Politibil i trafikkulukke på Voss
Plus
To bilar er involverte.
(AVISA HORDALAND:) Klokka 12.01 tysdag melder politiet om ei trafikkulukke i Strandavegen på Riksveg 13.
Det er snakk om ein krasj mellom to bilar.
Den eine av bilane er ein politibil.
– Det er ikkje meld om personskade, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Bjarte Rebnord.
Politiet er på staden.
– Dette har skjedd under ordinær køyring, og ikkje i samband med hending eller utrykkingskøyring, seier Rebnord.
Det er trafikale utfordringar på staden, melder Vegtrafikksentralen.