Semje om budsjettet for neste år
Plus
Det vart ingen store debattar om budsjettforslaget for neste år, i det store og heile er politikarane i Vaksdal nokså samde. Ikkje minst om at kutt i helse og meistring, det vil dei slett ikkje ha noko av.
Høgre og Frp var først ute for ei tid tilbake, og lova meir pengar til Helse og Meistring.
Helse og Meistring
Dei ville ikkje ha noko av færre hender på jobb for dei eldre, eller færre sjukeheimsplassar og nedskjeringar i heimetenestene.
Så følgde fleirtalspartia SV, Ap og Senterpartiet opp, og for kort tid sidan kom Raudt også på bana, med den same motviljen mot nedskjeringsforslaget frå kommunedirektøren. Fleirtalspartia har, som namnet seier, fleirtalet, og dei kom på ein måte med fasiten for det heile på kommunestyremøtet tysdag.
Budsjettet vedteke
Dermed vert det som dei ville, og i avrøystinga fekk dei også Raudt si stemme for desse endringane:
- Overføring frå disposisjonsfond til næringsfond, 1,5 mill. kr
- Tilsette i barnehagane, ein auke på 400.000 kr
- Bulyst, folketalsvekst, 300.000 kr
- Kyrkjeleg Fellesråd, ein auke på 155.000 kr
- SFO, gratis 10 timar i veka for 4. trinn, dette gjev ein auka kostnad på 145.000 kr
- Plastfri oppvekst, utbyting av plastreiskapar i barnehagar og skular, 50.000 kr
- Utvida gratisordning for brukarbetaling i Dalebadet, kostnad 50.000 kr
Tilskot til Redd Barna sitt arbeid i Gaza, 20.000 kr
Totalt, 7,82 mill. kr
Røystinga til slutt i debatten, enda slik:
- Formannskapet si tilråding, samrøystes
- Raudt sitt endringsforslag, 1 røyst
- Høgre/Frp sitt endringsforslag, 9 røyster
- Fellespartia sitt forslag, 12 røyster.
FAS, plast og budsjettprosess
I debatten i forkant hadde Ole Anders Brekkhus (Ap) klokketur på at deira tiltak i budsjettet ville virka på sikt, ikkje minst for dei som veks opp i kommunen i dag.
Leif Inge Eide (Raudt) var glad for semja om å stoppa nedskjeringane, og var elles nokså kritisk til dataprogrammet der politikarane skal finna fram til alle tala i budsjettet. Dette er ikkje godt nok, og det er nesten som eit demokratisk problem at ein ikkje finn fram slik ein burde, sa han.
Inger- Helene Nummedal (Sp) var glad for semja om å prioritera Helse og Meistring høgt. Det er viktig både for brukarar og tilsette, her er lange avstandar i kommunen, og vanskeleg å ta seg fram vinterstid nokre stader. Med FAS-utbygginga og vegstengingar kan det verta endå større utfordringar, sa ho.
Line Kydland (SV) snakka varmt om plastprosjektet, og å byta ut plastreiskapar og liknande i skular og barnehagar. Thor Andersen (Ap) samanlikna å redusera talet på sjukeheimsplassar med å gå på stram line – utan sikkerheitsnett.
Boris Groth (Frp) meinte at trass alt så har sjølve budsjettprosessen vore betre i år enn dei siste åra. Men her er framleis forbetringspotensial, til dømes med at politikarane får budsjettforslaget tidlegare på året. Det lova ordførar Hege Eide Vik (Sp) skulle verta langt betre i 2026.
Ny veg/bane og SFO
- Det ser ut for at alt skal skje hjå oss no framover, det største tunnelprosjektet nokon gong (FAS) kjem neste år. Her er planar om datasenter i fabrikken, arbeid med transformator og på jernbane, og planar om ny vasskrafttunnel. Det kjem til å verta ein bonanza med arbeidsplassar – mange inne i fjellet rett nok. Men det vert også arbeidsplassar innan mat og catering og for plassar å bu, sa Groth.
Varaordførar Kjartan Haugsnes (SV) snakka om at skulefritidsordninga (SFO) verkeleg fungerer, og var glad for det ein har fått til på dette området. Lars Bjarte Nesheim (KrF) ville vita korleis det står til med ventelister for sjukeheimsplassar, og fekk til svar at slike lister finst ikkje.
Helse og skulemat
Thomas Breivik Hop (H) tok til orde for ei bonusordning for tilsette som jobbar meir enn stillinga deira tilseier, og Lisa Lunde (Ap) snakka om ei vurdering av ein vikarpool (vikarbank) for vikarar i Helse og Meistring. Noko som politikarar i nabokommunen Voss har teke til orde for.
- Eg har vel aldri vore mindre usamd med Raudt enn i dag, avslutta Erlend Hesjedal-Johannessen (H) debatten, men var likevel glad for semja om til dømes skulematen. Årsaka til Høgre sin velvilje heng også saman med arbeidsplassar for dei som er tilsette på Dreisen, minna han om.
Raudt vil flytta på 6 millionar i budsjettet
Høgre og Frp vil gjera vesentlege endringar på budsjettet for 2026
Slår eit slag for plastfri oppvekst, og støttar born i Gaza
Fleirtalspartia prioriterer helse og meistring i sitt budsjettforslag