«Svenske tilstandar» er allereie her. Det vi kan gjere noko med er norske unnskyldningar
Plus
For litt over eit halvt år sidan skreiv eg eit innlegg der eg slo eit slag for å seinke den kriminelle lågalderen til 13 år. Det fekk enorm respons, og førte til fem svarinnlegg frå både AUF, Senterpartiet, tidlegare politisjef i Sogn og Fjordane og fleire andre. Alle desse hadde 2 ting til felles som dei alle oversåg: Samfunnet har endra seg. Kriminaliteten har endra seg.
Ungdomskriminaliteten i dag har vorte meir brutal og synleg enn nokon gong før, medan politiet slit med å halde følgje. Likevel har ikkje svara til AUF og Senterpartiet endra seg: bollar, brus, fritidsklubbar og fotballbaner. Som om ein 14-åring som sel hasj i helgene og inngår kontraktar om bestillingsmord på nett på magisk vis kjem seg ut av den kriminelle gjengen ved hjelp av ei fotballbane. Forstå det den som kan.
Det er blitt for komfortabelt å omtale ungdomskriminalitet som om vi framleis er på 90-talet: litt bråk, litt tagging og kanskje eit slagsmål utanfor ungdomsklubben. Slik ser det ikkje ut i dag.
I dag snakkar politiet om unge som rekrutterast via sosiale medium, som blir sendt ut for å gjere valdsoppdrag, som tar imot betaling for å oppbevare våpen, narkotika og kontantar. Kripos anslår at rundt 75 organiserte kriminelle nettverk opererer i Noreg, og at dei er representerte i alle Noregs politidistrikt. Samstundes har ungdomskriminaliteten auka kraftig dei siste åra, med særleg vekst i ran, truslar og vald.
Politiet har identifisert over 200 barn under 15 år som alvorlege gjengangarar. Mange av dei er involverte i ran, vald og gjengkriminalitet, men står heilt utan strafferettsleg ansvar. Dei blir registrerte, innkalla, snakka med, og sende rett tilbake til same miljø.
Spørsmålet er: Når eit knippe unge menneske begår gjentakande, alvorleg kriminalitet. Når dei inngår kontraktar om bestillingsmord på nett, har direkte kontakt med svenske gjengkriminelle, og opererer i eit Noreg der slike nettverk no finst i alle politidistrikt: kva skal svaret vere då?
For på det tidspunktet er det litt seint å begynne å snakke om fotballbaner og fritidsklubbar.
Svaret til Arbeidarpartiet og Senterpartiet har vore det same heile vegen: dei er mjuke både i møte med årsakene til kriminalitet, og med kriminaliteten i seg sjølv. Dei har kutta i politistillingar, samstundes som dei har oppretta politikontor der kriminaliteten knapt finst. Det står til strykkarakter at dei har sete stille i fire år og sett på denne utviklinga, medan politiet ropar varsku og dei kriminelle nettverka veks seg sterkare.
Regjeringa har lenge marknadsført det dei kallar ei stor satsing på politi og tryggleik. Ein skulle nesten tru vi stod midt i eit historisk løft.
Men ser vi bak pressemeldingane, er biletet eit anna: talet på politiårsverk har gått ned med rundt 500 sidan 2021. Samstundes har talet på sivile stillingar auka. Vi har fått nye politikontor ute i distrikta som til saman har 1–2 besøk i veka. Det ser imponerande ut på kartet over Noreg, men det gir ikkje fleire synlege politifolk der kriminaliteten faktisk skjer.
Politiet sjølv melder om press frå organiserte nettverk, om barn som blir brukte som verktøy, og om manglande verktøy for å stanse dei yngste lovbrytarane tidleg. Når dei som står nærare problemet enn nokon politikar, seier at dagens ordning ikkje fungerer, då bør vi høyre etter.
I svarinnlegga eg fekk frå AUF og Senterpartiet, vart det åtvara sterkt mot å senke den kriminelle lågalderen. Dei meinte det ville «plassere barn på straffestolen» i staden for på «oppfølgingsstolen». Men det er nettopp det som skjer i dag: dei står ikkje på nokon stol i det heile.
Barn under 15 år kan ikkje straffast. Samstundes ser vi at det er nettopp i denne gruppa dei alvorlegaste trendane veks fram: grove valdshandlingar, ran, truslar og rekruttering til nettverk. Politiet registrerer dei, men har avgrensa moglegheiter til å gripe inn utover det barnevernet klarer å handtere.
Resultatet er eit tryggleiksgap: for gamle til å bli oversett, for unge til å kunne haldast ansvarlege.
Det er i dette gapet gjengkriminaliteten trivst aller best.
Når eg taler for å senke den kriminelle lågalderen til 13 år, handlar det ikkje om å fylle fengsel med barn. Det handlar om å gje samfunnet eit nytt spor mellom «ingen reaksjon» og «vaksenfengsel». Det sporet heiter ungdomsfengsel.
Ungdomsfengsel skal ikkje vere straff i klassisk forstand, men ei kombinasjon av ansvar og rehabilitering. Det kan vere eigne, skjerma einingar med lærarar, psykologar, miljøterapeutar og kriminalomsorg, og tydelege krav. Ein stad der du ikkje berre «forstår kvifor» ungdommen har hamna der, men også gjer noko med det.
For når ein 13-åring gjennomfører eit væpna ran, er det ikkje nok med ein samtale og ein aktivitetsplan. Då treng vi ein stad der samfunnet kan seie: Dette går ikkje. Du blir halde ansvarleg. Og vi skal hjelpe deg ut av dette, ikkje på dine vilkår, men på fellesskapet sine.
Det krev lovendring. Det krev ressursar. Men framfor alt krev det politisk mot til å innrømme at dagens system ikkje verkar godt nok.
Ingen er i mot førebygging.
Klart vi skal ha gode fritidstilbod, trygge lokalmiljø og tidleg innsats. Problemet oppstår når det blir det einaste svaret, uansett kor alvorleg kriminaliteten er.
Når AUF og Senterpartiet igjen og igjen svarer med «inkludering» og «møteplassar» på spørsmål om ran, skyting og sprenging utført av 13–14-åringar, då blandar dei saman to ulike ting: Korleis vi hindrar at barn hamnar i kriminalitet, og korleis vi handterer dei som allereie er der.
Det første krev tid, støtte og gode oppvekstvilkår. Det andre krev noko meir: ansvar, reaksjonar og evna til å setje grenser.
Svenske tilstandar er ikkje lenger noko ein truar med i ein valkamp. Dei er her, i norsk versjon. Det vi framleis kan gjere noko med, er kor lenge vi held fram med norske unnskyldningar.