Kystvegen: – Eg var meir optimistisk for 10 år sidan
Plus
– Eg vedgår at optimismen når det gjeld realisering av Kystvegen og 45-minuttsregionen i Kinn og Bremanger var sterkare for 10 år sidan.
Det seier Kinn-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) som ein kommentar til Bjørgulf Myklebust sitt utspel i Firdaposten om saka. Svelgaren er skuffa og vonbroten over at initiativa han som næringslivsleiar løfta fram i åra 2007-2010 om samfunns- og samferdsleutvikling ser ut til å vere politisk parkert i Vestland.
Solheim-Olsen understrekar at på dette området er det vanskeleg å få auge på ein quick-fix. Han augnar ei moglegheit for tunnelprosjektet ved Svelgen, medan realisering av veg Svelgen-Florø via Terøy er heilt i det blå.
– Vi kan truleg vinne fram med argument for å få realisere tunnelen Svelgen-Indrehus i fylket. Men det er viktig å hugse på den enorme kostandsutviklinga innan samferdsleprosjekt. I 2010, då vi var del av Sogn og Fjordane fylke, var investeringa i tunnelprosjektet berekna til 600 millionar kroner. No er det snakk om 1,5 mrd. kroner. Det er mykje pengar, men det er kostnadsbildet anno 2025, forklarer han.
*– Kan det skje noko politisk i nær framtid? *
– Til våren skal Regional Transportplan (RTP) rullerast og då vil vi prøve å løfte fram Svelgen-Indrehus. Det er eit heilt anna opplegg i Vestland enn i gamlefylket, der ein hadde ei slags prioritert venteliste.
Bengt Solheim-Olsen er styremedlem i 45-minuttsregionen og styreleiar for regionselskapet Kystvegen Ålesund-Bergen.
– Vi jobbar med å få godkjent ei ferjeavløysing over Nordfjord. Eg er overtydd om at ein kystveg med 30 minutts køyretid frå Svelgen både til Måløy og Florø ville gjort underverk for samfunnsutviklinga i området her.
Med dottera Hedda på armen fronta Bjørgulf i 2010 draumen om kystveg og styrking av lokalsamfunnet. No flyttar Hedda (15) frå Svelgen snart.