Herold

No kan endeleg verda kome til Astrup!

Plus
Kilde: Firda Author: Jacob NĂždseth, fylkestingsrepresentant for Venstre Published: 2025-12-17 08:36:07
No kan endeleg verda kome til Astrup!

Snart hundre Ă„r etter han dĂžydde sĂ„ dreg Nikolai Astrup fulle hus til utstillingar her heime og pĂ„ fleire kontinent. Neste Ă„r er det Japan som stĂ„r for tur. Eit nytt visningssenter ved Astruptunet i JĂžlster er viktig for Ă„ formidle breidda i kunstnarskapen pĂ„ best mogleg vis – i det landskapet der kunsten i det alt vesentlege vart skapt. NĂ„r vi lĂžftar Astrup ut i verda, mĂ„ vi ogsĂ„ kunne invitere verda til Astrup!

Prosessen har tatt mange Är, og endeleg er all finansiering pÄ plass. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, staten, kommunen og fylkeskommunen har alle kome med store belÞp som gjer realiseringa mogleg. Eg dristar meg likevel til Ä sÊrleg trekke fram Sparebankstiftelsen DNB, med Anders BjÞrnsen i front, som heilt avgjerande viktige for at tunet er opprusta i all sin prakt, og at no visningssenteret blir realisert. Dette handlar ikkje berre om pengar, men om eit djupstikkande og ektefÞlt engasjement for kunsten som smittar og motiverer oss andre.

SjÞlv har eg vore tett pÄ aktÞrane og prosjektet dei siste to Ära i mi rolle som hovudutvalsleiar for kultur i Vestland fylkeskommune. Eg kjenner pÄ ei stor takksemd for at vi har klart Ä skape eit solid politisk fleirtal i fylkestinget som vil at visningssenteret skal realiserast i samband med at det no er 100 Är sidan Astrup dÞydde. Dei som har arbeidd for prosjektet i tiÄr fortener stor ros for pÄgangsmot og engasjement.

Prosjektet med visningssenter for Astrup viser kva vi kan fĂ„ til nĂ„r vi lĂžftar ilag. BĂ„de pĂ„ tvers av forvaltningsnivĂ„, og mellom offentleg og privat sektor. Vi i Venstre hĂ„par vi ser mange liknande samarbeid rundt om i Vestland dei komande Ă„ra. Fordi kultur bygger samfunn – og det treng vi no meir enn nokon gang.

No er Astrup-visningssenteret fullfinansiert

Millionar til overs etter desse prosjekta

– Nytt visningssenter pĂ„ Astruptunet nĂŠr fullfinansiert

đŸ·ïž Extracted Entities (10)

Nikolai Astrup (person) Astruptunet (entity) Vestland (place) Anders BjĂžrnsen (person) Fjordane (entity) Japan (entity) JĂžlster (entity) Sogn (entity) Sparebankstiftelsen DNB (organization) Venstre (entity)