Herold

Fekk 100.000: – Fy søren kor kjekt

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Sigrid Nese Thue Published: 2025-12-15 16:00:16
Fekk 100.000: – Fy søren kor kjekt

28 år gamle Martin Haukedal har trakka sine barnesko i Sogn, og lærte sine første akkordar her. No har han eit ønske om at musikken skal ta han ut i verda.

Lengtar tilbake

Vore på turné i Sogn

– Skal eg få Furorestipendet? Så fantastisk då. Det hadde eg faktisk ikkje trudd, men så kjekt.

Martin får Furorestipendet på 100 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane på Tøyen i Oslo, men han er tydeleg på at tida på Kaupanger og i Sogndal skapte interessa han har for musikk.

– Som unggut såg eg bandet Jonas Brothers spela på TV. Eg hugsar eg fekk veldig lyst til å spela gitar, og etter at eg fekk mellom andre Inge Ronny Kvåle som lærar på musikkskulen i Sogndal, var eg hekta. Så eg har iallfall han å takka for at eg framleis set pris på gitarspelinga.

Furorestipend

Martin budde på Kaupanger til han var 16 år.

– Då flytta foreldra mine til Sunnhordland for å utøva prestegjerning, og eg tok vidaregåande skule i Bergen. Sjølv om vegen min har gått austover for både å ta utdanning og no å jobba, så kjenner eg stadig vekk ein lengt tilbake til Vestlandet. Noko av musikken min kallar eg faktisk for vestlandsk melankoli, fortel han.

Han har gått på musikkhøgskulen i Oslo og no kombinerer Martin musikklidenskapen med å vera musikklærar i skulen.

– Det kjekkaste er heilt klart å spela for folk. Ikkje minst elskar eg å improvisera og tolka stemningar.

Martin har også spelt i forskjellige band, og har turnert ein del i Norge. Også i sogneregionen.

– Det er vel først og fremst bandet Mort Benny som har vore mest aktivt. Men så lenge eg elskar å improvisera på gitaren, så har eg eit sterkt ønske om å spela med mange forskjellige musikarar. Det berre utviklar meg som gitarist, seier han.

Grunngjevinga

Vart overraska på heimebane

Gjest hadde ikkje tenkt tanken på at han også skulle få stipendet: – Eg fekk sjokk

– Eg trur ikkje eg har vore så overraska før