Herold

Turnhall i Sogndal allereie i 2026

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Ina K Wilhelmsen, på vegner av styret i Sogndal turnforeining Published: 2025-12-15 14:38:48
Turnhall i Sogndal allereie i 2026

For litt sidan fekk Sogn Avis-lesarane vite at turngruppa i SIL har organisert seg under ei ny og sjølvstendig fane.

Sogndal Turnforening (STF) vil ha 360 medlemmer, 70 på venteliste, og kvart år forsøker foreldre å melde nyfødde barn inn foreininga for å sikre dei ein framtidig plass. Medlemsmassen spenner over heile Indre Sogn, frå Balestrand, Fjærland og Luster. STF skil seg dermed frå SIL ved å ha eit regionalt nedslagsfelt.

Ein annan bakgrunn for utmeldinga gjeld hallfasilitetar. Behovet for ein basis- eller turnhall har vore ei heit potet i den offentlege debatten i Sogndal siste åra. Poteta ligg no på Campus, der kommunestyret i Sogndal løyvde 2 millionar til ein foreløpig utgreiing i haust.

Det manglar ikkje kritiske vurderingar her. Desse rettar seg hovudsakleg mot høge utbyggingskostnader, langvarige finansielle leigeforpliktelsar for kommunen, auka medlemsavgift for allereie pressa småbarnsfamiliar, og dessutan avgrensa kapasitet i forhold til idretten sin medlemsmasse og trafikale høve i det sentrale Sogndal.

Ved siste juleavslutning for turngruppa var det rundt 500 personar til stades i treningshallen på Vesterland. Skal det arrangerast større regionale eller nasjonale turnarrangement vil krava til kapasitet, trafikk og parkering overgå det som er mogleg i det sentrale Sogndal. Og om STF skal kunne hente inn alle på venteliste vil behova auke betydeleg på dagleg basis.

På bakgrunn av dette har sterke og breie dugnadskrefter rundt den nye foreininga jobba fram ein plan for å kjøpe ut hallen på Vesterland. Den nye hallen vil imøtekome dei største hall-krava for spelemidlar og vil kunne ta i mot eit større tal besøkjande. Den vil også romme turnutstyr, aktivitetshall med motorikkutstyr og «foam-pits».

Dette vil kunne kome fleire til gode, til dømes freeski, langrenn, alpint, kampsport, dans og sportsdrill. Dette betyr kort fortalt at Sogndal vil få dei lenge etterlengta hallfasilitetane, og meir til, allereie i 2026. Per medlem vil realiseringskostnaden truleg vere ned mot 20-30% av nykonstruerte alternativ.

For kommunen vil kostnaden og risiko vere svært avgrensa. Arealet på Campus kan dermed brukast på andre og meir høvelege måtar som gir ytterlegare meirverdi til samfunnet.

I retrospekt ser vi at utgreiingsmidlane frå kommunen ville sementert realisering av den nye hallen på Vesterland. På komande kommunestyremøte 18. desember vert ei prioriteringsliste for spelemiddelsøknaden vedteken. Her er det mange gode tiltak.

Dei involvert i STF ønsker med dette å be alle dei politiske partia vise sin støtte og prioritere den nye turnhallen i Sogndal.

Med denne vil:

1) Heile Sogn få eit større, betre og meir tilgjengeleg tilbod,

2) til ein brøkdel av kostnaden for Sogndal kommune,

3) som kan gje eit naturleg punktum for den langvarige diskusjonen i Sogndal.

På vegner av alle som står på venteliste, og alle som alt brukar tilbodet, håpar vi kommunestyret grip denne sjansen.