Stor mangel på eggdonorar i Noreg – Bea har donert vekk 53 egg
Det er fem år sidan Stortinget vedtok at eggdonasjon skulle vere lovleg, men det er framleis få kvinner i Noreg som gjer som Bea.
Les også
90 donoregg-barn ble født. Donormangel kan bremse utviklingen
Mykje betre tilgang på sæddonorar
Ikkje lov å vere anonym
Les også
Stor uenighet: Bør man ta en eggsjekk i slutten av 20-årene?
Les også
Har funnet 20 donorsøsken til sønnen. Vil at han skal vite hvem de er.
Dei fleste er positive, men vegrar seg
Desse kan bli eggdonorar i Noreg
Guro Korsnes Kristensen
Kvinner i 30-åra med barn frå før
Det var ei nyheitssending for nokre år sidan som først vekka merksemda til trebarnsmor Bea Kristiansen frå Karmøy.
– Det var ei problemstilling, som eg faktisk ikkje var klar over.
– Eg begynte å tenkte på det, men det gjekk ei god stund før eg bestemte meg.
Bea har no donert 53 egg, gjennom tre rundar med uttak. Ho er med det ein del av ei lita gruppe norske kvinner som har gitt bort egga sine.
– Eg tenker på at det kan vere nokon der ute som deler mine genar, men eg reknar jo ikkje det som mine barn i det hele tatt.
I dag er det få norske kvinner som donerer egg, sjølv om talet er aukane.
I 2022 var det åtte norske kvinner som donerte egg i det offentlege. Året etter var det 19. Dette er det siste året det er publisert statistikk frå.
Men talet er framleis for lågt til å møte behovet.
I ein rapport frå Helsedirektoratet, som blei publisert i mai i år, blir det oppgitt at dei fleste fertilitetsklinikkar meiner det er behov for fleire kvinner som ønsker å donere egg.
– Vi må vere kjempestrenge i kriteria på kven vi tar inn. Vi har mykje større etterspurnad enn det er tilgang på donorar. Det melder seg ein og annan donor i ny og ne, men det er få.
Det seier overlege i gynekologi på Kvinneklinikken ved St. Olavs hospital, Camilla Rørslett Kleveland.
Camilla Kleveland er overlege i gynekologi på Kvinneklinikken ved St. Olavs hospital i Trondheim.
Dette er ei av to offentlege verksemder i Noreg som tilbyr behandling med donoregg. Dei har no 22 par på venteliste for å motta behandling.
– Vi har ein mykje betre tilgang på sæddonorar enn vi har eggdonorar. Det trur eg er fordi det er ein veldig mykje mindre omfattande prosess.
– Sæddonasjon har også vore meir vanleg. Det er mange som framleis ikkje veit at det er lov å vere eggdonor i Noreg.
Mange av dei private klinikkane bøter opp for mangelen ved å importere egg frå eggbankar i Finland, Island og Sverige.
Nitrogenbehaldar med flytande nitrogen, som oppbevarer embryo.
Det er derfor særleg det offentlege tilbodet donormangelen går ut over.
– Vi informerer om at det finst eit privat tilbod, og at dei private tilboda har mykje kortare ventetid enn vi har, seier Rørslett Kleveland.
I rett under to veker måtte Bea sette daglege hormonsprøyter, før egga blei henta ut med ei tynn nål i skjedeveggen.
– Eg var ganske nervøs, men eg kjente meg godt ivaretatt då eg skulle ta dei ut. Samstundes så var det litt smertefullt der og då, men etterpå så kjentest det eigentleg veldig bra ut, fortel Bea Kristensen.
I forkant måtte ho gjennom ein samtale med klinikken for å finne ut om ho var mentalt førebudd på valet ho skulle ta.
Det er nemleg ikkje lov å vere anonym som donor i Noreg.
– Eg tenker på at det kan vere nokon der ute som deler mine genar, men eg reknar jo ikkje det som mine barn i det hele tatt.
Som donor må du stille deg til disposisjon, for barnet kan velje å oppsøke deg etter han eller ho har blitt 15 år. Dette gjeld både for sæd- og eggdonasjon.
Samstundes får ein ikkje vite om donasjonen har ført til ein graviditet.
– Eg tenker på at det kan vere nokon der ute som deler mine genar, men eg reknar jo ikkje det som mine barn i det heile tatt, seier Bea.
Ho har hatt samtalar med barna om dei kanskje har halvsøsken der ute.
– Det er jo ein konsekvens som blir av mine val, så får vi ta det når den tid kjem. Eg har fortalt det til barna mine, men det er berre det eldste av dei tre barna mine som forstår litt.
Guro Korsnes Kristensen, som er professor ved NTNU, har forska på kva kvinner som er i målgruppa for eggdonasjon, tenker om temaet.
Det er berre lovleg å importere donoregg frå Finland, Island og Sverige. Dei har nemleg like strenge reglar for kven som får lov til å donere egg som her i landet.
I tråd med regelverket er det berre kvinner mellom 25 og 35 år som får lov til å vere donorar. Dei må vere ved god helse, og vere registrerte i Folkeregisteret.
Det er heller ikkje lov å donere til ein bestemt person.
Eggdonasjon skal også vere frivillig og vederlagsfritt, men kompensasjonen har lenge vore eit stridspunkt.
Per april 2025 er satsen 5 931 kroner, medan prosessen er rekna til minst 38 timars tidsbruk. Mange meiner denne summen må opp viss ein skal auke rekrutteringa.
– Kvinnene vi har snakka med fortel at dei i utgangspunktet synest det er positivt at eggdonasjon har blitt lovleg i Noreg, samstundes ser vi at når vi utforskar moglegheita for at dei sjølve skal donere egg, så vegrar dei fleste seg, Korsnes Kristensen.
– Nokon er skeptiske til det medisinske inngrepet det inneber. Vi ser også at dei synest det er ei veldig stor avgjerd å ta, seier Kristensen, og held fram:
– Altså at du gir ikkje berre frå deg ei celle, men også eit potensielt barn i framtida, og eit mogleg foreldreskap, som du sjølv har ei uklar rolle i forhold til.
– Nokon er skeptiske til det medisinske inngrepet, seier forskar Guro Korsnes Kristensen.
Korsnes Kristensen seier at mange av kvinnene dei har snakka med har kompliserte kjensler rundt anonymitet.
– Du går i mange år utan å vite nokon ting, men så må du vere førebudd på at du kan bli kontakta. Så det skapar uvisse på mange område. Det er kompliserte kjensler for dei kvinnene vi har snakka med, seier Korsnes Kristensen.
Dei fleste kvinner som donerer egg i Noreg liknar Bea.
Ifølge Helsedirektoratet er nemleg dei fleste i 30-åra. Dei er også gjerne i faste forhold, med barn frå før.
Kvinnene har som regel tatt høgare utdanning, og dei er drivne av idealisme: Dei ønsker å hjelpe andre som ikkje kan få barn sjølv.
Bea Kristensen kan ikkje seie når eller kvar ho donerte egg, sidan både tidspunkt og klinikk er omfatta av teieplikt.
– Eg er ein person som har lyst til å hjelpe til der eg kan. Så eg følte at her er det noko eg kanskje kan bidra med, og vere med å hjelpe andre som ikkje har same moglegheit som meg. Så det var motivasjonen min, seier Bea og held fram:
– Ja, det kjennest utruleg givande å gjere det, sjølv om det er ein veldig omfattande prosess. No har eg gjort det tre gonger, og det er maks her i Noreg.
– Men det er ikkje berre noko du hiv deg på. Det skal mykje til for å gå gjennom den prosessen.
- Guro Korsnes KristensenProfessor ved Institutt for tverrfaglige kulturstudier ved NTNU
- Professor ved Institutt for tverrfaglige kulturstudier ved NTNU