Villfaren ordførar
Plus
Slik som ordførar Jens Olav Hoven og «dei fleste i Hardanger» ynskjer eg «ein rein og frisk Hardangerfjord» (Avisa Hordaland 25.11.25). Men dersom han trur at oppdrettsanlegg i Bruravik vil bidra til dette, så er han villfaren. Ikkje ulikt førre ordførar Hans Petter Thorbjørnsen såg ut til å ha vore i 2021 då han melde at anlegget kom til å ha «null utslepp av ureinande stoff» (Avisa Hordaland 18.03.21).
Kor lukka er dei «lukka oppdrettsanlegga» prosjekterte i Ulvik? Etter å ha reinsa ut 18–37 prosent av forskjellig avfall, så er planen å kvart år sende 368 tonn nitrogen, 56 tonn fosfor og 1125 tonn organisk karbon på fjorden. Dette er ca. 70 gonger så mykje nitrogen og 90 gonger så mykje fosfor som Ulvik sine innbyggjarar sende på fjorden i 2023. For fosfor så tilsvarar det planlagde utsleppet ein fellesfjøs med meir enn 3740 mjølkekyr (ei kyr produserer 15 kg fosfor pr. år) som sender storparten av næringsstoffa rett på fjorden. Nitrogen og fosfor kan vere ureining i fjorden, slik det kan vere ureining på land, og særleg organisk karbon tek oksygen frå vatnet.
Dei lukka merdane er solide konstruksjonar samanlikna med merdane som mistar tusenvis av laks, men det er også konstruksjonar som berre har vore prøvd ut nokre få år. Dei er laga av plast eller betong og ligg ute i fjorden utsett for naturkreftene, med den risikoen det inneber.
Til slutt skal det også nemnast at utslepp er ikkje den einaste forureininga anlegget fører med seg; lukka anlegg bråkar så mykje at risikoen for å stenge større sjødyr ute frå fjorden er reell, det fører med ljosforureining, og er sjølvsagt ei ytterlegare nedbygging av naturen.
Skal vi la Bruravik bli starten på oppdrett i Indre Hardanger?
Cittaslowbygda Ulvik baklengs inn i framtida?
Svar til Klaus Rasmussen og Naturvernforbundet Hardanger
Rein fjord gjev trygg mat
Trist sorti for «kraftkommunen»
Svar til Klaus Rasmussen