Bremanger kommune vil endå ein gong haste igjennom eit nytt Holmaneset-vedtak
Plus
I Holmanes-saka har kommunen så langt ignorert ei sterk fråråding frå Statsforvaltaren, fleire varsel frå naturvernorganisasjonar og over 800 underskrifter frå lokalbefolkninga og folk med tilknyting til kommunen. Etter vedtaket 20.mars enda det heile til slutt med at Statsforvaltaren slo fast noko mange hadde åtvara om. Vedtaket om ammoniakkfabrikk på Holmaneset var så mangelfullt at det var ugyldig. Sakshandsaminga var rett og slett for dårleg. Det var ikkje berre industri-sutring, feila var så alvorlege at planen måtte opphevast.
*Det var ikkje ny informasjon *som gjorde vedtaket frå 20. mars ugyldig, det var hastevurderingane til kommunen. Det er også verdt å merke seg at vurderingane i Holmanes-saka ikkje berre har ført til eit ugyldig vedtak, men også til ei anmelding frå Naturvernforbundet. Ei anmelding som framleis er under etterforsking.
Difor er det vanskeleg å forstå kvifor kommuneadministrasjonen no ber kommunestyret om å haste vidare med enda eit nytt vedtak, utan ny høyring, utan nye undersøkingar og utan å ta seg tid til ei fageleg forsvarleg vurdering. Naturmangfaldet på Holmaneset er ikkje eit lite detaljspørsmål som kan skrivast ut i ei skrivebordsundersøking. Området ligg berre ein kilometer frå Tennøyane naturreservat, noko som skjerpar krava til undersøkingane ytterlegare. Bør ikkje kommunen no fullføre kartleggingane i kommuneplanen for naturmangfald før ei ny runde med vedtak?
*Når vedtak blir kjend ugyldige *fordi saka ikkje er godt nok vurdert, trass varsel, må vi tørre å stille det ubehagelege spørsmålet: Kva slags politisk kultur ønskjer vi å ha i kommunen?
Det er ikkje «aktivisme» å krevje at store industriprosjekt skal handsamast etter lova. Det er å vise elementær respekt for folket som bur her og ressursane vi forvaltar. Å stille spørsmål er ikkje eit problem, det er ein føresetnad for eit levande folkestyre. Å krevje at vedtak blir fatta på rett grunnlag er ikkje respektlaust eller polariserande, det er å vise respekt for både lova og innbyggjarane i Bremanger kommune. At kommuneadministrasjonen no vil haste igjennom eit nytt vedtak, vitnar om ei haldning der demokratiske prosesser blir nedprioritert.
Er det rett å haste gjennom eit nytt vedtak når Fortescue har halvert antal ansatte i Noreg, står utan norgessjef etter at Rovik slutta i januar, og enno ikkje har tatt investeringsbeslutning, og det ni månader etter vedtaket i kommunestyret 20. mars? I staden for å vise lokalmiljøet at Fortescue er villig til å satse i Bremanger, har nyheitsbilete heller vore prega av skrinlagde planar, utgåtte fristar, sal av søsterprosjektet i Hemnes og utsette investeringsbeslutningar.
Kommunedirektøren har plikt etter kommunelova til å sjå til at sakene han legg fram for kommunestyret er forsvarleg utgreidde, og at informasjonen gir eit faktisk og rettsleg grunnlag for å treffe vedtak. Samstundes har politikarane eit sjølvstendig ansvar for å lese og setje seg inn i sakspapir. Difor håpar vi at kommunestyret no er medvite over ansvaret dei har som folkevalde.
For er det til dømes verkeleg slik at det er “Tilgjengelig vann fra offentlig nett eller vannkraftverk” på Holmaneset slik det står i alternativvurderingane?
Og er det slik at det ikkje fins andre eigna industriområder tiltenkt energiindustri, med gode djupneforhold og med område som kan utnytte biprodukt til fiskeoppdrett i kommunen?
Verkar det som om vurderingane som no er gjort faktisk svarar ut, på sjølvstendig grunnlag, naturmangfaldlova, eller er det endå ein gong berre ei oppsummering av Fortescue si konsekvensutgreiing? Og er kommunestyret heilt sikker på at dette vil stå seg i ei ny klagerunde?
No er det på tide for Bremanger kommune å ta av seg tøflane, setje ned kaffikoppen og ta debatten, ikkje om tonen i lokalsamfunnet, men om grunnlaget for hastverket. For det var ikkje tonen i debatten som gjorde det første vedtaket ugyldig, det var sakshandsaminga til kommunen.
*Og før kommunestyret *endå ein gong skal stemme ja eller nei bør dei stille seg eit siste spørsmål: Vil dette vedtaket stå seg om det ikkje lenger er Statsforvaltaren i Vestland som skal ha ansvaret for klagebehandlinga? Kva om det viser seg at det ikkje var dei kritiske røystene som var dei eigentlege aktivistane?