Er du Kai Aage Pedersen rett mann til å leie Firda?
Plus
Eg har aldri tidlegare skrive lesarinnlegg i Firda, men no prøvar eg. Måten du som redaktør over lang tid har brukt spalteplass og posisjon på, gjer at det er på tide å stille deg følgjande spørsmål: Er du rett mann til å leie denne avisa, og kva ønskjer du å oppnå med synspunkta dine?
Firda har i ei årrekke hatt eit sterkt og vedvarande negativt fokus på Sunnfjord kommune. Kritisk journalistikk er både nødvendig og viktig, men når dekninga over tid får preg av personfokus, kampanjejournalistikk og det som kan opplevast som ei vendetta, er det grunn til å spørje om det. Særleg gjeld dette dekninga av aldersheimane, som har vore både langvarig og etter mi meining usmakleg.
Bak desse institusjonane står det menneske. Tilsette – mange av dei unge, engasjerte og dyktige – som kvar dag gjer så godt dei kan innanfor dei rammene dei får. Når institusjonar og indirekte dei som jobbar der blir rakka ned gong på gong, må ein spørje: Kven får lyst til å jobbe i eldreomsorga eller i kommunal sektor i Sunnfjord då?
I den siste artikkelen din blir også kommunedirektør Terje Heggheim omtalt på ein måte som vitnar om manglande forståing for rolla hans. Han styrer ikkje fritt, men jobbar innanfor dei rammene politikarane vedtek. Det burde ein redaktør vite – og ta omsyn til.
Eg trudde det følgde med klare krav og forventningar til ein redaktør i ei lokalavis. Å bruke makta du har til å sparke nedover, utan å vise forståing for det menneskelege aspektet, skadar ikkje berre omdømmet til kommunen – det skadar også Firda sitt omdømme.
Firda var ein gong ei avis ein gledde seg til å lese, eit høgdepunkt å starte dagen med. I dag opplever mange at engasjementet og breidda er borte, og at tonen ofte er meir konfliktskapande enn opplysande.
Sunnfjord kommune er ikkje feilfri. Det finst openbert store forbetringspotensial, og feil vil bli gjorde så lenge det er menneske som jobbar der. Det er heilt normalt. Men når nesten alt som blir skrive er negativt, sender det eit dårleg signal – ikkje minst til unge som studerer ute og som vi treng skal flytte heim att.
Eit godt råd til deg Kai Aage Pedersen er å feie for eiga dør før du held fram med å sparke inn dørene til kommunen. Litt meir balanse, sjølvkritikk og menneskeleg innsikt ville tent både Firda og lokalsamfunnet vårt mykje betre.
Så spørsmålet står att: Er di form for leiarskap og synspunkt det avisa Firda treng vidare?
Om svaret ditt skulle vere ja, så er det ikkje mykje hjelp i kva Sunnfjord kommune og leiarane der gjer for å betre omdømet sitt. Du kjem garantert til å lukkast i å sette ein stoppar for det arbeidet.
– Ikkje ei privatsak når ein kommunedirektør gir opp
Potte tett om Heggheims avgang
– Heggheim har aldri snakka med meg