Herold

Kven har skjønt kva når det gjeld vertskommunesamarbeid i NAV Sogn

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Silje Berge og Bjørg Svinø, på vegner av alle tilsette i NAV Årdal Published: 2025-12-15 19:46:53
Kven har skjønt kva når det gjeld vertskommunesamarbeid i NAV Sogn

Arbeidet med vertskommunesamarbeida i Sogn har skapa mykje uro og engasjement. Særleg gjeld dette samarbeida om NAV og barnevern.

Arbeidet med utgreiinga av eit mogleg vertskommunesamarbeid i NAV starta allereie i 2023, og prosjektarbeidet med den endelege utgreiingsrapporten starta i desember 2024. Det er difor liten grunn til å tru at politikarane i Sogn ikkje har den kunnskapen dei treng for å kunne fatte ei avgjerd.

Årdal har vore engasjerte i utgreiingsarbeidet heile vegen, med deltaking i både prosjektgruppe, styringsgruppe og med uttalar, både frå kommunalt tilsette og statleg tilsette. Me har jobbe i linja og lytta til moglegheiter og utfordringar. Årdal uttrykte tidleg at me ville vere ein kandidat når vertskommune skulle veljast, så det kan knappast kome som ei overrasking på nokon at Årdal var eit alternativ.

Årdal, saman med dei andre NAV kontora i regionen, har vore deltakande i det regionale samarbeidet og med å utvikle dei regionale teama som me har i dag- på lik linje med dei tilsette ved kontoret i Sogndal.

Nav Vestland har heile vegen sagt at det er opp til kommunane å bestemme vertskommune, og at dei ikkje vil kome med ei tilråding. Dette til trass for at prosjektgruppa som arbeidde med prosjektrapporten utfordra dei på dette. Det vart tydeleg sagt då prosjektrapporten vart lagt fram for prosjektgruppa og leiargruppa, at det ikkje var sjølvsagt at det var Sogndal som vart vertskommune.

Mykje av reaksjonane som er kome etter val av vertskommune kan tyde på at dette ikkje er oppfatta av alle tilsette i NAV.

Når tilsette i Sogndal uttaler seg på sosiale media om at tilsette i Sogndal er med i eit politisk spel, så lurer vi på kvifor dei meiner det berre er dei som er med i dette spelet? Då har i alle fall me andre vore med i eit spel og.

Dei tilsette i Sogndal spør etter ei fagleg vurdering om val av Årdal som vertskommune. Kvifor er det ingen som spør etter ei fagleg vurdering for kvifor Sogndal skal vere vertskommune?

Når ein skal gå saman som region for å lage noko nytt, er det ikkje sikkert at det er det gamle og etablerte som skal oppretthaldast. I presentasjonen av rapporten som er utarbeida av KS konsulent i samband med utgreiinga av barnevern vart det sagt at det er når ein lagar noko nytt ein lukkast best når ein slår saman tenester. Då gjeld vel det dei andre vertskommunesamarbeida og.

Årdal har over år vore ei stabil teneste, der tilsette har lang og brei erfaring. Alle dei tilsette, både statlege og kommunale (for det er statlege tilsette i alle kontor, ikkje berre i Sogndal) har minimum bachelorgrad, fleire med ulike vidareutdanningar og nokre med mastergrad.

90 prosent av oss som er kommunalt tilsette har sosialfagleg utdanning i botn. Me har lite «turnover», lite sjukefråvær og eit godt arbeidsmiljø. Me har tilsette som deltek i alle dei regionale teama og driftar ei interkommunal stilling for Årdal og Lærdal. Me er vande med å reise rundt i dei andre kontora og ser fram til å drive meir med det.

Leiar av NAV Årdal driftar i dag sosialfagleg nettverk i regionen og kommuneleiinga har kompetanse frå tidlegare etablering av NAV kontor og lang erfaring frå arbeid i NAV.

Me høyrer at tilsette i Vik er bekymra for fysisk fjernleiing viss Årdal blir vertskommune. Ein fysisk avstand til leiar vil det uansett bli for kommunane ved ein desentralisert modell. Leiarane kan ikkje vere dagleg til stades på alle kontor i ein slik modell, det er naturleg.

Fjernleiing er noko me er vande med i NAV- me har i dag ein regionleiar som er stasjonert 100 prosent på Leikanger, og dei regionale teama har teamleiarar på Leikanger og i Vik. Brukarane i NAV blir følgt opp av tilsette som ikkje nødvendigvis er tilsett i den kommunen dei bur i. Mange har sakshandsamarar heilt andre stadar i landet.

Når Nav meiner det er akseptert å følgje opp brukarane digitalt, så burde me som tilsette tole det og.

Både Årdal og andre kommunar i regionen vil ved vertskommunesamarbeid få overført tilsette til andre kommunar. For eksempel får Sogndal kommune overført 10 stillingar frå Årdal, Aurland og Lærdal dersom vertskommunemodellen for barnevern blir vedteke.

Sogndal kommune er stor og i vekst. Dei har per i dag over 40 ledige stillingar utlyst, medan i nabokommunane er det annleis. Det vert i nokre uttalar lagt vekt på akkurat dette som eit argument for at Sogndal bør vere vertskommune. Vi tenkjer heilt motsett.

Nabokommunane treng desse arbeidsplassane like mykje som Sogndal. Dersom kommunane i Sogn skal få tilflyttarar og vekst, må det også vere att arbeidsplassar i bygdene rundt Sogndal.

Endring er krevjande. Eit vertskommunesamarbeid vil påverke alle tilsette i regionen, ikkje berre i Sogndal. Ingen av dei kommunale Nav-leiarane anar kva som skal skje med deira stilling ved eit vertskommunearbeid og dei tilsette vil gå gjennom ei omorganisering. Det skjer uavhengig av kven som blir valt som vertskommune.

Eit vertskommunesamarbeid handlar om å hjelpe kvarandre på tvers av kommunegrenser og gjere kvarandre mindre sårbare for å sikre ei best mogleg teneste til brukarane i NAV. Me tilsette er på jobb for brukarane og innbyggjarane våre, og strekkjer oss langt for å imøtekome deira behov.

Detaljane i ei organisering har alltid vore planlagt å greie ut i tida som kjem. Det er difor unødvendig å skape uro kring dette, før det er fakta.

Region Sogn har mange flinke og dyktige tilsette i Nav, og me samarbeider godt på tvers av kommunegrensene. Lat ikkje eit framtidig samarbeid bli sett i fare ved å kjempe for eigne stillingar gjennom å angripe andre gjennom media. Me er her og me ser kva de skriv. Me er ikkje brikker i eit politisk spel, me er kollegaene dykk som kvar dag går på jobb for å gjere ein så god jobb som mogleg og som skal arbeide saman med dykk no og i framtida, uansett om arbeidet blir organisert gjennom ein vertskommune eller ikkje.