Kom på besøk med gåve: – Kjekt å få bidra
Plus
Elevrådet ved Sunnhordland folkehøgskule gav overskotet frå årets julekonsert til julegåveaksjonen til Kvinnherad frivilligsentral.
– Vi hadde julekonsert ved skulen førre onsdag, og no har vi kome hit med overskotet, sa Frederik Ingolv Friquin då han kom inn døra til Kvinnherad frivilligsentral sitt lokale måndag ettermiddag.
Med seg hadde han delar av elevrådet ved skulen og ein sjekk på 5.800 kroner til Kvinnherad frivilligsentral sin julegåveaksjon.
– Det er kjekt å få bidra litt. Det er fantastiske elevar som ønskjer å vera med og hjelpa, seier rektor Bente Sjo ved folkehøgskulen.
I frivilligsentralen sitt lokale på Husnes var dei tilsette i full sving med både matgåvekortaksjonen og julegåveaksjonen då elevane kom på besøk.
– Så kjekt at de vil gi gåve! sa Bente Nilsen i frivilligsentralen før kollega Anja Thunold held fram:
– Det er kjempebra. Det er kjekt å sjå at givargleda aukar i takt med behovet. Det er veldig mange som har bidrege med gåver etter å ha plukka med seg eit hjarte frå eit av juletrea, men også folk som dykk som kjem med ei eiga gåve. Vi er veldig takksame.
Gåva frå folkehøgskulen skal gå til julegåveaksjonen, ein aksjon som bidreg til at 160 familiar i Kvinnherad får gåver til sine barn og unge.
– Det er ei veldig god sak, og det er heilt tydeleg at de har klart å skapa engasjement rundt det, slutta Sjo.
Etter at elevrådet hadde vore hos frivilligsentralen sendte ein av elevane oss dette, som ho gjerne ville vi skulle ta med i artikkelen:
«Sjølv har eg hatt ein familie som sleit mykje med økonomien då eg var ung. I fleire år har organisasjoner som dette vore med på å skapa ei julaftan for meg og min familie. I dag kjentest det ekstra fint å endeleg få sjansen til å gi tilbake og vera med på å skapa jul for barn som er i same situasjon som eg ein gong var. Eg er beæra for å få vera med i eit elevråd og gå på ein skule som gir», skriv Anastasiia Telenchuk.