Det er nå Norge burde stå imot EU
Plus
Nestleiar i Europeisk Ungdom Innlandet Alva Tekrø Rolid meiner i lesarinnlegg i OA at vi bør sjå mot EU. Eg meiner som overskrifta seier at vi bør stå imot EU.
Rolid meiner at: det er vanskeleg å finne poenget med at land med så mye makt og innflytelse på Europa som Norge har, skal være utenfor beslutningsprosessene av disse endringene som påvirker landet vårt i høyeste grad.
Ja, eg er einig i at Norge har makt og innflytelse, men det er fordi står utanfor EU og kan føre ein sjølvstendig politikk som tener norske interessser. Vi må ikkje gløyme at EU er ein union der stormakter dominerer og at demokrati for småstatar ikkje står sterkt. Det er langt til Stortinget men lengre til Bryssel heitte det i 1994 og det gjeld fortsatt. Det står i EU og EØS reglane at EU lover går framfor landet sine lover. Vi opplever at lover og reglar som passar for sentrale EU landa ikkje tener Norge. Eit godt døme er straum/energi. Både private og ikkje minst industrien vår er ramma av høge europeiske straumprisar.
Rolid meiner at:* der er dumt at dagens regjering ikke har turt å ta opp EU-spørsmålet. *Det er sjølvsagt fordi dei ser at det fortsatt er sterk og auka motstand mot både EU og EØS avtalen, dette gjeld og ungdom. Men vi i Nei til EU spreier kunnskap og tek gjerne ein EU debatt. God kunnskap om saka var ein viktig grunn til at vi har fått nei i to EU-avrøystingar.
Rolid meiner at:* I frykt for polarisering har dette derfor ikke blitt tatt opp igjen etter 1994. Hva med oss unge , seier ho vi bør og få stemme. Det norske folk har sagt nei to ganger. Det bør halde meiner eg, om det var motsett *hadde neppe ja-sida ønska omkamp. Eg har ein misstanke om at dei har lært av EU land der det har vore fleire avrøystingar til dømes då EU vart union. Det var mellom anna i Danmark to avrøystinga, det enda med ja. Det ser ut til at dei får stemme til dei får får det «rette» svaret.
Ho nemner og tollen på ferrolegeringer, som ho mener er rett og at vi må slutte å gå i forsvarsmodus for småting. Om dette hadde vore småting for folk hadde neppe EU motstanden vore så stor.
Europa må stå sammen og fokusere på samarbeid når det virkelig gjelder, avsluttar ho med. Det er eg einig i. Norge samarbeider godt både med EU og land utanfor som til dømes England som gjekk ut av EU. Samarbeid må sjølvsagt til, men union treng vi ikkje.