Herold

Bordgleder og reglar om statsstøtte

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Styret i Bordgleder KF; Jacob Nødseth, Petter Refsnes, Lone Bareksten, Madelen Hopen, Tore Skarstein Published: 2025-12-15 15:06:33
Bordgleder og reglar om statsstøtte

*Kontrollutvalet er oppteken *av at Bordgleder KF skal drive på ein riktig måte kva gjeld statsstøtteregelverket. Det er styret og administrasjonen i Bordgleder KF også.

*For å vere sikker på *at dette vert gjort rett bad styret dagleg leiar i 2021, som noko av det første han gjorde, om å sørge for at rekneskapen blir ført slik kommunen si rekneskapsavdeling meiner er rett kva gjeld splittinga mellom reint kommunal og ekstern omsetning.

Denne tilrådde praksisen har føretaket etterlevd, og ved seinare høve har det vorte stadfesta at dette er gjort slik føretaket er beden om.

Bordgleder har så lenge føretaket har eksistert hatt eit mandat som i dagens vedtekter er formulert slik: «Målgruppa for føretakets verksemd er kommunale verksemder, heimebuande privatpersonar og private føretak og organisasjonar. Føretaket kan tilby tenester til private selskap for å utnytte kapasiteten til kjøkkenet.»

Det kostar å servere god lokalprodusert mat av høg kvalitet. For å ta ned kostnaden er føremålet med å ha kjøkkenet som eit KF nettopp å utnytte restkapasiteten og med det gjere rekninga mindre for kommunen.

Deloitte har i haust rekna ut at med frådrag for kostnader knytt til å drive Bordgleder som KF, versus som ei avdeling under kommunedirektøren, så gjer dagens eksterne sal matrekninga 1,8 millionar kroner billegare for kommune. Det handlar om å forløyse stordriftsfordelar og effektiv drift. Potensialet er stort framover til å hente ut ytterlegare effektar.

Kontrollutvalet er oppteken av separat rekneskapsføring for konkurranseutsett verksemd i føretaket, korrekt og etterprøvbar fordeling av kostnadar mellom kommunal tenesteproduksjon og konkurranseutsett aktivitet mv. Det er styret og administrasjon i Bordgleder også.

Saman med kommunedirektøren har vi i haust fått Deloitte til å gje råd om korleis vi kan kvalitetssikre at vi både held rekninga nede for kommunen, leverer mat av høg kvalitet, og driv innanfor dei nemnte reglar for statstøtte og rekneskap. Tilbakemeldinga fekk vi i november og med dette utgangspunktet skal vi halde fram som før, men med presiserte rutinar for å vere heilt sikker på at dette vert gjort rett.

Dagleg leiar har knytt til seg rekneskapskompetanse frå eit eksternt firma for å sikre oppdatert kompetanse i denne oppgåva. Vi har løpande dialog med kommunedirektøren om temaet, og vi opplever at vi er samstemte om vegen vidare.

Det vi treng framover er ikkje fleire rapportar om ting vi allereie veit, men arbeidsro og moglegheita til å utnytte kapasiteten i kjøkkenet for å gjere matrekninga til kommunen mindre – i ei tid der kommunen sin økonomi er under press.

Kontrollutvalget og Bordgleder

Ber om ekstrapengar til å granske Bordgleder