Herold

Å spare på barna er å spare seg til fant

Plus
Kilde: HF Author: Ingvild Vintertun Bleie, Bekymra helsesjukepleiar og småbarnsmor Published: 2025-12-15 23:38:00
Å spare på barna er å spare seg til fant

Eg håpar politikarane våre tek seg tid til å tenkje seg om ein ekstra gong før dei vedtek kutt i oppvekstsektoren.

Ullensvang kommune står, som mange andre kommunar, i ein krevjande økonomisk situasjon. Det er forståeleg at ein må sjå etter innsparingar. Likevel meiner eg vi må tenkje oss grundig om før vi gjer kutt som i realiteten går direkte ut over barn og unge.

Det ligg no føre forslag om å kutte 16 årsverk i oppvekstsektoren. Dette er ikkje berre tal i eit budsjett – det er vaksne hender, trygge relasjonar og tid til å sjå kvart enkelt barn. Som småbarnsmor, og som helsesjukepleiar med fagkompetanse innan førebyggjande arbeid for barn og unge, er eg djupt uroa for konsekvensane slike kutt kan få.

Særleg alvorleg er dette når kommunen samstundes står overfor det som ofte vert omtalt som ei «yngrebølgje». Dette omgrepet viser ikkje berre til fleire barn, men til ei aukande gruppe yngre menneske med store og ofte livslange pleie- og omsorgsbehov. Desse behova er i stor grad lovpålagde, kostnadskrevjande og legg eit stadig større press på kommuneøkonomien, parallelt med den meir kjende eldrebølgja. Nettopp difor er det avgjerande at kommunen lukkast med førebyggjande arbeid tidleg i livet.

Færre tilsette i barnehage, skule og andre oppveksttenester betyr mindre tid til kvart barn. Det betyr færre som kan fange opp dei som strevar, og mindre rom for tidleg innsats. Vi veit at trygge vaksne og stabile relasjonar er avgjerande for barns utvikling, både sosialt, emosjonelt og fagleg. Når bemanninga vert redusert, vert også denne tryggleiken svekka.

Frå eit fagleg perspektiv er dette særleg bekymringsfullt. Førebyggjande arbeid er noko av det mest kostnadseffektive ein kommune kan investere i. Tidleg innsats kan førebyggje psykiske helseutfordringar, utanforskap og behov for meir omfattande og kostbare tiltak seinare i livet – t.d. innan barnevern, helsevesen og NAV. Å kutte i oppvekstsektoren vil gje ei kortsiktig innsparing, men risikoen er stor for at kommunen må betale ein langt høgare pris på sikt.

I tillegg handlar dette om kva slags kommune Ullensvang ønskjer å vera. Gode og trygge tilbod til barn og familiar spelar ei avgjerande rolle når småbarnsfamiliar og unge par i etableringsfasen vurderer kvar dei vil slå seg ned. Dersom vi ønskjer å auke barnetalet og sikre ei berekraftig utvikling i kommunen, må vi prioritere oppvekstvilkåra. Kutt i denne sektoren kan gjera oss mindre attraktive som bustadkommune, med konsekvensar for både folketal og framtidige skatteinntekter.

Eg håpar politikarane våre tek seg tid til å tenkje seg om ein ekstra gong før dei vedtek kutt i oppvekstsektoren. Barn og unge er ei investering i framtida – i menneska som skal leva, arbeida og bidra i Ullensvang i åra som kjem. Spørsmålet vi bør stilla oss er ikkje berre kvar vi kan spare pengar no, men kva slags kommune vi ønskjer å vera om ti, tjue og tretti år. Svaret på det spørsmålet startar med korleis vi vel å ta vare på barna våre i dag.