– Den beste julegåva vi kunne fått!
Plus
Retrams har fått pengar frå DOGA til arbeidet sitt med å utvikle ein robot som skal revolusjonere sterilsentralane.
DOGA deler ut til saman 12 millionar kroner gjennom designdrive innovasjonsprogram (DIP) i år, fordelt på 26 prosjekt. Eitt av dei som i år nådde opp, var altså Retrams frå Florø.
Norske sjukehus manglar hender, noko som mellom anna rammar dei arbeidsintensive sterilsentralane. Og fungerer ikkje dei som dei skal, er pasienttryggleiken i fare. Retrams vil lage ei robotisert løysing som gjer sterilsentralane sikrare og meir effektive. Saman med designpartnar Inventas skal bedrifta no starte opp eit innovasjonsprosjekt som tek utgangspunkt i brukaranes behov og arbeidsprosessar.
Og det er til dette prosjektet dei no har fått 320.000 kroner i støtte.
Dagleg leiar Stein-Asle Øvrebotn trekkjer fram ei lokal utmerking når han skal forklare kvifor dei no har fått desse midlane.
– Tempoprisen som vi var så heldige å få, gav oss mykje ekstra merksemd også utanfor eige fylke. Det viser viktigheita av å heie kvarandre opp og fram, seier han, og legg til at dei eigentleg trudde at det var den lokale prisen som kom til å vere årets julegåve.
– Men den gong ei! Ein må gjennom eit nålauge for å få desse midlane frå DOGA, og vi ser det som ei anerkjenning for vårt arbeid som eit lite helseteknologi-selskap. Dette bidreg til å sikre riktige val for for neste generasjons løysingar i arbeidet vårt med å frigjere hender i helsesektoren. Og det er ein fin motivasjon for ytterlegare satsingar i det nye året!
Juryen trekkjer fram at prosjektet kan skape grunnlag for ein ny produktkategori, og moglegvis eit eige forretningsområde:
«Prosjektet er fagleg solid, med både relevans og innovasjonshøgd i ein sektor med betydelege utfordringar. Kombinasjonen av teknologisk nytenking, systematisk brukarinvolvering og strategisk bruk av design gjer dette til eit prosjekt med stort lærings- og spreiingspotensial, både for verksemda og helsetenesta generelt,» uttalar dei.
**