Herold

Aldri før har fleire tatt turen hit: – Mange sprekingar 

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2025-12-16 23:05:00
Aldri før har fleire tatt turen hit: – Mange sprekingar 

2025 byr også på ny besøksrekord.

For 8. året på rad kan Turstiar Sunde slå i bordet med besøksrekord til Kaldestadåsen. Det vart klart 20 dagar før året er omme.

«November er talt opp, flotte 1.539 registrerte besøk vart fasiten. Totalt i år til og med november er 20.081. Og berre elleve dagar seinare vart ny rekord i tal registrerte besøk eit faktum. Den gamle rekorden på 20.492 besøk er historie», skriv Turstiar Sunde på Facebook.

Kvart år sidan 2018 har det blitt ny rekord, men berre dei siste to åra har besøkstalet overstige 20.000.

«Med andre ord er det mange sprekingar som tar turen oppom på dei ulike turstiane til Kaldestadåsen», skriv Turstiar Sunde.

Kva som blir ny besøksrekord vert klart etter at turstieldsjelene har talt opp over nyttår.

Kattungar forlatne ved bedehuset på Husnes – politiet ber om tips – Elendig måte å gjera det på