Kattungar forlatne ved bedehuset på Husnes – politiet ber om tips
Plus
Dei fem små nøsta er tekne hand om av Kvinnherad politistasjon.
Om morgonen tysdag 16. desember blei det funne ei eske med kattungar i, plassert ved inngangen til Husnes bedehus. På Facebook skriv Kvinnherad politistasjon at politiet har teke hand om dei fem små.
No er dei interesserte i å finna ut kven som har dumpa dei.
«Om nokon kjenner til desse eller har informasjon om kven som har plassert dei her, kan de ringa politiet på 02800», skriv politiet.
Paragraf 14 i lov om dyrevelferd seier at det er forbode å etterlata dyr i hjelpelaus tilstand.