Herold

Fekk uventa støtte til familiar med dårleg råd: – Me legg sjela vår i dette

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Wenche Schanke Eikum Published: 2025-12-17 03:00:00
Fekk uventa støtte til familiar med dårleg råd: – Me legg sjela vår i dette

No er 143 julegåver ferdig pakka og klare til å skapa stemning på julaftan i 68 familiar i Luster.

Juleglede kallar dei seg, organisasjonane bak gåvene. Kvart år før jul, kan familiar i Luster melda frå om dei treng hjelp til julegåver ved å fylla ut eit skjema.

– For nokre år sidan var det få familiar med mange barn som fekk gåver frå Juleglede. No er det fleire familiar med færre barn. Så det er mange nye som får i år, og grunnane til det kan vera mange. Nokre har kanskje fått økonomien i orden, og treng ikkje hjelp meir. Andre har flytta, seier Grethe Snekkevik Bondevik som representerer kyrkja i arbeidsgruppa.

Dei andre i Juleglede er Luster frivilligsentral, Gaupne helselag, Luster Lions og Røde Kors. Luster kommune stiller med koordinator for gruppa.

Svak auke

Det er liten tvil om at behovet er stort. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Bufdir, melde i 2023 om 74 barn i Luster som lever i hushald med vedvarande låg inntekt, også kalla barnefattigdom.

Det kjem ikkje oppdaterte tal for Luster frå Bufdir før 2026.

Leiar Renate Breisnes Loven i NAV Luster seier Nav Luster har ein svak auke i tal born under 18 år som lever i familiar som har teke imot økonomisk sosialhjelp i 2024.

– Auken er frå 67 barn i 2023 til 88 barn i 2024. Dette er basert på offisielle Kostra-tal i 2024 for Luster kommune. Auken kan mellom anna forklarast med busetting av flyktningar med barn, og dessutan at enkelte barnefamiliar har teke imot stønad ved eitt eller fleire tilfelle i samband med dyrtida som har vore siste åra. Men me opplever ikkje ein trend i at det er auke i tal familiar som har behov for vedvarande økonomisk sosialhjelp over tid som følgje av låginntekt.

Nav har tett oppfølging med barnefamiliar, og har ei målsetjing om å sikra familiar økonomisk sjølvstende så langt det er mogleg.

– I tillegg har me alltid barneperspektivet med oss i oppfølginga og sakshandsaminga vår. Nav Luster tykkjer det er positivt at dei familiane det gjeld kan nytta seg av tiltak som Juleglede, og av Luster Fritidsfond og tilboda ved Luster Frivilligsentral.

– Kjekt, men mykje arbeid

Skjema til Juleglede var lagt ut på rådhuset, hjå helsestasjon, nav og andre aktuelle einingar. Skjema låg ute ein månad før arbeidsgruppa samla dei inn, og delte seg i handlelag.

Gåvene blir kjøpte med omhug, og er tilpassa alderen til mottakarane, altså barn mellom 0 og 18 år.

– Det er kjekt, men mykje arbeid. Me legg sjela vår i dette, og brukar av fritida vår, seier Anita Kjørlaug i Luster frivilligsentral.

– Me prøvar å få mest mogleg ut av pengane, seier Bondevik.

Elevar som har Arbeidslivsfag ved Luster ungdomsskule har vore med å pakka inn gåvene.

– Me rådførte oss litt med dei om gåver til ungdom, og om det me hadde kjøpt passa deira alder. Dei meinte me trefte bra, smiler Kjørlaug.

Uventa gåvesjekk

I høve Luster Lions sitt 50-årsjubileum så fekk Juleglede ei gåve på 10.000 kroner. Lions gav vekk til saman 50.000 kroner til tre organisasjonar i Luster; Care 4 Children, Luster fritidsfond og Juleglede, der Lions også sit i arbeidsgruppa.

Kjørlaug var på jubileumsfesten og tok imot gåva.

– Det er kjekt at me var ein av dei tre som fekk pengar, for det er mange som gjer mykje godt arbeid. Eg vart eigentleg veldig rørt. Dei meinte gåva so inderleg, og det er kjekt å få slike tilbakemeldingar.

– Og så betyr det mykje for Juleglede å få ei slik anerkjenning for arbeidet me gjer. Lions bidreg både med pengar og arbeid, seier Bondevik.

Matkort til familien følgjer med

Gåvene er pakka, og allereie delte ut til dei som søkte om det.

– Dei som har søkt via ei eining har henta pakkane der. Alle andre har henta pakkane på kontoret til frivilligsentralen. Og det er fleire av dei siste i år. Kanskje betyr det at terskelen er seinka for å søkja hjelp, og det tykkjer eg er flott, seier Kjørlaug.

I fjor byrja dei å dela ut matkort på 500 kroner. Det gjer dei også i år.

– Det set folk veldig pris på. Alle familiane får det i tillegg til julegåvene til barna, seier Bondevik.

Gjensidigestiftinga er største bidragsytaren til Juleglede. Luster Røde Kors søkjer dei om pengar kvart år.

– Me må også nemna Luster sparebank, kommunen og lokalt næringsliv. Alle er viktige bidragsytarar. Me har også fleire privatpersonar som anten gir pengar, eller får vita kjønn og alder, handlar pakkar sjølve og gir til Juleglede. Så det er flott, seier Kjørlaug.

Tal for resten av Indre Sogn

Juleglede hjelper familiar i Luster. Men også i dei andre kommunane i Indre Sogn er det barn som lever i det Bufdir kallar barnefattigdom. Sjå oversikt under.

Smartembed for https://datawrapper.dwcdn.net/MPe13/1/

🏷️ Extracted Entities (16)

Juleglede (entity) Luster Frivilligsentral (organization) Anita Kjørlaug (person) Grethe Snekkevik Bondevik (person) Bufdir (entity) Luster Lions (person) Indre Sogn (person) NAV Luster (organization) Røde Kors (person) Arbeidslivsfag (entity) Children (entity) Gaupne (entity) Kostra-tal (entity) Leiar Renate Breisnes Loven (person) Luster Fritidsfond (person) Luster; Care (organization)