Klart mest effektivt
Vil styret i Helse Midt-Norge svare, der administrerande direktĂžr og styreleiar tiar?
Medan snĂžballen ruller utfor stupet forsvarer HMN forfordelinga
Les ogsÄ:
Det store trĂžnderÂranet
Konsekvensane av skeivfordelinga
Systemfeil â ikkje tilfeldigheiter
Vil styret i Helse Midt-Norge svare, der administrerande direktĂžr og styreleiar tiar?
Kenneth Langvatn, styreleiar og Sverre Ăvrelid Steen, dagleg leiar
SunnmÞre regionrÄd
Du leser nÄ et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
Helse Midt-Norge er eit instrument for Ä oppnÄ nasjonale helsepolitiske mÄl, og skal fordele tilskot og organisere tenesteytinga slik at ein nÄr desse mÄla i heile regionen. Dette er kjernen i samfunnsoppdraget.
Vi opplever at styreleiaren og administrerande direktĂžr i Helse Midt-Norge fĂžrst og fremst svarer pĂ„ spĂžrsmĂ„l vi ikkje har stilt â medan dei viktigaste punkta i kritikken stĂ„r heilt utan svar.
LENKE: Kva skjer nĂ„r matematikk blir politikk â og helseressursane blir skeivfordelt?
NÄr styret i Helse Midt-Norge mÞtast neste gong, sÄ set vi vÄr lit til at dei drÞfter kjernen i det vi spÞr om: Kva er konsekvensane av at St. Olavs hospital har bygd opp 4,2 milliardar kroner i overskot sidan 2011, medan Helse MÞre og Romsdal har hatt likviditetsproblem i 12 av dei siste 14 Ära?
Vi ser med stort alvor pÄ kva som stÄr pÄ spel: korleis skeivfordelinga i Helse Midt-Norge gir varige og store Þkonomiske forskjellar som igjen pÄverkar beredskap, kvalitet og tilgjenge til helsetenester for innbyggarane i MÞre og Romsdal.
Denne skeivfordelinga gjer at St. Olavs hospital i fĂžrre femĂ„rsperiode kunne auke talet pĂ„ Ă„rsverk med 11,4 % - 944 personar â og samstundes samle opp eit overskot pĂ„ meir enn 1,66 milliardar* *kroner.
I sitt svar gir styreleiar og adm. direktÞr SunnmÞre regionrÄd rett i at dersom Helse Midt-Norge hadde lagt til grunn den nasjonale modellen ville dette isolert sett gitt Helse MÞre og Romsdal ein stÞrre del av dei statlege midlane og ein auke i ramma. Dei har operert med ulike tal tidlegare, men la oss for argumentets skuld ta det siste for gitt: Dette dreier seg kun om 1,4 prosent og 57 millionar kroner per Är.
*I fordelingsmodellar fungerer smÄ avvik som ein snÞball i ein bakke: dei verkar kanskje smÄ nÄr du byrjar, men ruller du den Är etter Är, veks den til noko langt stÞrre nÄr den nÊrmar seg stupet ved enden av bakken. *
Nettopp slik har eit tilsynelatande lite prosenttal bidratt til store utslag over tid â fleire milliardar i opparbeidd eigenkapital i Trondheim og vedvarande likviditetsproblem i MĂžre og Romsdal.
Mekanismen som skaper dei systematiske utslaga heiter kvadrering av brutto driftsutgifter. NĂ„r dei historisk hĂžge kostnadene ved St. Olavs blir opphĂžgde i andre potens, blir den hĂžge kostnadsbasen forstĂžrra â og dermed ogsĂ„ delen St. Olavs hospital fĂ„r av kaka. Akkumulert vert millionbelĂžp til milliardbelĂžp over tid. Denne effekten har styreleiar og adm. direktĂžr i Helse Midt-Norge heilt unnlate Ă„ kommentere i sitt tilsvar.
I staden viser styreleiar og adm. direktÞr til tidlegare underskot ved St. Olav, som om dette eliminerer spÞrsmÄlet om dagens systematiske utslag. Dette underbygger ogsÄ vÄr frykt for at Helse Midt-Norge har ein sÊrskild omsorg for storebror i regionen. No er det derimot ulvungen i flokken som treng hjelp.
DÄ reagerer vi sterkt over at ytringane frÄ styreleiar og adm. direktÞr kan lesast som eit angrep pÄ eit helsefÞretak dei sjÞlve har ansvar for. Realiteten er at dei veletablerte sjukehusa i Helse MÞre og Romsdal er, og har vore, dei klart mest effektivt drivne sjukehusa i helseregionen. I den grad ein skal samanlikne helsefÞretak vil vi sterkt rÄ Helse Midt-Norge til Ä samanlikne vÄre helsefÞretak med dei nordafor, som har liknande demografiske og geografiske utfordringar som fylket vÄrt.
HĂžg produktivitet kombinert med negativ likviditet er eit signal om underfinansiering, ikkje ineffektiv drift.
57 millionar over 14 Ă„r blir 800 millionar kroner â utan renter. Og dĂ„ har vi ikkje eingong gĂ„tt inn i kor gale det var fĂžr modellen blei revidert i 2021.
SunnmÞre regionrÄd, helsefÞretaket vÄrt og innbyggarane i MÞre og Romsdal treng rettferdige beslutninger av styret - ikkje avsporingar.
Vil du skrive i PÄ trÄden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt â Rbnetts meningsportal