Herold

Slår seg saman i eitt selskap: – Ein lyt finna på noko nytt

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Wenche Schanke Eikum Published: 2025-12-16 15:11:44
Slår seg saman i eitt selskap: – Ein lyt finna på noko nytt

Geir Øygard i Sirkla Ressurs AS og Ingmar Fimreite i Røyrleggjar Ingmar Fimreite AS på Kaupanger slår seg saman for å styrkja tilbodet til kundane.

Drift som før

Har trua

– Ein lyt finna på noko nytt av og til, seier Ingmar Fimreite.

– Me riggar oss for framtida. Ein lever jo ikkje evig, og saman kan me byggja noko som kan leva etter oss også, seier Ingmar Fimreite.

Fimreite har vore røyrleggjar i 36 år, og dei siste 14 åra har han hatt stadig meir fokus på slamsug og spyling. I dag driv firmaet med røyr og kummer utandørs, med to tilsette som blir med vidare inn i samarbeidet med Sirkla, skriv dei i ei pressemelding.

– Det hadde ikkje vore så aktuelt med eit oppkjøp om ikkje Ingmar sjølv vart med vidare. Me ynskjer å vidareføra kunnskapen og kunderelasjonane i dagens selskap, fortel Øygard.

Sirkla har vekstambisjonar og har lenge ønskt seg fleire bein å stå på. Det meiner dei å få til med å slå seg saman. Kombinasjonen av slamsug og spyling med transport, containerutleige og avfallshandtering for næringslivet gjer tenestetilbodet meir heilskapleg.

– Eg trur absolutt det er eit potensial i å kunne tilby denne tenesta til fleire av kundane våre, seier Øygard.

Kva dotterselskapet skal heita, er ikkje heilt bestemt, men det blir truleg i Sirkla si drakt.

– Me får tyggja litt på det. Det viktigaste er å få fram at Ingmar Fimreite & co. er med vidare, og at me skal ivareta servicetilbodet, forklarar Øygard.

– Me skal drifta mykje som før. Det er berre eigarskapen som vert ny, seier Fimreite.

Frå januar blir Sirkla Ressurs til saman ni personar. I tillegg får dei meir utstyr, som kombibil for suging og spyling, pluss ei eiga spylevogn for mindre oppdrag og kamera for inspeksjon av røyr.

– Eg har trua på at dette blir eit bra konsept vidare. Me ynskjer å vere ein kortreist leverandør for bedrifter, kommunar og privatpersonar i Sogn på dette fagfeltet, avsluttar Øygard pressemeldinga.