Sender ut gult farevarsel i fjellet
Plus
Varsom.no melder om mykje snøfokk og redusert sikt på fjellet.
Frå onsdag kveld er det meldt om vanskelege køyreforhold og lokal snøfokk i fjellet på grunn av kraftig vind.
– Snøfokk gjev stadvis redusert sikt og snø som pakkar seg i vegbanen. Veger kan bli stengde og kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel, står det i farevarselet.
Varsom.no oppmoder folk å ha riktige dekk og køyra etter forholda. Dei oppmoder elles om;
- Rekn ekstra tid til transport og køyring.
- Fylg råd og sjekk status frå transportaktørar.
- Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no/trafikk.
- Unngå unødvendig ferdsle på utsette stader, og kle deg etter forholdene.
Farevarselet gjeld fram til klokka 13 torsdag.