Herold

Arkeologiformidling på Haugalandet

Plus
Kilde: Haugesund avis Author: Håkon Reiersen, førsteamanuensis, Arkeologisk museum, UiS og Kristin Armstrong-Oma, direktør, Arkeologisk museum, UiS Published: 2025-12-16 11:27:23
Arkeologiformidling på Haugalandet

*KRONIKK: *Året 2025 har vore eit viktig jubileumsår for sentrale institusjonar innan historisk formidling. Ein har feira 100-årsjubileet for stiftinga av museums- og historielaget for Haugesund og bygdene, som er røtene til det konsoliderte Haugalandmuseet. Vidare var det i år 20 år sidan dronning Sonja klippa snora for Nordvegen historiesenter. Arkeologisk museum har også feira 50-årsjubileum i år.

Frå 1877 har det vore arkeologiske samlingar i Stavanger, og i 1975 blei det skild ut eit eige Arkeologisk museum. Me er eitt av fem arkeologiske universitetsmuseum, og vårt systermuseum i Bergen er heile 200 år i år.

Historia til desse institusjonane er bunden saman, og jubilea til Haugalandmuseet og Nordvegen historiesenter opnar opp for å reflektere litt kring rolla arkeologien har spela for historieformidlinga på Haugalandet.

Denne veka vart det kjend at Riksantikvaren anbefaler at vikingskipsgravene i Noreg kjem inn på Unescos verdsarvliste, og skipsgrava Storhaug er ein av sju gravhaugar på lista. Det som kanskje er mindre kjend, er at Storhaug var ein katalysator for museumstanken på Haugalandet som blei fremja av lærar John A. Døsseland. Han var nemleg sentral i utgravinga av Storhaug 1887-88, og var den som kontakta konservator Anders Lorange ved museet i Bergen.

Carl Magne Rønnevig har skrive om bakgrunnen for opprettinga av museumslaget for Haugesund og bygdene i 1925. Tanken om å få eit eige museum i byen oppstod først «den tid Døsseland som ganske ung mann var konservator Anders Loranges assistent under hans utgravninger på Karmøy for Bergens museum. Jeg husker fra min skolegang i midten av 1880-årene at min daværende klasseforstander Døsseland fortalte om egne og andres fund av oldsaker og om betydningen av at man samlet og opbevarte minner fra fedrene. Især husker jeg hvor det gjorde inntrykk på oss gutter, at vår egen landsdel – Haugaland – bar rike vidnesbyrd om gammel kultur. Mer enn noget annet bidrog dette til at kjærligheten til hjemstavnen blev ærbødig og dyp.»

Sjølv om det kom til å vere nyare kulturhistorie som blei kjernen i verksemda til museet i Haugesund, fekk ein god starthjelp frå storebror Stavanger museum og då særleg direktør og arkeolog Jan Petersen. Då utstillingane til museet opna i det nye rådhuset 1932-33, var det også satt av plass til ei eiga arkeologisk utstilling med 300 oldsaker utlånt frå museet i Stavanger. Utstillinga blei fornya og oppgradert i 1957. Etter at det omdøypte Karmsund folkemuseum opna i meieribygget, blei det sett opp ei ny arkeologisk utstilling i 1986.

I høve eit publikumsarrangement på Avaldsnes i 1979, laga Arkeologisk museum også vandreutstillinga «Karmsundet gjennom 10.000 år». Utstillinga vitja Kopervik, Bokn, Haugesund, Stavanger og Bergen. Temaet krinsa rundt den rike arkeologien til Karmsundet, og var ein viktig del av starten for satsinga på å fremje Avaldsnes si historie. Dette førte seinare fram mot Karmøy kommune sitt Avaldsnesprosjekt frå 1993. I samarbeid med kommunen stod Arkeologisk museum, med direktør Bjørn Myhre i spissen, for utviklinga av det faglege innhaldet i historiesenteret som opna i 2005. Med Nordvegen historiesenter blir arkeologien på Haugalandet vidt formidla til både skulebarn og cruiseturistar.

Historia om museumstanken på Haugalandet starta altså med Storhaug. Det er då særs passande at dette viktige kulturminnet kan bidra til å løfte formidlinga av den eldste kulturhistoria på Haugalandet til nye høgder og nye publikum. Dersom skipsgrava Storhaug får verdsarvstatus, vil Nordvegen historiesenter kunne få status som eit verdsarvsenter. Dette vil vere ei kroning av den viktige satsinga på Avaldsnes som gjennom mange år er gjort av Karmøy kommune, Rogaland fylkeskommune og dei arkeologiske musea. Men det forpliktar også til eit vidare fokus på forsking og formidling. Her er Arkeologisk museum ein naturleg samarbeidspartnar gjennom forskingsprosjekt som «Maktens havn», gjennom vår kompetanse på å lage arkeologiske utstillingar, og ved å bidra til faglege foredrag og arrangement.

Me på Arkeologisk museum, UiS vil gratulere Haugalandmuseet og Nordvegen historiesenter med sine respektive jubileum, og ser fram til vegen vidare for arkeologiformidlinga på Haugalandet.