Herold

Budsjett 2026: Skal Kinn måle seg mot kommunar som på papiret har dårlegare kvalitet?

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Vegard Mathisen-Yndestad, Lokallagsleiar Utdanningsforbundet Kinn, Kinn Published: 2025-12-15 18:01:00
Budsjett 2026: Skal Kinn måle seg mot kommunar som på papiret har dårlegare kvalitet?

Ekstra midlar til auka bemanning i barnehage

Grunnskule – Demografi og budsjett

Leiarressurs i barnehage: Utdanningsforbundet Kinn vurderer det som positivt at forslaget i AK03 om å redusere administrativ og leiarressurs i barnehagane er reversert i budsjettframlegget frå AP, H, SV, KrF og Sp.

*Gode barnehagetenester *føreset kompetente leiarar med tilstrekkeleg tid til både administrasjon, fagleg utviklingsarbeid og tett oppfølging av dei tilsette. Det administrative omfanget i barnehagesektoren har auka betydeleg, og leiarane står i ein krevjande situasjon med pågåande omstilling og nedbemanning i kommunen. Vidare reduksjon i leiarressurs vil forsterke presset og gjere kvardagen meir krevjande for dei som skal stå i front i møte med urealistiske budsjettrammer og krevjande personalmessige vurderingar. Dette vil etter vårt syn kunne svekke både kvaliteten og stabiliteten i tenesta.

*Ressurs til minoritetsspråklege barn: *Det er positivt at ressursen til minoritetsspråklege barn blir vidareført. Denne ressursen er etter vårt syn avgjerande for at barn med anna språkbakgrunn får ein trygg start og gode vilkår for integrering i barnehagen. Å fjerne ordninga ville bety å fjerne eit sentralt og målretta integreringstiltak.

*Ressurs til barn med særskilde behov: *Utdanningsforbundet Kinn støttar at ressursen til barn med særskilde behov ikkje blir redusert. Denne ressursen er avgjerande både for å sikre tryggleik for barna og for å gi eit kvalitativt godt og tilrettelagt opplæringstilbod. Å kutte denne ressursen ville svekka dei mest sårbare barna sitt tilbod, og risikoen for at dei ikkje får den nødvendige støtta er svært høg.

*I statsbudsjettet for 2026 *er det vidareført 800 millionar kroner til toppa bemanning i barnehagane. For Kinn kommune utgjer dette i overkant av 2,6 millionar kroner i midlar til bemanning i barnehage. Utdanningsforbundet Kinn forventar at midlane blir nytta i tråd med føresetnadene – nemleg til å styrke bemanninga i barnehagen. Etter vårt syn bør midlane nyttast til å auke pedagogtettleiken ytterlegare, noko som vil vere i samsvar med dei langsiktige politiske signala nasjonalt.

*Desse midlane *skal ikkje nyttast til å reversere tiltak i Agenda Kaupang-prosessen, men vere eit reelt tilskot som styrkjer den pedagogiske bemanninga og dermed kvaliteten i barnehagane.

Dersom kommunen vel å ikkje bruke midlane på auka bemanning, vil det vere i strid med forventninga frå regjeringa og styringspartia. I ei tid der bemanning blir løfta fram som ein avgjerande faktor for kvalitet, tryggleik og opplæring, vil ein annan bruk vere å gå i utakt med dei politiske signala i Norge.

*Auka pedagogdekning *vil bidra til lågare arbeidspress, mindre slitasje og potensielt redusert sjukefråvær – noko kommunen sjølv har dokumentert som ei utfordring. Kvaliteten i barnehagane vil styrkast tilsvarande.

Det har i debatten vore vist til at Kinn har høgare pedagogdekning enn samanliknbare kommunar. Samstundes har fleire av samanlikningskommunane ei pedagogdekning som ikkje oppfyller lovkrava, og ein vesentleg større del som er tilsett på dispensasjon. Nokre av desse kommunane har under 40 prosent barnehagelærarar, og fleire oppfyller pedagognorma berre i om lag halvparten av barnehagane. Kinn kommune oppfyller norma i 92 prosent av barnehagane.

Spørsmålet er difor: Er det desse kommunane Kinn skal måle seg mot? Skal vi samanlikne oss nedover – med kommunar som på papiret har dårlegare kvalitet?

*Midlane ligg klar *til bruk for å styrke bemanninga i barnehagen. Desse midlane som kjem over kommuneramma skal ikkje nyttast til å reversere Agenda Kaupang tiltak, som i budsjettvedtaket i fjor. Dei skal nyttast til toppa bemanning i barnehagen.

Det vart og øyremerka 800 millionar kroner i statsbudsjettet til toppa bemanning i barnehage. Etter det vi kjenner til er det dette midlar som kommunane kan få gjennom ei søknadsordning for toppa bemanning i barnehagen. Det er derfor å forvente at Kinn kommune søkjer på desse midlane når søknadsordninga

I budsjettframlegget frå Kinn kommune og fleire parti ligg det inne betydelege nedtrekk i grunnskulebudsjettet som følge av demografi. Utdanningsforbundet Kinn anerkjenner at elevtalet går noko ned, og vi er kjende med at kommunen har noko høgare kostnad per elev samanlikna med snittet.

Det som likevel har vore underkommunisert, er at grunnskulesektoren i Kinn driv effektivt sett opp mot den skulestrukturen kommunen har valt å oppretthalde. Budsjettpresset i grunnskulen er allereie svært stramt, og ytterlegare kutt vil svekke kvaliteten i opplæringa. Dette vil slå direkte inn i klasserommet og gå ut over elevane sitt læringsutbytte.

*Kutt i grunnskulen *kan gi kortsiktige økonomiske gevinstar, men barna – særleg dei som treng mest støtte – vil betale prisen. Ei svekka grunnskuleopplæring rustar ikkje kommunen for framtida. Til dømes kan manglande tidleg innsats føre til auka kostnader på sikt, inkludert større behov for spesialundervisning eller andre hjelpetiltak.

Vi ser at skulane i dag har lite handlingsrom og må strekke kapasiteten langt for å gi eit forsvarleg tilbod. Ytterlegare reduksjonar vil skape eit nivå der kvaliteten ikkje kan oppretthaldast.

Utdanningsforbundet: – No er det stramt for skulane