel, i rangert rekkefølge
- Endret arealbruk får vi fordi vi hogger ned skog for å dyrke andre planter, og vi bygger store demninger, hus, hytter og veier i naturen.
- Overforbruk av dyre- og plantearter får vi fordi vi fisker for mye eller skyter for mange av en art."
Sjølv om denne demningen ikkje er så stor, er dei på førsteplass i FN si liste over grunnene til naturtap, vi kan ikkje halde fram som no. Stykkevis utbygging og neddemming rundtom øydelegg kloden.
Vi er komet til eit punkt der vi må tenke sterk bærekraft i alt vi gjer, alle bestemmelser må gjere kloden og nærmiljøet litt betre, og vi må sjå alt i samanheng.
Vi støttar motsegna til statsforvaltaren:
«Statsforvaltaren fremjar, i medhald av vassressurslova § 24 tredje ledd, motsegn mot søknad om regulering av Selsvatnet. Sjølv om den nye søknaden inneber eit mindre reguleringsinngrep i høve til den første søknaden, vil ei utbygging framleis føre til inngrep i urørt fjellnatur med viktig naturmangfald og friluftsinteresser. Ei regulering av Selsvatnet vil òg stride mot premissar som ligg til grunn for den eksisterande konsesjonen»
SV meiner;
- Ta vare på området kring Hestane og bruk Unescostatusen til spanande og berekraftig utvikling! Vi treng urøyrd natur!
- Ta vare på både geologisk og biologisk mangfald, området er svert spesielt, og vi kan ikkje halde fram med bit for bit nedbygging av naturen vår. Raudlista må bety noko!
- Ta vare på kloden. Vi må sjå det totale bruken av energi, forbruket vårt er den viktigaste utfordringa kloden vår står i. Vi må regulere bruken betre, forbetre energisparing og fornye allereie eksisterande vassverk mm.
Kommunen ville ha vekk «politisk innhald». Kårstad føler seg dolka i ryggen
Stopp! Storehesten er ikkje til sals for meir kraft!
Norsk Vannkraft AS meiner det er naturvennleg å regulere Selsvatnet ved Storehesten. Snakk om grønvasking