Herold

Vil ha folkeavstemming om «nye sentrum»

Kilde: NRK Author: Henning Levold Published: 2025-11-20 08:44:39 Last updated: 2025-11-20 09:59:47
Vil ha folkeavstemming om «nye sentrum»

Byrådets forslag til ny trafikkplan i Trondheim skapar sterke reaksjonar. No vil Frp at befolkninga skal bestemme.

Les også

Tidligere høyretopp sammenligner «nye sentrum» i Trondheim med Berlinmuren

– Kome over 80 høyringsinnspel

Dette er forslaget:

– Feigt av Frp

– Vi opplever ein enorm motstand mot dette forslaget, seier Arild Bendsås Svendsli i Trondheim Frp.

Han snakkar om byrådet sin plan om å stenge sentrum for gjennomkøyringstrafikk.

Nidaros omtala Frp sitt forslag først.

Arild Bendsås Svendsli i Frp

  1. november la byrådet beståande av Høgre, Venstre og MDG fram sitt forslag til ny samferdselsplan for Trondheim.

Planen går ut på å dele sentrum inn i tre soner. Køyrer ein inn i sentrum i ei sone, så må ein halde seg i same sone og kan ikkje krysse over i dei andre sonene.

Målet er å stanse bilar frå å køyre gjennom sentrum.

Planen delar Trondheim sentrum inn i tre soner.

Byrådets forslag har ikkje berre blitt tatt godt imot.

Denne veka samanlikna tidlegare Høgre-topp, Yngve Brox, den nye sentrumsplanen med Berlinmuren.

– Vi er heilt klart imot denne planen. Den er svært inngripande, seier Svendsli.

– Det har kome over 80 høyringsinnspel til planen. Det er veldig mange.

Svendsli fortel at mange av innspela har kome frå næringslivet i byen.

– Mange av dei kjem frå eit samla næringsliv som fortel at dette kan bli kroken på døra for dei i Midtbyen.

Onsdag besøkte Svendsli Midtnytt for å svare om Frp sitt forslag.

Gruppeleiar for Frp i bystyret, Elin Marie Andreassen, har levert forslag om at saka må bli avgjort med folkeavstemming.

Forslaget om folkeavstemming vil bli fremma på bystyremøtet torsdag, men vil truleg ikkje bli behandla før i desember.

«Forslaget om innføring av sektorisert kjøremønster i Midtbyen fra 2026 engasjerer mange. Tiltaket er geografisk knyttet til Midtbyen, men vil kunne påvirke både nabolag i Midtbyens omland, og handels- og kjøremønster til svært mange av kommunens innbyggere. Forslaget er dessuten svært inngripende med tanke på fremkommelighet i Midtbyen, dersom man har behov for å besøke ulike sektorer i løpet av samme bilreise. På bakgrunn av dette er det viktig at kommunens innbyggere får være med på å bestemme om tiltaket skal innføres eller ikke.

Forslag: Bystyret ber byrådet gjennomføre en folkeavstemning om innføring av sektorisert kjøremønster i Midtbyen.»

Kilde: Medlemsforslag - Folkeavstemning om sektorisert kjøremønster - Elin Marie Andreassen (FrP)

– Har ikkje befolkninga allereie tatt stilling til dette gjennom lokalvalet i 2023?

– Du kan jo seie det, men eg trur ikkje det var mange som trudde at ei stemme til Høgre var ei stemme for denne samferdselsplanen, seier Svendsli.

Ei eventuell folkeavstemming foreslå Frp at skal bli avvikla samstundes med lokalvalet i 2027.

– På denne måten blir det både billig og enkelt.

Gruppeleiar i Trondheim Arbeidarparti, Jørn Arve Flått, er ikkje begeistra for forslaget om folkeavstemming.

– Det er feigt av Frp. Dei kan jo berre seie at dei er imot samferdselsplanen, vi treng ikkje ei folkeavstemming.

– Ein kan jo heller vere tydeleg på at ein seier nei.

Frp har tidligere uttalt til NRK at de er uening i forslaget.

Flått fortel at også Arbeidarpartiet er imot byrådet sitt forslag om ny samferdselsplan.

– Hovuddelen i planen seier ikkje noko særleg meir enn at ein vil dele sentrum inn i tre soner.

– Og det saknar vi ein skikkeleg utgreiing av.

Flått meiner verken problemet eller løysinga er godt nok greia ut.

– Kor mykje gjennomgangstrafikk er det eigentleg? Og kva konsekvensar vil ei slik soneinndeling føre med seg?

– Kva ser de for dykk i staden for ei slik soneinndeling?

– Eit av tiltaka som kan bli vurdert er ei avgift på gjennomkøyring, utan at det dermed sagt av vi fell ned på det.

– Først må ein identifisere kva som er problemet.

🏷️ Extracted Entities (34)

Arbeidarpartiet (entity) Arild Bendsås Svendsli (person) Bendsås Svendsli (person) Berlinmuren (entity) Berlinmuren.](http://www.nrk.no/trondelag/yngve-brox-mener-planene-for-midtbyen-minner-om-berlin-etter-krigen-med-virtuelle-berlinmurer-1.17655618 (entity) Bystyret (entity) Ein (entity) Eit (entity) Elin Marie Andreassen (person) Feigt (entity) Folkeavstemning (entity) Frp (entity) Først (entity) Har (entity) Hovuddelen (entity) Høgre (entity) Høgre, Venstre (organization) Høgre-topp, Yngve Brox (organization) Kome (entity) Kor (entity) Kva (entity) MDG (entity) Mange (entity) Midtbyen (entity) Midtbyen.» Kilde: Medlemsforslag (organization) Midtbyens (entity) Målet (entity) NRK (entity) Svendsli (entity) Svendsli Midtnytt (person) Tidligere (entity) Trondheim (place) Trondheim Arbeidarparti, Jørn Arve Flått (organization) Trondheim sentrum (place)

📊 Metadata

Category: Trøndelag, Trondheim, Politikk i Trondheim, Norge